Fem norske klassikarar du bør lese

Jannicke Totland
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nynorskordboka definerer «klassikarar» som «framståande forfattar eller kunstnar som har skapt verk med varig verdi». Sjølv om dette kan vera ein noko ekskluderande definisjon ovanfor andre verk og forfattarar ligg det likevel noko i definisjonen. Klassikarar er blitt klassikarar også fordi dei ofte seier noko sentralt om tida og staden dei vart skrivne.

Det gjer dei og verdt å lese – også for deg som hugsar dei som endelaus tørrprat frå norsktimen.

Her har eg plukka ut fem av mine favorittar som har til felles at dei er ein del av den norske litterære kanon anno 2007.

Set du deg godt til rette og tek på deg dei rette lesebrillene kan eg love ein fengjande historietime som verkeleg set spor!

Amtmandens døtre av Camilla Collett (1855)

Amtmandens døtre blir rekna som Noregs første tendensroman, altså ein roman som kritiserer forholda i samtida.

Måten Collett brukte litteraturen til å setje problem under debatt gjer at ho kan bli betrakta som ein forløpar til realismen, ein periode med fokus på samfunnskritikk og at mennesket er eit fritt vesen som bestemmer over sin eigen skjebne.

Handlinga som er sentrert rundt amtmannsdottera Sophie Ramm kritiserer blant anna oppsedinga og dei samfunnsnormene som hindra unge jenter i å ta eigne livsval – ei konflikt særleg dominert av spenninga mellom kjensler og forventingar.

Peer Gynt av Henrik Ibsen (1876)

Eit anna verk som går inn under den realistiske tradisjonen er Ibsen sin Peer Gynt. Mellom fleirfaldige idear, skarp satire, gripande stemning og eit persongalleri med mange fasettar går denne kjente klassikaren og inn på livet sine støre spørsmål.

«Hvad er det «at være sig selv» igrunden?» spør Peer Kappestøparen når han kjem for å hente han over til den andre sida.

I spørsmålet om dette blir livsprinsippet hans «å gå utanom» – i jaget på ein keisardraum og store ideal han til slutt kanskje berre oppnår i Solveig sin kjærleik.

Sult av Knut Hamsun (1890)

«Det var i den tid jeg gikk omkring og sultet i Kristiania, denne forunderlige by som ingen forlater før han har fått merker av den ….».

Slik blir Hamsun sin kjente roman innleia, og slik er det med Sult også. Med sine intense skildringar og leikne form er det ein roman som set spor.

Ved å følgje den namnlause «vandraren» i byen, portretterer Hamsun einskildmennesket sitt sjeleliv inn i det moderne samfunnet.

Framfor å kritisere samfunnet ved å setje svoltopplevingane under debatt bringer svolten fram individet sin ustabile psyke og det irrasjonelle sidene ved mennesket.

Alberte og friheten av Cora Sandel (1931)

Ein annan roman med tilsvarande modernistiske trekk, er andre bok i trilogien om Alberte.

Alberte er einsam, fattig og må ta dei jobbane ho får for å klare seg i kunstnarmiljøet i Paris.

Den repetitive kvardagen prega av melankolsk keisemd blir fortalt med språkleg presisjon og er prega av stemings- og miljøskildringar som sit igjen i hugen lang tid etter at ein har lese den.

Handlinga skildrar ei sakte utvikling av Alberte som kvinne og kunstnar, som snarare har framdrift av det naudsynte enn rein vilje. Likevel er det ein ting ingen kan ta frå ho: nemleg fridomen.

Mennesket og makten Olav Duun

Mennesket og maktene av Olav Duun (1938)

På eit lite øysamfunn ute i havet treff me menneske som på ulikt vis kjempar mot ulike makter.

Som ei ramme rundt det heile er det ein spådom om at Øyværet skal gå under. Og det skjer. Det blir stormflod, havet ris, og det vesle samfunnet står framfor døden.

Som andre nyrealistar er Duun oppteken av ulike etiske og moralske spørsmål. Det kjem til uttrykk ved at romanen kan lesast på fleire plan, noko gjer den til dels både vanskelig å lese og fordøye. Men det er ein innsats definitivt verdt det!

 

  • Les også om då Framtida-journalist Helene Hovden Hareide gjekk gjennom 150 forfattarportrett frå haustens katalogar og sat att med eitt spørsmål:
    Kvifor smiler ikkje mennene?

Forfattarane har ulike strategiar på portretta sine, og skilnadane mellom kjønna er store. Frå venstre: Heidi Furre, Jon Fosse og Vigdis Hjorth. Foto: Heidi Furre/Flamme, Tom A. Kolstad/Samlaget, Agnete Brun/Cappelen Damm.