Ronny vil sikre helgekjensla heile veka: – Treng ikkje vere så avansert

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det er ein tysdag ettermiddag Nynorsk pressekontor ringjer Brede Aase for ein prat om boka hans. Ifølgje teoriane til Brede Aase er det på dette tidspunktet nesten 100 prosent kvardagskjensle og 0 prosent helgekjensle.

– Boka handlar om finne dei tinga i sitt eige liv som kan gi kjensla av helg midt i veka, fortel forfattar Brede Aase til Nynorsk pressekontor.

Har ikkje du fått med deg Ronny Brede Aase sin no berømte «snart helg»-teori?

Den ekte helga alltid best

Omslag: Gyldendal

Boka som har fått namnet Lukk auga og tenk på taco er den første boka til Sunnfjordingen Brede Aase og kom ut på Gyldendal forlag tidlegare i haust.

– Boka byggjer på teoriar og tankar eg har hatt lenge. I arbeidet har eg møtt ein psykolog som kan underbyggje mykje av det eg har tenkt og teoriane får då meir tyngde, fortel Brede Aase.

Brede Aase peikar på at mange har ein grunnleggande tanke om at ein ikkje kan ha det fint i veka for då øydelegg ein den verkelege helga. Dei tankane har ikkje Brede Aase tru på.

– Sjølv om ein får stikk av helg midt i veka vil det aldri overgå den euforiske følelsen av faktisk helg. Den ekte helga vil alltid vere best, uansett, seier han.

Forventingane er viktige

Eit viktig aspekt ved metodane som Brede Aase presenterer er betydninga av forventningane til noko gledeleg som skal skje.

– Veit ein at ein har noko å sjå fram til vil det vere ein motivasjonsfaktor i kvardagen. Det kan vere noko så enkelt som at ein har avtalt å ta nokre øl med venner ein vanleg ettermiddag eller at ein har planar om å lage eit betre måltid saman med kjærasten, seier han.

– Det treng ikkje vere så avansert, legg han til.

Eit anna poeng Brede Aase legg vekt på er at ein ikkje må stresse for å få ting gjort.

– Ta det roleg og ikkje legg for ambisiøse planar. Blir planane for avanserte vil det ha motsett effekt og du vil ikkje oppnå kjensla av kos i det heile.

Alle bilete: Skjermdumpar frå NRK P3 sin YouTube-kanal. Collage: Framtida.no

Sjølvhjelp, koking og underhaldning

Når det gjeld å sjangerbestemme den litterære utgivinga har ikkje Brede Aase klart å lande heilt på kva type bok dette er.

– Eg brukar å seie at det er ei blanding av sjølvhjelps-, koke- og underhaldningsbok, seier forfattar Brede Aase.

Brede Aase nyttar mange erfaringar frå eige liv for å illustrere korleis ein finn lukkekjensla midt i veka. Blant anna peikar han på kor viktig det er å finne tinga ein sjølv likar å drive med.

– Tittelen på boka er på mange måtar illustrerande her. Taco er for mange det klaraste symbolet på helg, men det er ingenting i vegen for å heller lukke auga å tenkje på andre ting som gir helgekjensla. Ein kan bytte ut ordet «taco» med kva som helst. Det er heilt opp til kvar enkelt, avsluttar Brede Aase.


Les også om kva Linn (20) har lært etter eitt år i Oslo: – Premium-versjonen av livet byr på meir fridom, men òg fleire utfordringar

Illustrasjonar: Linn Isabel Eielsen