LO krev krisetiltak for studentar

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

LO meiner tiltaka må på plass slik at studentar som har mista deltidsjobben og store delar av inntekta under koronakrisa, får råd til å fullføre utdanninga. Det skriv FriFagbevegelse.

Mellombels rett til dagpengar under koronapandemien og eit eige koronastipend gjennom Lånekassa er LOs krav til strakstiltak.

I tillegg til strakstiltaka, krev LO at rett til dagpengar på varig basis må vurderast, ein auke i lån og stipend frå Lånekassa, fleire og rimelegare studentbustader og eit løft i det psykiske helsetilbodet.

– Koronakrisa viser kor sårbare studentar er for kriser og svingingar i arbeidsmarknaden, seier LO-sekretær Kristin Sæther.

– Vi er avhengig av at unge folk har tillit til velferdsstaten i krisetider når dei verkeleg har bruk for han. Det er dei som skal bere den vidare, seier Sæther.


Les også: Lang kø for å få time hos studentpsykolog

Illustrasjonsfoto: Kinga Cichewicz