Ali (17) om Mustafa Hasan-saka: «Dette er ikkje det Noreg eg kjenner»

Ali Choudri (17)
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Realiteten er at barn og unge som ikkje har lovleg opphald i Noreg vert sende ut av landet. Dette skjer sjølv om dei har vore her mesteparten av livet sitt. Dei er med oss sidan barndommen, og når dei fyller 18 år er plutseleg tida deira ute.

Det er som å vere i eit brettspel og du er brikka. Tapar du, snakkast.

«Amir» er ein asylsøkjar

I fjor sommar spelte eg rolla som «Amir» i ei rekkje informasjonsvidoar laga i regi av UNE (Utlendingsnemnda), UDI (Utdlendingsdirektoratet) og Politiet. Filmane går ut på korleis Noreg sender ut unge barn. 

Vi drog til Trandum utlendingsinternat for å spele inn ei scene som verkeleg var traumatiserande. Det er eit fengsel. Wikipedia seier det ikkje er det. Eg var berre ein skodespelar, ei oppdikta rolle, men likevel gav dette prosjektet meg eit innblikk i korleis kvardagen til utruleg mange asylbarn er.

Det inspirerte meg til å ta kontakt med Mustafa Hasan. Eg følte at Mustafa var den ekte «Amir», og eg ville hjelpe med det han kjempa for. 

Sjå informasjonsvideoane Ali Choudri har spelt inn i regi av UDI, UNE og
Politiet om asylbarn:

Kvar er det du eigentleg kjem frå?

Det vi nordmenn gjer når vi møter ein sokalla «utlending» er at vi har ein tendens til å spørje «kvar er det du eigentleg kjem frå?». Det gjer vi sjølv om vi veit at vedkomande er fødd i Noreg. 

Burde vi ikkje gjere det same med mora til Mustafa og spørje ho «kvar kjem du frå?», eller rettare sagt «kvar er det du eigentleg kjem frå?». 

Mor til Mustafa er fødd og oppvaksen i Palestina. Ifølgje norske styresmakter har ho «loge» om kvar ho eigentleg kjem frå sidan ho hadde jordansk statsborgarskap, då dei flytta til Noreg. Det var nok til å sende ho ut av landet i 2014, saman med tre brør og ei veslesyster. Alt basert på «uriktige opplysningar». 

Kven er Mustafa Hasan?

Han svarar med namn, alder, kor han er frå og kva han likar å drive med på fritida. Nesten som eit jobbintervju. Einaste som mangla var arbeidserfaring. Han er definitivt norsk. Eg avbraut han og ville at vi skulle snakke ope om alt.

Han har budd her sidan han var 6 år gammal. Han vart aldri spurt om å reise til Noreg. 

Når du er 6 år, og bur i Jordan, så tvilar eg på at du veit kvar Noreg er. Guten er frå Asker. Han likar å ete vårrullar, dei som tek kring eit kvarter å lage. Han likar jenter. Han lever eigentleg eit heilt vanleg liv.

Det som har skjedd med Mustafa den siste perioden er ingenting samanlikna med det han har opplevd i løpet av livet. Dei siste 13 åra har politiet vore heime hjå han 8 gongar, han har mista mange familiemedlemmar, hatt brør i fengsel og mor i fotlenkje. Dette skjer i Noreg.

Dette skjer i Noreg.

Vi har snakka om oppvekst, og han fortalde at han ikkje hadde mange vennar som liten. Han hadde sosiale vanskar og i staden for å skilje seg ut, valde han å verte som dei rundt seg for å verte akseptert. Han kjempa med å finne sin plass på lik linje som alle andre «norske» ungdommar. 

Det gjekk fort opp for meg. Mustafa Hasan er eit tilskot i norsk næringsliv. Ikkje minst i norsk musikkliv. Han går på skulen og har ei fantastisk framtid i Noreg.

«Om Mustafa ikkje er norsk, kva faen er eg då?»

Vi snakkar om kva det inneber å vere norsk. Mustafa seier det kjem an på kven ein spør. Svaret du får er kva dei du spør legg i det å vere norsk. Han meiner ordet integrert vert brukt feil. Det handlar eigentleg om å tilpasse seg dei ein er med.

Eg føler meg integrert. Eg er som ein kameleon. Ei fluge på veggen. Men eg fell også for konsensuspresset som pregar Noreg – «Kvifor skal eg bry meg om han? Han vert send ut snart uansett. Det er ingenting eg kan gjere». Vi er kyniske som slukar den informasjonen som rå fisk. 

Gruppepresset innanfor norske medium har vore sterk på saka, men no ser det ut til å gradvis forsvinne, sidan Mustafa nok ein gong har fått utsetjing. Vi oppheld oss i ei draumeverd med ønsketenking om korleis Noreg «burde vore» i staden for å sjå Noreg frå eit realistisk perspektiv, og så finne ei løysing.

Folk har ikkje forstått at asylpolitikken for lengst har gått ut på dato. 

Mitt lille land

I kva land kan du ende i fengsel for å søkje jobb utan arbeidsløyse? Noreg. Samstundes gøymer UNE seg bak regelverket til dei folkevalde lovgjevarane på Stortinget. Der foreldre gjev uriktige opplysningar går det utover barna også.

Det er 124 barn som er utsette, og 31 av dei har vore i Noreg meir enn 5 år.

Kvifor har vi eit regelverk som ikkje tek individuelle og menneskelege omsyn? Berre «individuell vurdering». 

Det norske folket er klare for ei endring.

Mustafa er eit døme på at systemet med mellombels opphaldsløyve ikkje fungerer. Etter å ha motteke 100 000 underskrifter viser det at det norske folket er klare for ei endring. Vi er heldige no som har eit talerør som gjer det mogeleg for han å forsvare seg sjølv.

Men kva skjer med dei 31 andre som det aldri vert snakka noko om? Desse barna har ikkje i nærleiken av dei rettane alle andre har. Dei får ikkje gyldig legitimasjon. Dei får ikkje jobbe. Dei får ikkje førarkort. Dei får ikkje eit liv.

Dette er ikkje det Noreg eg kjenner, vi kan gjere så mykje meir.


Frå venstre: Salman og Rahman Chaudhry er to vanlege typar oppvaksen på Furuset i Oslo, men kva om dei vart fødd i Lahore? Foto: Privat