Linn (20): «Dette har eg lært etter eitt år i Oslo»


Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg har no budd i Oslo i litt over eit år. Det har vore ganske spesielt.

Eg har fått leilegheita mi politiransaka, hatt eit par månadar med gynekologtimar kor dei trudde eg hadde kreft, illustrert mi første bok, begynt på antidepressiva og endeleg lært meg å (nesten) setje personlege grenser.

Dei seier at tjueåra er det tiåret kor du lærer mest om deg sjølv. Alt før det er liksom ein slags free-trial, kor du bur hos foreldra dine og får gratis mat og klede. Prøveperioden er grei den, men som alt anna er Premium-versjonen atskilleg betre.

Den einaste haka er at det er ein veldig, veldig dyr abonnementspris.

I Premium-versjonen får ein for eksempel fridom til å gå kor ein vil, eiga postkasse, og uavgrensa med nye level og nivå med store og vanskelege utfordringar.

Her er nokre ting er har lært så langt.

1. Gynekologtimar er overraskande OK

Eg hadde aldri hatt så vondt i heile mitt liv, og eg vakna kaldsveitt om nettene og kjente heilt ærleg på at kom til å døy. Etter ei veke med dette krøyp eg bort til legevakta, kor eg fekk beskjed av den mannlege legen om at eg måtte ta ei gynekologisk undersøking.

Throwbacken eg fekk til Albertine-teksten med las på vidaregåande kjentes litt som dette:

Eg begynte å grine, og klarte imellom hulka å spørje om ein kvinneleg lege. Eg venta tre timar ekstra, men fikk ein. Og ho var fantastisk i jobben sin.

Eg kjem for alltid til å hugse at ho såg på meg med glimt i auga og sa:

«Som du sikkert ser, så var denne stolen designa av ein mann. Eg har sjølv sitte i han og eg veit kor ukomfortabelt det er.»

Ho sa ikkje at det kom til å gå fint, og ho sa ikkje at det ikkje kom til å gjere vondt.

Dei fann celleendringar, som etter eit par gynekologbesøk til viste seg å ikkje vere farlege (heldigvis).

2. Det rette å gjere er ikkje alltid det lette

Han står veldig nærme deg, han er eigentleg alt du har leita etter, men det er eit lite problem. Han har kjærast. Ho berre bur litt lenger vekke en kva som er høveleg.

Eg ville ikkje vere den jenta, men eg trur at å gå heim nesten kravde meir av meg enn eg kunne gi.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

3. Ein kan til ei viss grad velje sine eige problem

Det tek kanskje ei livstid å nå punktet kor ein faktisk gir faen, men det er faktisk til ei viss grad mogleg å velje sine eige problem. Eg kan velje kva og kven eg vil bry meg om.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

Eg treng ikkje å bry meg om korleis magen min ser ut når eg sit.

Eg finst ikkje på denne planeten for å imponere framande på ein kafé.

4. Av og til er det greitt å gjere hærverk

Eg lar denne stå open, fordi eg vil ikkje betale bota for kva eg gjorde. Men eg lovar at det var nødvendig.

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen

5. Det går aldri som planlagt, men det går

Å ha eit kjempesnevert og tydeleg mål kan øydelegge mykje av vegen. Eg har slutta å seie at eg vil leve av å teikne teikneseriar, og begynt å seie at eg vil leve som frilansar.

Kvart avslag eg har fått, har eg i ettertid vore glad for. Sjølv om det svei og verka i augeblinken, så har det ført meg til noko anna. Og eg har likt det.

Livet er ei rekke av slumpetreff, og å prøve å kontrollere dei har berre gjort meg motlaus.

Så no går eg berre med på det, og ser kva om skjer.