«Lat oss ikkje oppmuntre til eit enda større karakterpress, lat oss halde på nærskuleprinsippet»

Ådne Reidar Nes Kleppe
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Eg synest det er urovekkjande og trist at Venstre og Solberg-regjeringa no ynskjer å fjerne nærskuleprinsippet, som vert nytta i dei fleste norske fylka i dag.

Venstre-leiar Guri Melby offentleggjorde søndag regjeringa sin plan om å innføre det ho omtala som «eit friare skuleval for elevar i vidaregåande skular».

I realiteten vil det føre til at dei elevane som allereie gjer det bra får gode valmoglegheiter, men at dei med dårlegare karakterar kan måtte risikere å bli bussa til ein annan skule eller ein anna kommune enn den som ligg nærast heimen.

I verste fall kan det føre til at elevar som framleis treng å bu heime med sine føresette må flytte på hybel og gå inn i vaksenlivet allereie som 16-åring.

Karekterjag

Skulen skal vere noko meir enn eit karakterjag, der elevane berre stressar for å oppnå best mogleg karakterar i ei allereie krevjande tid då dei både skal finne ut kven dei sjølve er og dei skal få halde på med ulike aktivitetar.

Elevane må prestere enda betre for å kome inn på den skulen dei ynskjer

Som lektorstudent ser eg korleis mange elevar allereie i 8. klasse byrjar å stresse med karakterar i fag, og korleis denne byrda vert for tung for mange som har betydeleg nok av andre faktorar i kvardagen dei skal stresse med.

Det som kan skje no er at elevane må prestere enda betre for å kome inn på den skulen dei ynskjer.

Berre for dei beste?

For dei aller «beste elevane» vil nok dette gå heilt fint, ettersom dei presterer på eit høgt nivå og då i realiteten truleg får større valmoglegheiter.

Det eg derimot er uroa for er dei elevane som allereie slit med å oppnå dei karakterane som dei har, og no vil kjenne på eit enda større press om å prestere på eit høgt nivå.

Sender eit signal om at det berre er dei «beste elevane» som skulen legg til rette for

Prinsippet for skuleinntak som Venstre no ynskjer å innføre sender eit signal om at det berre er dei «beste elevane» som skulen legg til rette for; dei andre elevane får ta det dei får.

85 % kjem inn på førstevalet

Både Elevorganisasjonen og Kommunane sin interesseorganisasjon (KS) er mot forslaget til regjeringa.

KS har uttalt at med dagens modell der fylka sit med makta til å bestemme kva inntaksmodell som skal gjelde, så kjem heile 85% av elevane på den vidaregåande skulen inn på sitt fyrsteval.

Astrid Sandsør, forskar ved Nordisk Institutt for studier av innovasjon, forsking og utdanning sa mellom anna nyleg i eit intervju med NRK at det er fordelar og bakdelar med regjeringa sin føreslegne modell, men at ein konsekvens vil kunne vere meir segregering, med tanke på sosioøkonomisk status og innvandrarbakgrunn, i tillegg til karakterskilje.

Astrid Sandsør konkluderte med at det vil kunne bli eit meir delt skulesystem.

A- og B-skular

Eit resultat av ein reint karakterbasert inntaksmodell vil kunne vere reine A- og B-skular, og vil vere negativt for fellesskulemodellen vår.

Vi kan ikkje stille oss bak ein modell der fylka sine demokratiske valde organ vert overkøyrde, der eit resultat av regjeringa sin skulepolitikk vert ein meir delt skule.

Det handlar om trygge rammer, gode oppvekstvilkår og ein skule som er der for alle elevar; ikkje berre dei med høgast karakter. Lat oss ikkje oppmuntre til eit enda større karakterpress, lat oss halde på nærskuleprinsippet.