Over 40 prosent av kvinner i 20-åra har hatt uønskt sex

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Undersøkinga er gjennomført av Norstat på vegner av NRK, i samband med ei større sak og ein episode av dokumentarserien Innafor.

Utvalet består av 500 kvinner og menn i alderen 20–29 år frå heile Noreg.

Av dei som seier dei har hatt sex utan å ønskje det, svarer 37 prosent av kvinnene at det har skjedd medan dei sov eller var rusa.

Same mengd svarer at dei sa nei, men at dei ikkje vart høyrde. 33 prosent svarer at det var lettare å la det skje, enn å seie nei.

15% av menna har hatt uønskt sex

Også 15 prosent av dei spurde mennene oppgir at dei har hatt uønskt sex éin eller fleire gonger.

Dei fleste av desse seier at det skjedde fordi dei ikkje ville skape dårleg stemning ved å sei nei, eller fordi det var lettare å la det skje, enn å sei nei.

Henning Rasmussen (18) frå Klepp går tredjeklasse på Stavanger katedralskole og er aktuell med diktsamlinga «Du skal bli elsket lenge» på Publica forlag. Pressefoto