Ulrikke Falch forklarar: – Samtykke er sexy

Bente Kjøllesdal
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Når vi snakkar om seksuelle overgrep og valdtekt ser vi ofte for oss skrekkscenario der folk hoppar ut av buskene i ein park, og valdtek nokon med fysisk makt. I realiteten så er det veldig sjeldan sånn.

Det seier skodespelar og samfunnsdebattant Ulrikke Falch i ein ny informasjonsvideo om samtykke frå stiftinga Javielsker.

Målet med videoen er å førebygge seksuelle krenkingar og overgrep blant ungdom.

– Dei aller fleste som vert valdtekne vert det av nokon dei kjenner og stolar på, ofte på fest eller heime hjå nokon, held Falch fram.

«Ikkje ver så kjip då!»

«Kva er problemet? Vi har hatt sex før.»

«Kom igjen då, eg trudde du likte meg.»

«Du hadde lyst i stad.»

«Kan du ikkje gjere det, då, berre for meg?»

«Ikkje ver så kjip då!»

«Eg lovar deg, du kjem til å like det.»

«Eg er så kåt.»

Slike utsegn er ikkje å be om samtykke. 

– Ein skal ikkje trenge å overtale nokon til å ha sex, understrekar Falch i videoen.

Samtykke er sexy

I tillegg til at det vert sagt «ja», så skal kroppen også seie ja, forklarar Ulrikke Falch.

Ein må følgje med på kroppsspråket til den ein vil ha sex med, og ein må sjekke inn med kvarandre av og til. Er dette framleis fint? Det er lov å angre, poengterer ho i videoen.

Sjølv om ein har flørta, har hooka tidlegare, har spandert ein drink eller er naken, så betyr det ikkje at ein har krav på sex.

– Samtykke er ikkje berre sexy, det er også heilt nødvendig. Sex utan samtykke, det er overgrep. Seksuell omgang utan samtykke det er ikkje sex, det er valdtekt, seier Falch i videoen.

Samstundes er der nokre situasjonar der ein berre ikkje skal ha sex uansett: om ein er for full, om nokon er mindreårige eller om det er ubalanse i maktforholdet.

– Sjølv om det er kjipt å verte avvist, eller å avbryte midt i eit ligg, så er det endå kjipare å vere overgripar, konstaterer Ulrikke Falch i videoen.

Ingen peikefinger

Videoen er laga av Jaavielsker, ei stifting som arbeider for å betre den seksuelle helsa i befolkninga. Stiftinga fekk tildelt middel frå kriminalitetsforebygging.no for å lage videoen, som er inspirert av ein amerikansk variant.

Håpet er at videoen kan vere eit verdifult tilskot i seksualitetsundervisninga for unge.

Til Tønsbergs Blad seier prosjektleiar Ellen Morgenstierne at dette er ein sexpositivistisk film som alle har godt av å sjå, sjølv om målgruppa er dei mellom 13 og 20 år.

– Sex må vere frivillig, det er grunnsteinen i alt. Filmen har ingen peikefinger. Dette handlar om å vere i stand til å setje grenser for seg sjølv, samstundes gje uttrykk for eige behov, seier Morgenstierne til Tønsbergs Blad.

Illustrasjonsfoto: Gregory Pappas/Unsplash.com