«Ved å nekte den største minoriteten i Noreg å bruke tog, skaper vi barrierar»

Marianne Knudsen
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Sjølv elskar eg å ta tog.

Men kvar gong eg vil ta toget til ein stasjon eg ikkje har prøvd før, må eg sjekke på nettsidene til Bane NOR om eg i det heile tatt kan bruke perrongen.

Kanskje er der ei rampe? Altfor ofte stoppar toget ikkje toget slik at døra treff rampa. Av tidsomsyn vil ikkje føraren justere toget. Å skulle ta tog med rullestol er å gamble.

Sat fast på plattforma

Det fekk eg oppleve i fjor, då eg og to veninner skulle på konsert på Kolbotn kulturhus.

Vi gledde oss.

Vi kom til Kolbotn stasjon og gjekk av toget.

Det vart ingen konsert den kvelden, og vi sat fast på plattforma til neste tog kom

Men frå plattforma kom vi oss ikkje av flekken. Ingen hadde fortalt oss at den einaste måten å kome seg frå plattforma var via ei bratt trapp.

Det vart ingen konsert den kvelden, og vi sat fast på plattforma til neste tog kom. Oppgradering av Kolbotn stasjon har planlagt byggestart i 2022.

Det handlar om likestilling

Dette handlar om likestilling. Det handlar om retten til å vere ein del av samfunnet du lever i, ved at du får velje korleis du vil kome deg rundt i det.

Ved å nekte den største minoriteten i Noreg å bruke tog, skaper vi barrierar. Ved å fjerne barrierane, fremmer vi likestillinga.

I dag er 127 av 334 jernbanestasjonar tilgjengelege for rullestolbrukarar. Av desse er berre 31 universelt utforma.

Det er på høg tid at det blir laga ein langsiktig plan, slik at togtilbodet blir tilgjengeleg for alle.

Åtvarar mot mellombels kvilepute

Tog er ein av dei mest effektive måtane å reise på mange stader i landet. Det er òg meir miljøvenleg enn både bil og fly.

Vi ønsker å reise kjapt og miljøvenleg, på lik linje med alle andre

At menneske med nedsett funksjonsevne blir stengt ute frå ein reisemåte dei fleste tek for gitt, er ein stor urett. Vi ønsker å reise kjapt og miljøvenleg, på lik linje med alle andre.

Enkelte meiner at det bør settast inn midlertidige tiltak på utilgjengelege stasjonar. Dette vil vi åtvare mot.

Mellombelse løysingar er ikkje nødvendigvis billege for samfunnet, og kan bli ei kvilepute mot å gjennomføre endringar som gir full universell utforming.

Held ikkje med kortsiktige planar

Universell utforming kostar, men er ei nødvendig investering.

Oppgraderingar til universell utforming skjer berre når togstasjonane uansett må bli utbetra.

Når regjering og storting ikkje set av tilstrekkelege midlar til å oppgradere større delar av infrastrukturen, er dette eit uttrykk for at likestilling ikkje er viktig.

Det er ikkje viktig nok at alle har likeverdig tilgang til ei av dei viktigaste transporttenestene. Om styresmaktene meiner alvor med at menneske med nedsett funksjonsevne skal kunne bruke tog like lett som kven som helst, held det ikkje med  kortsiktige planar.

Vi meiner difor at det må utarbeidast ein plan av jernbanedirektoratet, som Samferdsledepartementet løftar i regjeringa, som Stortinget løyver midlar til, og som Bane Nor kan sette ut i livet.

Det fortener klimaet, og alle vi som ønsker å bidra ved å reise med tog.


Marianne Knudsen er nyvald leiar i NHFU. Om ho kunne invitert kven som helst på middag, hadde det vorte Michelle Obama. Foto: Privat, Heiko Junge / NTB