Biskop beklagar konfirmasjonstalen til sokneprest

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reaksjonane på sokneprest Bjarne Gustads tale til ungdommane har vore sterke, og no beklagar biskopen i Nord-Hålogaland fråsegnene. Samtidig blir soknepresten kalla inn på teppet.

– Eg tek avstand frå bodskapen presten kom med i gudstenesta, det er ikkje i tråd med kva kyrkja står for. Eg vil beklage overfor konfirmantane og familiane og gjestene deira, seier biskop Olav Øygard i Nord-Hålogaland i ei pressemelding.

Biskopen har støtte frå Preses i Den norske kyrkja, Olav Fykse Tveit.

– Biskopen i Nord-Hålogaland handterer no denne saka i tråd med prosedyrane til kyrkja, seier han.

Soknepresten heldt nærast ein toretale for ungdommane der han mellom anna åtvara mot at ekteskap med same kjønn var mot Guds skaparordning, at Noreg har ein «ugudeleg lov» som gjer det lovleg å ta abort, og der han åtvara mot kvinnelist og at kvinner har eit særleg ansvar for utruskap.

Presten har sagt til VG at han vil halde fram med å ta opp desse temaa òg i framtidige talar. (©NPK)

LES OGSÅ: Rekordmange unge går til dåpen – der døyper Eli Maria seg

Sokneprest Olav Johannes Oma døypte Eli Maria Marås. Foto: Svein Olav B. Langåker