«Gutar er gutar»: – Menn får nærast ikkje også synest at sex kan vere kjipt

Karoline Skarstein
Publisert
Oppdatert 20.04.2023 10:04

Dette er eit meiningsinnlegg og gjev uttrykk for skribenten sine eigne meiningar.

Nyleg kunne NRK fortelle at rundt 42 % av norske jenter i byrjinga av tjueåra hadde hatt det NRK omtalte som «ufrivillig sex». 16 % hadde hatt det fleire gonger. 15 % av dei spurde gutane fortel om det samme. Ingenting av dette er spesielt overraskande, diverre.

Men så har NRK også spurt om korleis gutar og jenter har opplevd den ufrivillige sexen. Der 34 % av jentene meinte dei hadde blitt utsett for eit overgrep, svarte berre 14 % av gutane det same. Der 15 % av jentene såg på den ufrivillige sexen som nærast eit uhell, svarte heile 63 % av gutane det same.

NRK inviterer også ein ekspert, ein psykolog, som kan fortelle av eigen erfaring at det ikkje var så skummelt å bli utsett for uønska sex, då han var fysisk overlegen. Og at dersom ho klarte å gi han ereksjon, måtte det vel vere greit. Det er nesten skandaløst at verken psykologen eller NRK presiserer at ein faktisk kan få ereksjon, sjølv om ein blir utsett for eit overgrep.

Menn får nærast ikkje også synest at sex kan vere kjipt

Og undersøkinga er diverre også ganske svak. Det er umogleg å vite kva respondentane eigentleg har lagt i omgrepet «ufrivillig sex». Det kan i utgangspunktet vere kva som helst mellom manglande lyst og offer for overgrep. I tillegg viser NRK liten vilje til faktisk å forstå menn som offer. Historien til psykologen var kanskje heilt udramatisk for han, men den er dessverre ganske symptomatisk for det som møter mange menn når dei fortel om uønska sex eller overgrep. Menn får nærast ikkje også synest at sex kan vere kjipt, og dei bør i alle fall klare å kome seg unna.

Psykologen seier sjølv at: «Det er ein forskjell på korleis ein opplever situasjonen: Om den er truande, eller berre feil, ubehageleg, invaderande og ekkel. På den måten har kjønn og styrke mykje å seie.»

Likevel droppar NRK kjønnsperspektivet på (i mangel av betre ord) overgripar.

Ein gløymer at dei fleste menn som vert utsette for overgrep er offer for andre menn. Då speler plutseleg ikkje fysisk overlegenheit i forhold til kvinner, like stor rolle. Og at homofile menn i tillegg er ekstra utsette.

Det er skuffande at NRK ikkje klarar å ta det perspektivet innover seg. I staden vert det heller snakka om jenter som fraus i situasjonen og gutar som leitar febrilsk etter noko som kan tolkast som eit ja.

Eg hugsar då eg sjølv var ein ung pubertal gutunge (i alle fall for verda rundt meg) og det einaste vi snakka om var sex. Det ultimate målet for ein kvar gut måtte jo vere å ha sex, det var du blei mann.

Vi snakka ikkje om å vere forsiktige, eller å kjenne om vi klar for det, gutar er jo gutar. Kan ikkje hugse at nokon andre snakka om det heller, eller at det var noko vi fokuserte på i seksualundervisninga, eller dei få timane ein fekk med helsesøster.

Heile den maskuline kulturen handlar om mannen som den dominerande og frampå

Heile den maskuline kulturen handlar om mannen som den dominerande og frampå, den som tek for seg. Og det vert forsterka gjennom alt ein konsumerer av film, tv, musikk, porno, litteratur og anna. Mannen skal ikkje vere den som kjenner på følelsar før han går inn i ei seksuell relasjon. Tvert i mot, menn skal vere den grensesprengande, nesten dyriske. Og kvinner lærer at dei må halde seg til det.

Alt for mange kvinner aksepterer seksuelle krenkingar som noko ein nesten må leve med. Det er nærast tillært. Då eg kom ut, skifta kjønn, tok det ikkje lang tid før eg plutseleg fekk hender på både rumpe og skritt på byen, og det blei avdramatisert av andre jenter med at slik var det, gutar er gutar. Men gutar er ikkje berre gutar, gutar er eit produkt av den oppveksten dei får, den lærdommen samfunnet gir dei. Der har alle, også NRK eit ansvar.

Når så mange menn i forhold til kvinner bagatelliserer det dei har blitt utsette for som uhell, tenker eg ikkje berre at det handlar om fysisk styrke, men også om at menn ikkje vert gitt rom til å vere offer.

Vi har lett for å fastslå at porno er dumt, menn må kommunisere, menn må forstå kvinner sine grenser – men menn må også lære seg å forstå eigne grenser. Det er ikkje berre kvinner som treng å verte frigjorde frå gamle førestillingar om kva det vil seie å vere kvinne, menn treng også å få losne litt på normene.

Og vi har kanskje ikkje ein direkte valdtektskultur, men vi har ein kultur der menn som tek for seg blir normalisert og til dels også hylla av veldig mange andre menn, som om det å ikkje forstå grenser i seksualiteten er noko naturlig.

Men eg tenker eigentleg at dersom menn ikkje forstår eigne grenser, korleis skal dei då eigentleg forstå andre sine grenser?


Har du noko på hjarta? Send til tips(a)framtida.no!

Inti Chavez Perez er aktuell med boka Respekt – en sexbok for gutter. Foto: Bente Kjøllesdal