«Kva hadde skjedd om vi hadde vore i Mustafas situasjon?»

Rahman Chaudhry, Salman Chaudhry
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Innlegget var først publisert på Facebook og er omgitt og gjengjeve med samtykke frå forfattarane. Rahman Akhtar Chaudhry har hatt sommarjobb i Framtida.no.

Ein frustrasjon over innvandringsregulerande omsyn frå Salman og meg.

Mamma og pappa møtte kvarandre i Oslo. Og så blei vi fødde, høvesvis i 1997 og 2002.

Dei som kjenner oss kan nok skrive under på at vi er to ganske vanlege typar. Salman går på Nordahl Grieg videregående, og Rahman studerer på UiB.

Basket, skating og politikk

Vi vaks opp i eit hus på nedre Furuset i Groruddalen. Rahman spelte i korps og byrja på fotball då United vant Champions League i 2008. Men han var ganske rævva som keeper, så det blei ein kortlevd fotballkarriere.

Salman dreiv mest med basket og skating. Etter kvart blei han aktiv i Sosialistisk Ungdom. No driv han ikkje med så mykje anna enn det. Familien prøver å minne han på at han framleis går på vidaregåande og kanskje burde jobbe meir med skule enn med den sosialistiske revolusjonen.

Vi har ein del til felles, vi høyrer mest på hiphop og brukar mykje av feriane våre på å sitte i sofaen og diskutere korleis vi skal redde verda. To ganske vanlege, om enn ikkje over gjennomsnittet politisk opptatte typar.

Fødestad: Lahore

Hadde vi blitt fødde eit par år tidlegare er det ikkje sikkert Rahman hadde blitt fødd på Aker sjukehus, og Salman på Ullevål. Då kunne vi begge ha vore fødde på eit sjukehus i Lahore. Og mamma og pappa hadde innvandra til Noreg med oss i bagasjen. Vi kjenner foreldra våre ganske godt, og er ganske sikre på at dei ikkje hadde hadde loge til myndigheitene om kor dei kom frå, og kvifor dei søkte opphald.

Men kva om dei hadde gjort det?

Hadde Rahman då ikkje spelt i korps og fått heile laget sitt slått ut av Norway Cup fordi han var ein keeper med ballskrekk?

Hadde Salman ikkje møtt gutta ved basketkorga i skulegarden på Furuset skole kvar einaste dag?

Hadde vi ikkje framleis vore to heilt vanlege barn?

Hadde vi ikkje framleis vore to heilt vanlege barn? Hadde ikkje norsk vore språket vårt? Hadde ikkje Noreg vore det einaste vi hadde kjent til så lenge vi kunne hugse? Hadde ikkje Lahore vore ein fjern realitet vi ikkje kjente til?

Om vi fekk beskjed om at omsynet til vårt beste ikkje var verd noko på grunn av innvandringsregulerande omsyn, og at vi måtte forlate heimen vår, hadde det gitt meining?

Arvesynda

Utlendingsnemnda si avgjerd om å ta opphaldsløyve frå Mustafa Hasan burde opprøra av fleire grunnar.

Ei av dei er at avgjerda tek frå ein helt vanleg type som har alt i Noreg moglegheita til å fortsette å leve eit heilt normalt liv.

Når nemnda vel å vektleggje innvandringsregulerande omsyn framfor omsynet til barnets beste, seier nemnda at Mustafa si tilhøyrsle til lokalmiljøet sitt, og til det norske samfunnet, betyr mindre enn at mora hans laug til myndigheitene då Mustafa var eit barn på armen hennar.

Arvesynda kan ikkje vere det berande prinsippet

Arvesynda trumfar mennesket som ikkje har gjort noko gale. Fyren som følgde mora si, barnet som berre heldt seg til det livet kasta på han, og som vaks opp i eit land han skulle ønskje var hans eige.

Arvesynda kan ikkje vere det berande prinsippet når spørsmålet er om barn med tilknyting til riket skal få lov til å bli i riket. Det strir mot anstendigheita. Det er rett og slett gale.

UNE har gjort ei konkret vurdering av Mustafas tilfelle. Korleis kan det ha seg at hans historie, og hans tilknyting til Noreg, etter ei konkret vurdering ikkje skal vere avgjerande, fordi ein annen person braut lova?

Eit uanstendig prinsipp

Vi har brukt mykje tid på å tenke på kva som hadde skjedd om vi hadde vore i Mustafas situasjon. Kva hadde skjedd om vi blei ofre for våre foreldre sine synder?

Då hadde vi gjort akkurat det vi gjorde til vi var atten år gamle. Men Rahman hadde aldri kunna byrja å studera. Og omtrent no hadde Salman blitt sendt «heim» til eit framand land. Du som kjenner oss, får du følelsen av at det hadde vore riktig? Burde innvandringsregulerande omsyn vegd tyngre enn liva våre?

Eit siste sukk frå oss: eitt av argumenta for å kaste Mustafa Hasan ut av landet er at alle er like for lova.

Det er det ingen som er ueinige i. Men UNE sin praksis, der omsynet til barnets beste ikkje vert prioritert i møte med arvesynd og innvandringsregulerande omsyn, er ikkje ei naturlov. Det er ikkje sånn at ting berre er sånn fordi dei er sånn.

Det er fullt mogleg å endra praksisen, og den må endrast.

Vi kan ikkje styre innvandringspolitikken vår etter eit uanstendig prinsipp, som ikkje vektlegg enkeltmennesket i møte med ein skjebne han ikkje har vald sjølv.

Mustafa Hasan må få bli, fordi det ville vore gale å sende han heim. Han er ein heilt normal type som lever eit heilt normalt liv.

Helsing to heilt normale typar.


Les også: «Saka om Mustafa Hasan viser at noko er alvorleg gale med asylsystemet vårt»

F.v.: Leiar i Press – Redd Barna Ungdom, Lea Mariero og Mustafa Hasan (18). Foto: Press/ Terje Bendiksby / NTB