«Noreg har eit historisk ansvar ved verdas mektigaste bord»

Naja Amanda Lynge Møretrø og Matilde Angeltveit
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Noreg skal inn i Tryggingsrådet, og klima er ein hovudprioritet for vår periode der. Det er viktig, for klima og tryggleik heng tett saman.

Klimakrisa skapar meir naturkatastrofar, og det gjer det vaskelegare å leve for folk rundt om i verda.

Det kan bidra til at område vert destabiliserte, ulikskapane veks, flyktningstraumar aukar og det vert meir kamp om ressursane.

Finansiering, gjeld og menneske på flukt

Noreg har eit historisk ansvar for klimakrisa.

Vi er eit land som har tent oss rike på å eksportere klimaendringar. Difor er det viktig at vi er ei tydeleg stemme for klimarettferd: kven som skal betale mest for utsleppskutt, og kven som skal ta kostnadane for tap og skade klimaendringane fører til.

Økonomisk tryggleik kan også verte truga av klimakrisa. Naturkatastrofar og dei andre konsekvensane av klimaendringane kan gjere at nokre land tek opp ei uhandterleg mengde gjeld, som på lang sikt også kan verte eit sikkerheitsproblem.

Klimafordrivne er ein annan type tryggleiksrisiko igjen. Det er viktig at dei som vert drivne på flukt frå klimaendringane også skal ha vern og rettar. Noreg må vere ein internasjonal pådrivar for dette. Ei løysing kan vere å innføre eit klimapass, som sikrar dei klimafordrivne same typar rettar som Nansenpasset i si tid hadde for statlause russarar.

Bilete frå eit møte i Tryggingsrådet i 2018. Foto: Un Photo/Manuel Elías

Klima er tryggleikspolitikk

Sverige i 2017-18 og Tyskland i 2019-20 brukte sine plassar i Tryggingsrådet blant anna til å setje klimakrisa på dagsorden. Når vi no skal inn i rådet må Noreg fylle denne rolla, men vi må også ta arbeidet eit skritt eller fem vidare.

For vi har berre dårlegare og dårlegare tid. 

I 2021 har vi, ifølgje FNs klimapanel, berre ni år att på å avgrense dei mest katastrofale konsekvensane av klimaendringane.

Når Noreg no har vorte med i verdas kanskje mektigaste og viktigaste internasjonale styringsorgan, er vi heilt nøydde til å adressere og setje på dagsorden det som er vår tids største utfordring.

Vi må handle som om huset vårt brenn

Vi må handle som om huset vårt brenn. Klimakrisa og tap av biologisk mangfald er ein eksistensiell trugsel for heile verda og menneska sitt livsgrunnlag. Vi må behandle det som den tryggingspolitiske utfordringa det er.

Tryggingsrådet si rolle er å sikre fred og tryggleik i verda. Vi skal handle på klima for å avgrense skadane i dag, men også for å førebygge konfliktar i framtida og gjere det vi kan for fred og tryggleiken til framtidige generasjonar.

UD har skrive at:

«Norge vil arbeide for at klimarelaterte sikkerhetstrusler drøftes i Sikkerhetsrådet og at rådet løpende vurderer hvordan klimaendringer påvirker saker som står på Sikkerhetsrådets dagsorden.»

Det er veldig bra, men vi tenker det er viktig at Noreg ikkje berre skal drøfte klimaendringar sett i lys av andre saker – vi må løfte det som ei eiga tryggingspolitisk utfordring.

Noreg må gå føre

Sist, men ikkje minst, vert Noreg meir synleg når vi sit i Tryggingsrådet. Då er det viktig at vi går føre som eit føregangsland på klima.

Vi må gje meir pengar i klimafinansiering til tap og skade, løfte klima som den krisa det er, og sjølvsagt kutte utsleppa heime.

Med plass i Tryggingsrådet gler vi i Changemaker oss til å sjå kva Noreg kan få til internasjonalt på klimasaka.

I perioden vi hadde plassen kjem USA nok til å ha ei meir forskings- og samarbeidsorientert utanrikspolitikk, og det håpar Changemaker vi utnyttar til å gå saman om å løyse vår tids største utfordring – klimakrisa.


Har du noko på hjarte? Send ditt innlegg til tips(a)framtida.no!

Les også meiningsinnlegget: «Klimakrisa er ikkje Frode (43) si skuld – vi må endre systemet»

Ingeborg Heltne og Esten Segbø meiner vi lyt innsjå at ressursane på jordkloden ikkje er endelause, og handle deretter. Foto: Privat, Kollasj: Framtida.no