Geolog Kikki Flesche Kleiven presenterer 4,54 milliardar år med klimahistorie på 200 minutt i årets Aarebrotførelesing.

Birgitte Vågnes Bakken
Publisert
Oppdatert 10.02.2021 08:02

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klimaforskar forklarar: – Heile jorda var dekt av is, heilt naturleg

– Til alle Star Wars-fans der ute som er glade i The Empire Strikes Back, så har jorda faktisk vore ein isplanet! Heile jorda var dekt av is, heilt naturleg.

Kikki Flesche Kleiven, som skal halde årets Aarebrotførelesing 17. januar, lovar å lære deg meir om korleis dette gjekk til og korleis det gjekk over.

I tillegg kan ho freiste med nokre heilt spesielle geologiske prøvar ho har fått tilsendt frå USA. Desse viser omtrent nøyaktig den dagen dinosaurane døydde ut.

– Og vi kan sjå første dagen i ein ny geologisk æra, vår æra. Så det er litt spanande, og det skal bli veldig visuelt, fortel ho entusiastisk.

Maratonførelesing

Det er tredje gong Universitetet i Bergen (UiB) saman med familien til Frank Aarebrot og Studentersamfunnet i Bergen inviterer til maratonførelesinga på 200 minutt.

Foto: Universitetet i Bergen

Geolog og klimaforskar ved UiB Kikki Flesche Kleiven har bestemt seg for å gå laus på den noko ambisiøse oppgåva å formidle jordas klimahistorie på éi einskild førelesing.

– Det er klart at det blir nokre store sveip ein må ta, men det er fundamentale og viktige ting som skjedde heilt i byrjinga da jorda blei danna, som er viktige for det klimaet vi har på jorda i dag, og som vi kanskje ikkje tenker over, fortel ho.

I dag er det mykje fokus på dei menneskeskapte klimaendringane. Forskaren forklarar at vi på bakgrunn av klimahistoria kan forstå at det som skjer i dag, er heilt annleis enn det som har skjedd nokonsinne på jorda tidlegare.

Unik situasjon

Kikki fortel at livet på jorda har restarta mange gongar, på grunn av store geologiske og klimatiske hendingar. Vi har altså døme på kva som skjer når svært mykje karbondioksid (CO2) blir sleppt ut svært raskt.

– Kva skjer med livet i havet? Jo, det blir surare, det blir mindre oksygen. Vi ser at vi kan få sur nedbør, og temperaturen blir endra raskt. Svært mykje av dette er ting vi byrjar å sjå konturane av i dag.

Ein ærfugl symjer i iskanten i Barentshavet. Minst 20 millionar sjøfuglar tilbringer sommaren her. Foto: Sebastian Gerland / Norsk Polarinstitutt

Ho fortel at det første som ryk er revet i havet. Det neste som skjer er at det blir varmare på høge breiddegrader, og at økosystema der blir øydelagde.

– Vi kan sjå tilbake på mange slike døme, men i kvart av dei, utanom då meteoritten traff jorda, så skjer endringane faktisk saktare enn det dei gjer per år no. Den temperaturstigninga vi ser no er heilt unik, den mengda CO2 vi slepper ut er heilt unik.

Optimistisk

Kikki ramsar opp fleire utfordringar vi står overfor, som at utbygging gjer at økosystem og artar ikkje har moglegheit til å flytte seg når det blir varmare, og at vi har øydelagt mange av dei naturlege karbonslukarane, som store skogområde og myrområde.

Likevel er klimaforskaren optimistisk.

– Eg vil avslutte førelesinga med litt håp for oss. Fordelen er at vi bur på ein kjempeaktiv og kreativ planet som er full av all den energien og dei ressursane vi treng for å gjere dette på ein berekraftig måte.

Ho viser til at ein gjennom faget hennar kan jobbe med å mellom anna gjere det tryggare å bu i eit våtare og fuktigare klima, noko vi kjem til å ha ganske lenge. At fleire land melder inn meir ambisiøse klimamål synest ho også er lovande.

Digital sending

Kikki hadde gleda seg til å halde førelesing i universitetsaulaen for 300 studentar, og skikkeleg god stemning, men på grunn av pandemien, blir førelesinga i staden strøymd på nett.

Det blir ei førelesing i “koronaens tid”, men vi har vore litt ute og reist. Eg har hatt med nokre studentar som har kikka på spesielle geologiske ting rundt om i Noreg, så i pausen skal vi vise nokre artige filmar.

Ho vil nytte høvet til å vise kor god ei digital førelesing kan vere.

Førelesinga finn stad søndag 17. januar, og du kan følgje ho her eller på YouTube.

Ho rår “studentane” som følger førelesinga til tenke tilbake til korleis ting var då dei var yngre, eller kanskje snakke med besteforeldre og sjå i fotoalbum, for å setje ting i samanheng.

– Og så er eg veldig oppteken av at folk må tenke over kva dei er glade i, kva dei bryr seg om, og kva dei ikkje har lyst til å miste – for det er eigentleg så personleg det er, at vi faktisk held på å miste noko.


Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom. Foto: Thor Due/NU

Aarebrotførelesinga

  • Føremålet er å heidre den munnlege formidlingstradisjonen som Frank Aarebrot var ein sterk representant for
  • Kvart år blir ein fagperson som har utmerkt seg med særlege kvalitetar som førelesar i ein munnleg forteljarstil invitert til å halde førelesinga, uavhengig av fagbakgrunn og akademisk institusjon
  • Kikki Flesche Kleiven skal halde Aarebrotførelesinga 2021. Tema er 4,54 milliardar år med klimahistorie på 200 minutt
  • Førelesinga er søndag 17. januar 2021. På grunn av covid-19 vil arrangementet bli ei digital sending her! Du kan også følgje førelesinga på YouTube.
  • Arrangementet er eit samarbeid mellom UiB, familien til Frank Aarebrot og Studentersamfunnet i Bergen

Kjelde: Universitetet i Bergen