Dansk avis: TikTok blir brukt til å selja heimelaga porno

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er problematisk, når ei så populær plattform som TikTok indirekte er med til at promotere sal av sexvideoar som ein måte at tene pengar på, og det kan i verste fall vere ein veg ut i skuggeprostitusjon for unge, seier Jonas Ravn, seniorrådgjevar ved Center for Digital Pædagogik til Politiken.

Den danske avisa har funne 100 populære profilar som bruker TikTok for å selje heimelaga porno. Salet skjer ikkje direkte på TikTok, men kanalen vert nytta til reklame for slik porno.

Mange unge TikTok-brukarar

Aldersgrensa på TikTok er 13 år, men både i Noreg og Danmark er det mange yngre brukarar. Ifølgje undersøkinga Barn og medier 2020 brukar 43 prosent av norske 9-10-åringar TikTok.

Etter at Politiken avslørte saka tidlegare denne månaden har TikTok fjerna brukarar, videoar og profiltekstar.

Ein av emneknaggane som er populær blant dei som sel heimelaga porno er #Onlyfans, som viser til ei nettside der ein kan kjøpe månadsabonnement på sexvideoar, fetisjporno og andre digitale sextenester.

Danske Redd Barna har teke til orde for å ta ned emneknaggen.

Også kulturminister Joy Mogensen har reagert på avsløringane og varsla om at Folketinget skal ta stilling om og korleis det skal innførast regulering av sosiale medium.

Til Politiken fortel ho at ho er open for å snakka om lovgjevinga, men at det òg er eit spørsmål om kor langt ein kjem med den tilnærminga.

– Der vil òg bli bruk for å gå den frivillige vegen, der dei sosiale media underlegger seg ein felles kodeks eller retningslinjer. Det trur eg dei har forstått.

TikTok: Tillet ikkje innhald som promoterer sal av seksuelle tenester

Då Politiken konfronterte TikTok med funna sette dei i gang å undersøke saka og svara avisa i ein e-post at:

– Det er vår prioritet og ansvar å halda fellesskapet vårt sikkert, og det tek vi ekstremt seriøst. Våre fellesskapsreglar definerer kva som er tillate på vår plattform og her kjem det tydeleg fram at me ikkje tillet innhald som utøver, promoterer eller glorifiserer sal av seksuelle tenester.

Les også: Amerikanske soldatar får ikkje bruka TikTok

Amerikanske myndigheiter fryktar appen TikTok kan utgjera ein tryggleiksrisiko og ber amerikanske soldatar sletta appen frå statlege telefonar. Desse soldatane er med I innsatsen I Syria og er nok godt drilla i tryggleiksspørsmål. Foto: U.S. Army Reserve photo by Staff Sgt. Joshua Hammock via AP