Undersøking: Nordmenn og svenskar undervurderer kvarandre

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

For første gong har den norske ambassaden i Sverige samarbeidd med den svenske motparten sin i Noreg om ei undersøking for å sjå kva broderfolka tenker og kan om kvarandre.

Spørjeundersøkinga er gjort av Novus og Respons på vegner av ambassadane og utført i april/mai i år, skriv Aftenposten.

ABBA og Volvo, Skavlan og olje

Når dei blir spurde om dei kjenner nokre namn frå underhaldningsverda, er det 48 prosent av svenskane og 39 prosent av nordmennene som ikkje kan nemne eitt einaste namn. Dei som klarer å hoste opp noko, kjenner best til ABBA og Astrid Lindgren i Sverige, medan den best kjente nordmannen i Sverige er Fredrik Skavlan.

Medan 97 prosent av nordmenn faktisk har vore i Sverige, er det meir enn éin av fem svenskar som aldri har sett sin fot i Noreg.

Endå tydelegare blir stereotypiane når det skal assosierast fritt. Nordmenn tenker impulsivt handel, Volvo og Ikea om svenskar, medan söta bror tenker mest på olje, før det ramlar på med naturassosiasjonar: fjell, fjord, ski, natur og laks.

– Viktigare enn vi trur

Både svenskar og nordmenn trur dei handlar mindre med kvarandre enn dei faktisk gjer, og at land som USA og Kina er viktigare.

– Svenskar undervurderer nordmenn og nordmenn undervurderer svenskar. Vi er viktigare for kvarandre enn vi trur, seier Noregs ambassadør i Stockholm Christian Syse i ein kommentar til funna rundt handel.

Inger Nilsson var ti år gamal då tv-serien om Pippi Langstrømpe først gjekk på skjermen i 1969. Ho fekk Nordens Språkpris 2019 for innsatsen. Foto: SVT