Fem bøker som får meg til å sakne ungdomsskulen


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg veit ikkje om eg, eller venene mine var ein god representasjon av den gjengse ungdomsskuleelev. I ei tid kor det er vanleg å teste grenser, var grensene me testa korleis ein kunne lese bøker samstundes som læraren snakka, utan å få tilsnakk – bøker som me drog med oss ut i kantina for å sitje saman for å lese. For me las. Og det mykje.

Kor populær ein vart av det kan diskuterast, men heldigvis vart det folk av oss også, og eit par grenser fekk me testa etterkvart.

Her er eit knippe bøker eg hugsar som høgdepunkt frå ungdomsskulen: 

Victoria (1898) – Knut Hamsun

Dette var ei av bøkene som norsklæraren prakka på heile klassen då det stod i læringsmåla at me skulle lese eit litterært verk frå nyromantikken. Boka vart tatt imot med skepsis, men ved å bruke ulike tilnærmingar til ho som film og dramatisering gav klassikaren etterkvart meirsmak.

I romanen følgjer ein møllarsonen Johannes som er forelska i «rikmannsdottera» Victoria. Ulik sosial rang hindrar dei frå å bli saman og Johannes prøver alt for å kome høgare opp på den sosiale rangstigen utan å lukkast.

Det gjer det til ein gripande roman om klasseskilje, ungdomsforelsking og ulukkeleg kjærleik. 

Utsikt til paradiset (1993) – Ingvar Ambjørnsen

Dette er første bok i Elling– serien, ein av dei første bokseriane som verkeleg har vekt lesegleda mi.

I boka møter ein Elling, ein middelaldrande mann med mangel på sosiale antenner og lita evne til å sjå ei sak frå nokon annan synsvinkel enn sin eigen. Romanen byrjar med at mor hans døyr, noko som skaper eit tomrom i livet hans. Elling er utan nettverk og er med liten kjennskap til omverda, noko som kjem fram i formuleringa:

«Hun var enebarn. Jeg var enebarn. Det kom ingen på besøk.»

På tross av at han tek opp problemstillingar som i og for seg er alvorlege leverer Ambjørnsen eit fantastisk portrett fullspekka av humor. 

Fordelene ved å være veggpryd (1999) – Stephen Chbosky

I romanen følgjer ein Charlie gjennom det første året hans på vidaregåande. Charlie er ein introvert og observerande tenåringsgut, og gjennom romanen skildrar han ulike hendingar frå livet hans i brev som er adressert til ein ukjent avsendar.

Romanen tek opp fleire viktige tematikkar relatert til det å bli vaksen, som seksualitet, bruk av rusmiddel, valdtekt og mental helse. Dette er ei bok det er lett å kjenne seg att i dersom ein til tider har følt seg annleis eller utanfor eit fellesskap.

Historia er rørande og alvorleg, men får lesaren samstundes til å trekkje på smilebandet. 

Submarine (2008) – Joe Dunthorne

Dette var ei bok eg berre måtte lese etter at eg hadde sett adaptasjonen av Richard Ayoade – ein film eg har sett eit titals gongar sidan den tid.

15 år gamle Oliver Tate, er ein upopulær gut som er glad i pyromani og å lese ordbøker. Historia handlar i stor grad om kjærleiksforholdet hans til klassekameraten Jordana. Samstundes som forholdet til Jordana veks er livet komplisert på heimebane og han prøver å redde ekteskapet til foreldra.

Å finne balanse mellom familietrøbbelet og forholdet til Jordana er vanskeleg, noko som legg grunnlag for ein glimrande, men djup roman prega av svart humor. 

Papirbyer (2008) – John Green

På ungdomsskulen slukte eg heile bibliografien til John Green. Papirbyer var favoritten.

Heile livet har Quentin Jacobsen vore avstandsforelska i den eventyrlystne Margo Roth Spiegelman. Sidan dei var små har dei vore venner og naboar, men dei siste åra har dei vakse frå kvarandre. På skulen heng Quentin med nerdane, medan Margo er ein del av dei populære. Likevel er han framleis forelska.

Ein kveld klatrar ho inn vindauget hans kledd som ein ninja og tek han med på eit revansjeoppdrag mot eks-kjærasten sin. Dagen etter er ho forsvunnen, og Quentin og venene hans drar for å finne ho ved å følgje nokre mystiske spor ho har lagt igjen. 


Les også: Marie Aubert hadde eit heilt år som liten, då ho stort sett var «in character» som Ronja Røverdatter

Marie Aubert (40) gjekk inn i rolla som Ronja Røverdatter då ho var lita. Foto: Agnete Brun, Forlaget Oktober