Noreg er ikkje lenger det beste landet i verda når miljøavtrykket blir rekna med

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Oppdatert 15.12.20, kl.15.25: 

Det vart utover dagen klart at UNDP også har laga lista med dei opprinnelge krava, og på den tronar Noreg framleis øvst.

Human Development Report frå FNs utviklingsprogram (UNDP) har i 30 år målt globale utviklingsmål og rangert verdas land utifrå dette, skriv NRK.

Noreg har hatt for vane å liggje i toppen av denne lista, men i år fell Noreg heile 15 plassar frå toppen og hamnar på 16.plass.

Nytt: Miljøkostnadar

I målinga har helse, levestandard, utdanningsnivå og brutto nasjonalprodukt vore dei tradisjonelle verdiane ein har sett på.

Men i år har FN teke med ein ny parameter som måler natur- og miljøkostnaden ved brutto nasjonalprodukt.

Dermed dett Noreg ned frå den nesten faste plassen på toppen.

Høgt utslepp per innbyggjar

Noreg er landet med den sjette høgaste verdien av materielt fotavtrykk med eit klimagassutslepp på 37,9 tonn per innbyggjar. Når det gjeld CO2-utslepp, har Noreg 8,3 tonn per innbyggjar, som er blant dei 30 største verdiane totalt.

– Noreg mistar topplasseringa si på grunn av det høge fotavtrykket vårt på planeten. Dette er ein viktig debatt det er på tide vi tek, seier direktør Bård Vegar Solhjell i Direktoratet for utviklingssamarbeid, Norad.

Irland på topp

Etter innføringa av berekraft på FN-lista rykkjer Irland opp til toppen frå andreplass, medan Sveits blir liggjande på andreplassen som dei tidlegare delte med irane.

Storbritannia flyttar derimot ti plassar opp og ligg på tredjeplass.

Både Danmark og Sverige avanserer på lista og ligg på høvesvis 5. og 6. plass, medan Noreg altså fell til 16. plass, og ligg under Malta.

Den oppdaterte lista er enno ikkje klar for ålmenta.

Norske menn kan slutte å jobbe 15. oktober og likevel tene like mykje som kvinner gjer i snitt. Likevel går Norge heilt til topps i ein internasjonal likestillingsindeks. Foto: Thomas Brun / NTB / NPK