Undersøking: Fleire mindreårige har sett porno på nett
Delen i aldersgruppa 13 til 18 år som har sett porno på nett, har auka frå 42 prosent til 49 prosent dei siste to åra, ifølgje ei ny undersøking.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er eit tankekors at barn under 13 år har tilgang til innhald som det kan vere straffbart å vise til personar under 18 år, og som ikkje nødvendigvis gir dei eit realistisk syn på kva sex er, seier direktør i Medietilsynet, Mari Velsand, i ei pressemelding.
I undersøkinga, som er den femte delrapporten i Medietilsynets «Barn og medier»-undersøking, svarer vidare 44 prosent at dei ikkje har sett porno, medan 7 prosent er usikre.
Delen som har sett porno på nett, aukar med alder både blant jenter og gutar: 31 prosent av 13- og 14-åringane har sett porno, 52 prosent av 15- og 16-åringane og 64 prosent av 17- og 18-åringane.
Fleire gutar enn jenter
Seks av ti som har sett porno på nett, seier dei likte det sist gong dei såg dette. Tre av ti syntest òg det var spennande, men to av ti seier dei ikkje brydde seg. Ein liten del på høvesvis 6 og 5 prosent synest det var ekkelt eller ubehageleg.
Det er ein betydeleg høgare del gutar enn jenter som har sett nettporno, med 72 mot 25 prosent, ifølgje undersøkinga. Gutane opplyser òg at dei var langt yngre enn jentene første gong dei så porno.
63 prosent av gutane som hadde sett porno, såg det første gong før fylte 13 år, medan tilsvarande del blant jentene er 43 prosent, ifølgje undersøkinga, som blir lagt fram tysdag ettermiddag.
Søker sjølv
Heile 80 prosent av dei som har sett nettporno, seier at dei søkte etter dette sjølv sist gong det skjedde.
17 prosent svarer at «ein venn viste dei det», 9 prosent seier at dei fekk reklame for det, medan 7 prosent opplyser at dei fekk porno i feeden i sosiale medium.
– Fire av ti har fått reklame for porno på nett. Det meiner vi er bekymringsfullt, seier Velsand.
Totalt 3.359 barn og unge i alderen 9 til 18 år har delteke i undersøkinga Barn og medium 2020. Spørsmåla om porno på nett er berre stilt til barn i aldersgruppa 13 til 18 år.