Auka einsemd blant studentar

Nær sju av ti studentar i Noreg opplever ulike grader av einsemd, går det fram av ei undersøking gjennomført av Sentio for Norsk studentorganisasjon (NSO) og Khrono.

Nynorsk Pressekontor
Publisert

Av dei spurde svarte 46 prosent at dei føler seg litt einsame, 16 prosent føler seg ein god del einsame, og 6 prosent føler seg svært einsame. Dette utgjer til saman 68 prosent, medan 32 prosent ikkje føler seg einsame i det heile teke, skriv Khrono.

Marianne Karlsen frå studentsamskipnaden Sit påpeiker at mange studentar kjenner på einsemd, spesielt i overgangsfasen etter å ha flytta til ein ny stad.

– Vi møter ein del førsteårsstudentar som kjem til Sit for samtale og fortel at dei ikkje har blitt kjent med nokon. Dei kjenner på einsemd, noko som ikkje er så rart. Det er ikkje uvanleg at studentar kan kjenne på einsemd når dei flyttar til ein ny by der dei ikkje har etablert seg eller har vennskap endå, seier Karlsen til Khrono.

Ho oppfordrar studentar til å ta initiativ og våge å snakke med andre, sjølv om det kan vere utfordrande