Ingvar Ambjørnsen: – Sjølv Elling er meir mobil enn meg

Nynorsk Pressekontor
Publisert
Oppdatert 24.05.2020 17:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

VG heiter det blant anna: «Nye Elling er herlig litteratur», og både VG og Dagbladet spanderer femmarar på «Ingen kan hjelpe meg». Det synest forfattaren er hyggjeleg, samtidig som han understrekar:

– Eg er ganske sikker på at nokon av dei som kjenner Elling-bøkene godt, ikkje nødvendigvis vil vere med på denne reisa. Det er eit sidespor, ein forskjellig Elling-roman. Men eg kan ikkje tenkje på at eg skal gjere alle til lags. Eg må stå fritt når eg skriv.

Forfattaren har nemleg sleppt den godt oppdregne og smått melankolske vesle mannen laus på Michel Houellebecqs roman, «Lanzarote». «Ingen kan hjelpe meg» består av vår manns betraktningar og tankar rundt «Lanzarote», samtidig som handlinga blandar seg godt inn i Ellings eige liv, i sokkelleilegheita hos enkefru Annelore Frimann-Clausen, på Grefsen.

Etter at mor til Elling går bort (her spelt av Grete Nordrå) bur Elling (spelt av Per Chr. Ellefsen) ii sokkelleilegheita hos enkefru Annelore Frimann-Clausen. Foto: Foto: Virre Dahl/Maipo Film&TV-produksjon

Elling + Houellebecq = sant

– Forteljaren i «Lanzarote» har nokre klare parallellar med Elling. Dei matcha rett og slett godt, seier forfattaren. Som svarer slik på om han er samd i at han har skrive ei både tilgjengeleg og ganske så underhaldande bok:

– Du treng i alle fall ikkje å ha noko forhold til Houellebecq for å lese «Ingen kan hjelpe meg». Men sjølv ser eg òg eit alvor i romanen. Eg melder bøker sjølv, og eg tenkjer ofte på at ein berre bruker eit par dagar på noko forfattaren har brukt år på.

– Eg fornektar jo stort sett at eg og Elling har noko særleg felles, men dette prosjektet hans, som handlar om å gå i djupna på ei bok, det kan eg støtte.

Gode Elling-nyheiter

For tida er Ambjørnsen òg aktuell med ei bok på nettet, som blir til undervegs. Det er ein spenningsroman der handlinga tek til 22. mars og derfor òg, naturleg nok, speglar den spesielle tida vi står oppe i. Kapitla til «Reiser i det skjulte» kan lesast på Boktips.no og prosjektet har eiga Facebook-side.

Samtidig vil ei anna Elling-nyheit gle mange: Elling-bloggen, som forfattaren har reist rundt på turné med, og snakka om live for eit publikum, blir utgitt samla i bokform til hausten.

– Eg trenger jo pause frå Elling, seier forfattar Ingvar Ambjørnsen som akkurat no skriv spenningsroman på nett. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Men Ambjørnsen seier han treng pause frå den litt intense og tenksame karakteren. Etter «Ekko av en venn» (2019) var han litt ferdig med heile Elling igjen, og ein påbyrja story vart derfor lagd vekk. I staden ferdigstilte han denne uventa Elling-forteljinga som var påbyrja for fleire år sidan.

– Eg trur ikkje det er sunt at eg held til for mykje saman med han, og eg har jo mykje anna eg vil skrive òg, seier den produktive forfattaren – og legg til at det ikkje var utan grunn at han og Elling levde separate liv i nærare 20 år. Før han stod opp igjen som bloggar og fekk boltre seg i ny bok i fjorårssleppet «Ekko av en venn».

Husarrest med kols

For tida sit Ingvar Ambjørnsen i det han sjølv omtaler som husarrest.

– Kolsen har ramma hardt, eg levde ganske isolert og stille òg før koronaen kom og stengde ned alt. Det nye no er at eg ikkje kan gå i butikken eingong. Sjølv Elling er meir mobil enn meg, seier Ambjørnsen. Som ser at han har levert ei bok som kan treffe mange som føler seg litt einsame i koronatida.

– Ja, no er vi på ein måte alle litt Elling, seier forfattaren – som trass i ein sjølvpålagt Elling-pause medgir at «Ingen kan hjelpe meg» var overskotsprega.

– Eg kjenner jo denne karen så godt etter alle desse åra, eg veit nøyaktig kva han tenkjer og korleis han reagerer.

Forfattar Ingvar Ambjørnsen trur han kan miste ein og annan Elling-fan etter å ha skrive «Ingen kan hjelpe meg». Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix / NPK

Lagar ubalanse

Ambjørnsen klarer alltid å kaste inn noko som lagar ubalanse i Ellings liv, og denne forteljinga er ingen unntak. Husvertinna, som synest det er stas å bytelåne bøker med mannen vår, får nemleg snusen i at han les ei bok som heiter «Lanzarote». Ein stad enkefru Annelore har gode minne frå. Ho vil dermed låne boka, men Elling konkluderer med at ho nærast vil få sjokk av den hedonistiske villskapen boksidene rommar.

– Her har Elling på ein måte måla seg inn i eit hjørne, ler Ambjørnsen – som slett ikkje legg karakteren, som ved sida av sitt boklege liv òg har figurert i ei rekkje filmar og på diverse teaterscener, på hylla for godt.

– Om helsa held, så kjem det nok meir, slår Ambjørnsen fast.

Alexander Kielland Krag (28) debuterer denne våren med romanen Dette blir mellom oss. Foto: Presse/Skjermdump frå Instagram