Avskoginga av Amazonas har ikkje vore større på 12 år

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Regnskogen i Amazonas er særs viktig i kampen for å bremsa global oppvarming. Dess meir avskoging som finn stad, dess mindre karbon kan bindast der.

Difor skapar dei seinasta tala frå den brasilianske romfartsorganisasjonen, INPE, bekymring.

Forskarar slår fast at avskoginga har akselerert sidan Jair Bolsonaro vart president i januar 2019. Det kan verte forklart med at han har oppmuntra til jordbruk, tømmerhogging og gruvedrift i verdas største regnskog.

Det melder BBC.

Den krympande grøne lunga

Dei seinaste målingane frå INPE synte ei kraftig auke frå 2018, då 7 536 km² vart avskoga – året før Bolsonaro vart president.

I 2019 vart 10 129 km² avskoga, medan førebels målingar for 2020 syner at 11 088 km² vert avskoga.

Dette er førebelse målingar, og dei offisielle tala vil verta offentleggjort tidleg neste år.

Brasil hadde sett eit mål om å bremsa avskoginga til 3 900 km² årleg, innan 2020. Det lukkast dei ikkje med.

Tal på total avskoging i Amazonas frå 2004 til 2020. AMZ LEGAL syner kor mange kvadratkilometer som er avskoga, totalt. 
Skjermdump: PRODES (INPE)

Uerstatteleg

Det er vanskeleg å fatta kor stor og viktig regnskogen er, for heile verda. Amazonas strekk seg over 5,5 millionar kvadratkilometer – eit område langt større enn EU, til dømes.

Ifylgje Regnskogfondet er Amazonas verdas viktigaste økosystem, fordi:

  • Amazonas-elva, med alle sine sideelver, inneheld 20 prosent av verdas rennande ferskvatn.
  • Sjøl om Amazonas berre dekker fire prosent av jordoverflata, kan den innehalde så mykje som ein tredjedel av verdas kjente plante-, dyre- og insektsartar.
  • Skogen produserer meir enn 50 prosent av all nedbør i Amazonas-regionen, og den påverkar regnmønster langt utanfor Sør-Amerika.
  • Amazonas inneheld 10 prosent av all biomasse me finn på jorda. Skogen lagrar difor store mengder karbon som vert frigjort til atmosfæren om den øydeleggast. Dette vil akselerere den globale oppvarminga.

Rovdrift og mistillit

I tillegg til å oppmuntra til ressursutvinning i regnskogen, har president Bolsonaro også redusert budsjetta til føderale byrå som har myndigheit til å bøtelegga og arrestera bønder og tømmerhoggarar som bryt miljølovene.

Presidenten har tidlegare kritisert INPE, for avskogingsdataene deira. I fjor anklaga han byrået for å sverte Brasil sitt rykte.

President Bolsonaro har opna for tømmerhogging, gruvedrift i den sårbare regnskogen.
Foto: Isac Nóbrega/PR/Flickr (CC BY 2.0)

Den ikkje-statlege klimaorganisasjonen Observatorio do Clima har uttalt at tala frå INPE syner at Bolsonaro sitt forsøk på å svekka tilsynsorgana sin kapasitet til å ta vare på skogane og å nedkjempa kriminalitet i Amazonas, har vore vellukka.

Vitskapsredaktør i BBC, David Shukman, meiner det er vanskeleg å fatte omfanget av øydeleggelsane i regnskogen.

Ifylgje Shukman vart det lenge sagt at eit skogområde på storleik med ein fotballbane vart avskoga, kvart einaste minutt.

Det gjekk ikkje lang tid før det anslaget vart for lite, og i år har ein sett dei største skogbrannane på eit tiår, skriv han hjå den britiske kringkastaren.

Illustrasjonsfoto av gassplattforma Aasta Hansteen. Foto: Svein Olav B. Langåke