Framtida
Publisert
Oppdatert 30.05.2022 12:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I 2020 var det 15 år sidan den danske avisa Jyllands-Posten trykte tolv teikningar av profeten Muhammed. Bakgrunnen var at ein forfattar hadde problem med å finne ein teiknar til ei barnebok om profeten sitt liv: Tre hadde takka nei, fordi dei var engstelege for korleis enkelte muslimar ville reagere.

Islamsk lære forbyr avbilding av levande vesen generelt, og profeten spesielt. Publiseringa førte til det som heiter «Karikaturstriden». Det vart opptøyar i store delar av den muslimske verda etter at Jyllands-Posten publiserte karikaturane. Over 150 menneske miste livet som følgje av dei.

Det var i 2020 også fem år sidan islamistiske terroristar drap tolv og såra elleve medarbeidarar i det franske satiremagasinet Charlie Hebdo. Grunnen var at magasinet, blant sine karikaturar av ulike religiøse leiarar, òg hadde karikert Muhammed.

I 2020 fekk karikaturdebatten ny aktualitet, denne gongen i ein ny kontekst. Snarare enn å dreie seg om aviser eller satiremagasin si publisering av karikaturar, handlar diskusjonen no om kva lærarar kan og bør vidareformidle i si ordinære undervisning i skulen.

Sjølvstende via forståing

«Formålet med å undervise eit barn er å gjere det i stand til å klare seg utan sin lærer», skreiv den amerikanske forfattaren og filosofen Elbert Hubbard.

Lærarar har eit stort ansvar; dei skal førebu barn og ungdom på den verda dei etter kvart skal ut i, som unge vaksne.

Dette ansvaret tok den franske geografi- og historielæraren Samuel Paty på alvor.

Då han viste fram karikaturteikningane av profeten Muhammed frå Charlie Hebdo var det i ein time om ytringsfridom som han heldt for ungdomsskuleelevane sine.

Paty synte fram teikningane – som verka støytande for enkelte – på ein måte som viste forståing, respekt og empati for alle elevane. Han let dei som vart ille berørte av teikningane gå ut under framsyninga. Det hjelpte ikkje.

Paty vart halshogd i det som har vorte kalla eit terrorangrep.

Kvifor? Fordi han freista førebu elevane sine på den verda dei skulle ut i – ved hjelp av skånsamt framsette ytringar.

Opplæringsansvar og frykt

I kjølvatnet av drapet på Samuel Paty har vi òg i Noreg diskutert problemstillinga: Korleis skal lærarar undervise om det som hende? Om karikaturstridane meir generelt? Kva skal dei utsetje elevane sine for? Bør dei vise fram karikaturteikningar av profeten i undervisninga?

Enkelte lærarar har teke til orde for at dei ikkje vil støyte elevane sine ved å vise fram karikaturteikningane, andre har peika på at slik framsyning er riktig og viktig.

Ei undersøking gjort av Utdanningsforbundet viser at éin av tre lærarar er redde for å vise akkurat desse karikaturane i undervisinga. Slik frykt er forståeleg. PST skjerpa i kjølvatnet av drapet på Paty si trusselvurdering av ekstrem islamisme.

Ein av tre lærarar er redde for å vise karikaturane i undervisinga

Utviklinga i Frankrike kan gjere at ekstreme islamistar utanfor Noreg vender seg til trusfeller her, med oppmodingar om å hemne krenkingar av islam. Ut over vanlege symbolmål, meiner PST at også dei som formidlar menneskerettar og ytringsfridom – altså lærarar, journalistar eller akademikarar, kan verte ramma.

Det går fint an å undervise om ytringsfridom eller drapet i Frankrike utan å vise fram karikaturane.

Let ein det vere av pedagogiske grunnar – til dømes at ein snakkar munnleg framfor å bruke bilete, eller meiner at ei slik framsyning ikkje bidreg til god læring, er inga skade skjedd. Men om ein endrar eit undervisningsopplegg ein før drapet meinte var godt pedagogisk grunngjeve, basert på frykt for konsekvensane, er det verre.

Fryktstyring av ytringar er eit demokratisk problem. 

Grunnlova sin § 109 slår fast at ein kvar har rett til utdanning, og at «[o]pplæringen skal ivareta den enkeltes evner og behov og fremme respekt for demokratiet, rettsstaten og menneskerettighetene».

Opplæring i demokrati, rettsstat og menneskerettar er det einaste grunnlovsfesta læringskravet i Noreg.

Slik opplæring er avgjerande for både forståinga av kvifor reglane er som dei er i Noreg, og for å bevare legitimiteten til og respekta for dei grunnleggjande verdiane som den norske rettsstaten er bygd på.

Ytringfridomens grunngjevingar og avgrensingar

Ytringsfridom handlar ikkje berre om min rett til å seie det eg meiner, den handlar òg om min – og din, og alle sin – rett til å la seg informere om det andre meiner og seier.

For demokratiet vårt kan ikkje verte styrt ovanfrå. Det er noko vi må byggje nedanfrå, kvar og ein av oss, kvar dag. Og skal vi klare det, må vi både få ytre oss fritt om det vi vil, og få vete kva dei rundt oss meiner.

Korleis kan vi elles heie synspunkt fram – eller mobilisere mot dei? 

Ytringsfridomen er ikkje absolutt. Demokratiet vårt har trekt opp nokre yttergrenser for den, i lova si form: Det er ikkje lov å true kvarandre på ein måte som kan skape alvorleg frykt. Eller å utlevere private opplysningar om andre, eller ærekrenkje dei på ein måte som kan skade omdømme deira. Eller å sjikanere nokon grovt, eller framsetje menneskeverdundergravande ytringar mot personar med minoritetsbakgrunn.

Men ytringsfridomen beskyttar ytringar som sjokkerer, sårar eller opprører oss. Det er nødvendig at den er så vid, for at vi skal kunne danne oss som menneske, for at vi skal komme nærare sanninga, og for at vi skal kunne ha ei vedvarande open og opplyst demokratisk samtale.

Dette gjeld ikkje berre her heime. I Noregs strategi for ytringsfridom i utenrikspolitikken (2016-2018) heiter det at:

«(…)ingen skal risikere trakassering, forfølgelse og angrep på grunn av sine ytringer, og at enhver skal ha rett til å uttrykke seg fritt uten frykt for represalier. Virkeligheten er annerledes mange steder. Det kan ha store personlige omkostninger å ytre seg i det offentlige rom. Vern og fremme av ytringsfriheten innebærer derfor i praksis også å stå opp for ytrere, uavhengig av uttrykksform».

Frankrike sin president Emmanuel Macron har vorte hardt pressa av mellom andre Tyrkia og fleire andre muslimske land, men han forsvarar hardnakka ytringsfridomen i Frankrike og lærarane sin rett til å vise karikaturar.

I tråd med den nemnde strategien i norsk utanrikspolitikk, uttrykte Noregs statsminister Erna Solberg si støtte til Macron.

Statsminister Erna Solberg (H) og den franske presidenten Emmanuel Macron var blant verdsleiarane som møttest i Paris i mai 2019, for å diskutere korleis ein kunne hindre at valdeleg ekstremisme hamna på nett. Foto: AP Photo/Francois Mori

Kva er lov?

Maktkritikk og religionskritikk ligg i kjernen av ytringsfridomsvernet. Grov personhets og sjikane er forbode. Men det å kritisere, provosere eller endåtil hate praksisar – politiske eller religiøse – er lov.

Vår demokratiske sivilisasjon har oppstått nettopp gjennom slik kritikk – av kongar, av kyrkja, av repressive politikarar.

Skulen skal møte elevar med tillit, respekt og krav. Den skal gje dei utfordringar som fremjer danning og lærelyst. Krenking av personar er aldri eit mål i seg sjølv. For dei fleste lærarar er det heilt sjølvsagt.

Å kritisere, provosere eller endåtil hate praksisar er lov

Å formidle eit tema på ein så respektfull og anstendig måte som mogeleg, er noko vi alle bør streve etter. Men fordi vi menneske kan ha heilt ulike, subjektive oppfatningar av kva som er krenkande akkurat for oss, har lærarane ei tilnærma umogeleg oppgåve dersom dei skal undervise utan at nokon vert negativt kjenslemessig påverka i det heile.

Nokre vert støytt av å sjå karikaturar av ein profet dei held heilag. Andre av å sjå bilete av jødar i konsentrasjonsleirar. Eller av Mao eller Mussolini. For nokre kan det vere vondt å snakke om sjukdom eller sjølvmord, for andre – djupt religiøse – å høyre om Darwins utviklingslære.

Skulle undervisninga verte styrt av eit ønske om å ikkje støyte nokon, ville mange av dagens læringsmål vere vanskelege å innfri.

Komikaren Stephen Fry vart i 2017 etterforska av irsk politi for blasfemi etter å ha gjeve intervjuet over.

Læraren sitt ansvar for å gjere det umogelege mogeleg

Statens organ, som til dømes skulen, har eit grunnlovsfesta ansvar for å leggje forholda til rette for ei open og opplyst offentlegheit. Opplæring i skulen skal vere eit supplement til opplæringa barn og ungdom får heime. Den skal gje elevane historisk kulturell innsikt og forankring.

Opplæring i ytringsfridom og demokrati handlar ikkje berre om å lære elevar kva grunngjevingar og avgrensingar ytringsfridomen har, juridisk eller moralsk. Skal unge menneske verte rusta for å verte ansvarlege samfunnsborgarar, må dei på sin veg lære å tole kunnskap, innsikter og ytringar dei kan synest er vanskelege og vonde.

Ytringsfridomen vert ikkje bevart ved å stå i ei grunnlov

Om vi skal fungere som demokrati, må vi alle vedvarande halde oss til kvarandre, til skarp usemje og heilt opprørande og annleise syn på ulike samfunnsspørsmål – med ord.

Ytringsfridomen vert ikkje bevart ved å stå i ei grunnlov eller ved å lærast éin gong.

Skal ein verkeleg forstå ytringsfridomen, altså korleis den er nødvendig for å søkje sanning, demokrati og individets frie meiningsdanning, må den verte brukt – på retta og på vranga – kvar dag. 

Difor er nok ei av dei vanskelege oppgåvene lærarar har, å utsetje elevar for ytringar som kan verte opplevde som støytande for enkelte. Og forklare kvifor det er slik at vi må tole enkelte ytringar, sjølv om dei framstår heilt håplause.

Og sjølv om det er vanskeleg å sjå korleis akkurat dei ytringane vi sjølv vert opprørte av, eigentleg fører verda vidare.

Skulen er den einaste felles arenaen vi har, der vi saman kan lære at det ikkje berre er modig å seie kva vi meiner, men også å høyre alt det flotte, rare, uforståelege og fæle dei andre meiner. Det er der vi har mogelegheita til å trene på å ta til motmæle mot det vi reagerer mot med ord.

Berre gjennom slik trening, kan vi realisere ytringsfridomens formål.


Les også intervjuet med Nancy Herz (24), som leier Ungdommens ytringsfrihetsråd– Dersom ein ikkje brukar stemma si, så overlet ein heile samfunnsdebatten og politikken som følgjer, til dei få stemmene som ein kanskje er totalt ueinige med

Nancy Herz skal leie det komande Ungdommens ytringsfrihetsråd. Foto: Privat

Anine Kierulf

Anine Kierulf er førsteamanuensis ved Institutt for offentlig rett ved Universitetet i Oslo og spesialrådgjevar ved Norges institusjon for menneskerettigheter
Ho har tidlegare vore rådgjevar i ytringsfridomsspørsmål for Europarådet, dommarfullmektig ved Ringerike tingrett og senioradvokat.