Pionertiltak for nynorsk i Bergen

I budsjettavtalen med byrådet sikrar Senterpartiet, saman med byrådspartia og SV, midlar til eit fast tilbod om nynorsk parallellklasse i Bergen sentrum – uavhengig av kravet om ti elevar.

Svein Olav B. Langåker
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette er ei historisk satsing på nynorskelevar i Bergen, seier Peder Lofnes Hauge, leiar i Noregs Mållag i ei pressemelding.

– No håper eg alle foreldre som kan tenkje seg å ha ungane i ein nynorskklasse, melder seg på.

Med jamne mellomrom har foreldre i Bergen forsøkt å få til nynorskklassar i byen, men dette er ein stor og krevjande jobb for foreldra.

Byrådet vil gjere det langt lettare for foreldra ved å tilby nynorskklasse til dei som ynskjer det for ungane sine, utan at foreldra sjølve må ta jobben med å samle så mange elevar som skal til. Og ikkje minst, utan at foreldra må uroe seg over om ein slik klasse stel ressursar frå skulen.

– God dag for nynorsken

Etter fleire år med svært positive bystyrevedtak for nynorsk i Bergen, vonar Mållaget at dette budsjettet representerer eit taktskifte for nynorsksatsinga, frå ord til reell handling.

– Dette er ein god dag for nynorsken i Vestlandets hovudstad, og viktige budsjettkroner på vegen mot det politiske målet bystyret har vedteke, at det skal vere like lett å vere nynorskbrukar som bokmålsbrukar i Bergen.

Satsar på litteratur og teater på nynorsk

I budsjettavtalen ligg det også inne 500.000 kroner til ein søkbar pott for skulebibliotek som vil kjøpe inn nynorsk litteratur, og 750.000 kroner til Det Vestnorske Teateret sitt prosjektet «Heime i nynorsken».

Herdis Auestad Nergaard (19), Anna Standal Tangen (20) og Jenny Heggheim Myklebust (20) vann Fridthiov Oos’ legat med eksamenssvara deira på nynorsk. Foto: Privat