Tapte klimasøksmålet: – Høgsterett sviktar dagens unge

Med 11 mot 4 stemmer vann staten fram i klimasøksmålet. Miljøorganisasjonane meiner dommen frå Høgsterett er djupt provoserande og viser null forståing for alvoret i klimakrisa.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Høgsterett sviktar dagens unge når dei gir politikarane makt til å ta frå oss ei trygg framtid. No forventar eg at norsk ungdom set rekord i valdeltaking i september, og at alle vaksne med snev av samvit tenker klima og miljø ved stortingsvalet, seier Therese Hugstmyr Woie, leiar i Natur og Ungdom i ei pressemelding.

Høgsterett slo samrøystes fast at terskelen for å overprøva Stortingets vurdering av miljøparagraf i Grunnlova er «svært høg».

LES SAKA: Tapte klimasøksmålet i Høgsterett

Fire av dommarane meinte at vedtaket ikkje var gyldig på grunn av saksbehandlingsfeil som hadde innvirka på vedtaket om å opna for oljeboring. Dei meinte at det er ein feil at moglege framtidige globale utslepp av klimagassar ikkje var vurderte i utgreiinga som låg til grunn.

Les meir om dommen på nettsidene til Høgsterett!

Advokat Cathrine Hambro (ståande),
Greenpeace Norge-sjef Frode Pleym og
Natur og Ungdom-leiar Therese Hugstmyr Woie tok i mot dommen i dag. Foto: Susanne Sundbye, Greenpeace

Vurderer anke til Strasbourg

No skal miljøorganisasjonane saman med advokatane sine granska dommen grundig.

– Det er skummelt og absurd at retten vår til eit leveleg miljø ikkje kan brukast til å stoppa det mest miljøskadelege Noreg gjer, seier Frode Pleym, leiar i Greenpeace Noreg i ei pressmelding.

Han meiner fleirtalet i Høgsterett har svikta, og hoppar bukk over at forskarane seier at klimaet ikkje toler meir olje.

– No må me vurdera alle moglegheiter, inkludert ein anke til den Europeiske menneskerettsdomstolen i Strasbourg. Me kjem tilbake med beskjed om neste steg etter at me har granska dommen grundig, seier han.

Naturvernforbundet er også skuffa.

– Fleirtalet i Høgsterett tilsideset rettane til framtidige generasjonar, og vel ein lettvint lojalitet til norsk oljepolitikk. Det er likevel håp å spora i innstillinga til mindretalet. Dagens dom er alt anna enn slutten på oljekampen. Kampen for eit leveleg klima og ein mangfaldig natur held fram, seier Silje Ask Lundberg, leiar i Naturvernforbundet.

LES OGSÅ: Danmark har sett sluttdato for olje og gass

Glade for støtta

Miljøorganisasjonane vil framheva dissensen i dommen:

– Dette viser tydeleg at det var rett av miljøorganisasjonane å ta saka til retten, og det gir oss eit kraftig argument for å krevja endring av norsk olje- og klimapolitikk, seier Therese Hugstmyr Woie.

Miljøorganisasjonane vil framheva støtta og merksemda klimasøksmålet har fått, både i Noreg og internasjonalt.

FNs spesialrapportør for menneskerettar og miljø, David Boyd, meiner Noregs oljeproduksjon bryt med menneskerettane.

LES OGSÅ: Ny undersøking: Over halvparten seier nei til oljeleiting i Arktis

Den 30. august 2019 var tusenvis av skuleelevar samla til klimastreik framfor Stortinget. Foto: Ingvild Eide Leirfall

Fakta: Klimasøksmålet

  • Natur og Ungdom og Greenpeace saksøkte i 2016 den norske staten for tildelinga av ny oljeboring i Barentshavet gjennom 23. konsesjonsrunde.
  • Besteforeldrenes klimaaksjon og Naturvernforbundet har vore partshjelparar.
  • Organisasjonane meiner at oljeboringa bryt med miljøparagrafen § 112 i Grunnloven som slår fast at borgarane har rett til eit leveleg miljø og at staten skal setja i verk tiltak som sikrar denne retten. Saka har vore prøvd i Oslo tingrett i 2017, Borgarting lagmannsrett i 2019 og Høgsterett i november 2020.