«Saka om Mustafa Hasan viser at noko er alvorleg gale med asylsystemet vårt»

Lea Mariero
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Mustafa Hasan har budd i Noreg sidan han var 6 år gamal. No blir han sendt ut av landet på kort varsel. Denne saka viser kva som er fundamentalt galt med det norske asylsystemet. Behandlinga han har fått er også eit direkte brot på barns rettar.

Unge Høgre skreiv det så fint: «Det er ingen tvil om at måten Hasan har blitt behandlet på er dypt urettferdig, men diskusjonen bør ikke stoppe der». For dette gjeld ikkje berre Hasan.

Mustafa Hasan har blitt ansiktet på ein djupt urettferdig og direkte diskriminerande praksis som Noreg har ført i ei årrekke. Ein asyl- og flyktningpolitikk som set innvandringsregulerande omsyn høgare enn noko anna. Også framfor barnets beste.

Svært mange aspekt av UNE si behandling av saka er urettferdig. Mellom anna har det blitt argumentert for at han no er over 18 år, og skal behandlast som vaksen. Dette er galt. Klagen vart sendt berre nokre veker etter han var fylt 17 år, altså då han framleis var eit barn. Saka går fleire år tilbake.

La oss ikkje tru at dette berre er ein feil. Dette er medviten politikk som har blitt ført over lengre tid, der det ikkje lengre er rettar som er i fokus. Våre folkevalde må ta ansvar og kreve endring.

Direkte i strid med fleire artiklar i FNs barnekonvensjon

Mustafa har ikkje gjort noko gale. Han blir ikkje sendt ut av landet på grunn av noko han har gjort. Han er ansiktet til ein politikk som er så diskriminerande og urettferdig at dei fleste som les om det kjenner det langt inn i hjarta. Han er ansiktet til ein politikk der vi som samfunn ikkje berre mistenkeliggjer barn, men straffar barn. Der vårt norske asylsystem aktivt har jobba for at nettopp han, og alle som er i hans situasjon, skal sendast ut.

Noreg var tidleg ute med å ratifisere barnekonvensjonen, og gjorde den i 2003 til og med til ein del av norsk lov. Norske styresmakter ser ut til å gløyme dette i behandlinga av asylsøknadar. Det at ein kan vekse opp i landet i heile 12 år, og så bli tvungen ut av landet rett etter ein er 18 år, er eit tydeleg døme på dette og også direkte i strid med fleire artiklar i FNs barnekonvensjon.

Noregs asyl- og flyktningpolitikk har ei rekke gonger blitt sterkt kritisert av FN. Spesielt har kritikken retta seg mot midlertidig opphaldsløyve, ein praksis der barn får opphald fram til dei fyller 18 år. Dette er ein så diskriminerande praksis ovanfor barn, som resulterer i ein svært usikker livssituasjon og ei usikker framtid.

For berre nokre få år tilbake hadde ein store problem med at barn forsvann frå norske asylmottak når ein fekk midlertidig opphaldsløyve. Dei ville heller leve på gata utan rettar enn å bli sendt tilbake til heimlandet. Når dette er dilemmaet barn blir presentert for, er det noko alvorleg gale med det norske systemet.

Dette er ikkje første gang eit barn som har budd i Noreg i meir enn fem år har blitt tvungen til å reise ut av landet. I 2019 vart det rapportert om 31 barn som var i denne situasjonen.

Mustafa Hasan er ansiktet til desse barna, og urettferda staten vår må stå til ansvar for ovanfor dei. Om vi ikkje no får til ei endring i systemet, er ikkje dette heller siste gong det skjer.

Dette er norske barn, dette er våre barn

Dette er eit brutalt enkeltdøme på noko som ikkje skal skje, men også noko som viser ein stor mangel på rettsforståing og menneskeverd i asylsystemet vårt. La oss aldri tru at dette er ein feil. Dette er medviten politikk som bryt med menneskerettane, barnekonvensjonen og alle verdiar vi som samfunn likar å identifisere oss med.

Mustafa Hasan skal få opphald. Mustafa Hasan er norsk. Og det er også dei 30 andre barna i same situasjon. Dette er norske barn, dette er våre barn.

Det er vårt samfunn som er ansvarlig for dei. Barnekonvensjonen forpliktar oss til dette.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Illustrasjonsfoto: Lina Trochez/Unsplash. Innfelt: Fatemeh Adili/Privat.