Første skule i landet tilbyr fagbrev i dyrefaget
Stend vidaregåande skule i Bergen kommune blir første skule i landet med utdanning som fører fram til fagbrev i dyrefaget, opplyser Vestland fylkeskommune i ei pressemelding.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Det er fagfornyinga neste år som opnar for at Stend skal utdanne elevar som kan bli lærlingar i dyrefaget. Lektor Randi Helene Tillung på Stend har jobba for å få dyrefaget godkjent for fagbrev.
Lærlingar neste år
– Dei nye læreplanane blir godkjent neste år, og dei første elevane kan kome i lære i 2022. Men bransjen har stort behov for fagfolk og kan ikkje vente så lenge. Stend har difor søkt om å få vere ein pilot og starte med lærlingar alt neste år. Vi har stor tru på at søknaden vår går igjennom, seier Tillung i pressemeldinga.
Ho har jobba sidan 2008 for å få dyrefaget godkjent for fagbrev.
– Det har vore ein krevjande søknadsprosess som no endeleg går igjennom. Bransjen står klar til å ta imot lærlingar, og vi har skrive samfunnskontrakt med fleire store bedrifter i dyrebransjen, mellom anna ein landsdekkjande dyreklinikk som kan ta imot inntil 45 lærlingar neste haust. Denne samfunnskontrakten dannar grunnlag for søknaden til utdanningsdirektoratet om å starte opp før, understrekar Tillung.

Lisa Linn Lorentzen (f.v.) er kontaktlærar på vg2 dyrehelse der mellom anna Stine Eide, Charlene Barraza og Patrick Solheim er elevar. Mange av dei vil gå ut i lære og ta fagbrev. Foto: Vestland fylkeskommune
Først, men fleire vil kome etter
Stend er einaste vidaregåande skule i landet som har søkt om smådyr som programfag og læreplassar.
– Men vi reknar med at det kjem fleire skular etter kvart. Dette er blitt ei urban næring. Dyrehald er knytt til oppdragsgjevarar som tollvesenet, politi, kriminalomsorg, klinikkassistent, medarbeidar i dyrebutikk, dyrepark, hundebarnehage og hundeskule. Det er mange høve for jobb, og etterspurnaden er stor, seier lektor Randi Helene Tillung.
Dette skuleåret har Stend om lag 80 elevar i dyrefaget.
- Les også: I år kan du velja fire nye yrkesfag