Noreg toppar likestillingsindeks – men er langt frå best på alle område
Tett følgt av Finland og Island, toppar Noreg den internasjonalen Female Opportunity Indeks der likestillingsnivået i 100 land blir målt og samanlikna.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Analysen antydar at covid-19-pandemien fører fleire kvinner enn menn ut av arbeidsmarknaden.
– Kvinner har teke hovuddelen av barnepass og heimeundervisning når skulane har stengt, heiter det i analysen som samanliknar leiarposisjonar i politikk og næringsliv, lønnsforskjellar, rettsstillinga for kvinner, fødselspermisjon og tilgang til utdanning.
Samtidig er det land med kvinnelege leiarar som Tyskland, Noreg og New Zealand som har vore blant dei beste i å handtere pandemien.
Mykje lengre fødselspermisjon
Noreg skårar spesielt godt på politisk representasjon, kvinner i næringslivsposisjonar og likestillingslover. Men vi er langt frå best på alle område.
Den norske fødselspermisjonen på 637 dagar held ikkje meir enn til ein åttandeplass på lista. Både Estland, Slovakia, Finland og Ungarn gir meir enn 1.100 dagars permisjon. USA tek botnplasseringa med ingen permisjonsdagar etter fødsel.
- Les også om Unge Høgre-politikaren som krev kvinneleg statsråd med minoritetsbakgrunn: – Erna har her ein jobb å gjera
Likelønn
Likelønn er ein av variablane der Noreg skårar godt. Men vi er ikkje heilt i toppen.
Norske menn må jobbe til 15. oktober i snitt for å tene ei årslønn for kvinner. I Slovakia er likelønnsdatoen 21. oktober, Thailand 22. oktober, Singapore 25. oktober og Vietnam 26. oktober.
Pakistan tek botnplasseringa. Der har menn tent inn ei kvinneårslønn allereie 3. mars.
- Les også intervjuet med Kashish (18), som vil gjera ordbøkene meir likestilte: – Herregud, ei jente kan vere smart ho òg
Rwanda sterkast i politikken
Female Opportunity Index går tilbake til 1970 når dei undersøkjer kor mange år dei 100 landa har vore leidde av kvinner. Dei ser òg på kvinnerepresentasjonen i politikken i dag.
Noreg har elleve land føre seg på denne variabelen, blant dei Mexico og Etiopia. Øvst tronar Rwanda følgt av Spania og Finland.
Det er summen av alle indikatorane som gir Noreg førsteplassen på indeksen. I Norden ligg Danmark (7.-plass) og Sverige (13.-plass) eit stykke etter. Storbritannia og Tyskland følgjer på plassane etter Noreg, Finland og Island.
- Les også meiningsinnlegget frå Magnus (17): «Kvifor er så få menn feministar? Likestilling, feminisme og små kjønnsforskjellar lønner seg for alle.»