Her er dei nye koronatiltaka

Dette er dei nye koronainnstrammingane regjeringa innfører:

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Tilrådingar for heile landet:

Hald deg heime

Alle må i dei kommande vekene halde seg heime i størst mogleg grad og avgrense sosial kontakt med andre menneske.

Ikkje fleire enn fem gjester (i tillegg til husstandsmedlemmer)

I private heimar, hagar eller hytter bør ein ikkje ha meir enn fem gjester i tillegg til husstandsmedlemmer. Viss alle gjestene er frå same husstand, kan ein vere fleire. To familiar kan møtast sjølv om dei har mange barn. Avgrensinga om at ein ikkje bør ha fleire enn fem gjester, gjeld ikkje for barnehage- eller barneskulekohortar.

2 meter avstand til risikogruppa (om du har vore nær andre)

Unge og vaksne som har vore saman med venner og i andre situasjonar der det ikkje har vore ein meters avstand, bør halde to meters avstand til folk i risikogruppa.

Unngå unødvendige innanlandsreiser

Unngå unødvendige innanlandsreiser. Arbeidsreiser som blir vurderte som nødvendige og reiser til fritidseigedommar som kan gjennomførast utan kontakt med andre, er unnatekne.

Redusert høgare undervisning

Alle universitet, høgskular og fagskular skal vurdere om dei i perioden framover kan redusere undervisning og annan aktivitet som bidreg til auka mobilitet, mellom anna press på kollektivtrafikken.

Vidaregåande og ungdomsskular kan bli raude

Vidaregåande skular og ungdomsskular må førebu seg på at tiltaksnivået kan bli raudt, dersom smitten stig ytterlegare.

Reglar for heile landet:

Maks 20 personar i private samankomstar

Grense på inntil 20 personar på private samankomstar på offentlege stader og i leigde lokale og 50 personar på innandørs arrangement utan fastmonterte sete. Innandørs kan det vere inntil 200 personar på arrangement der alle i publikum sit i fastmonterte sete. Endringa blir sett i verk midnatt, natt til måndag 9. november.

Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00

Nasjonal skjenkestopp kl. 24.00. Serveringsstader med skjenkeløyve kan ikkje sleppe inn nye gjester etter kl. 22.00. Endringa blir sett i verk ved midnatt, natt til laurdag 7. november.

Innreisekarantene for land med høg smitte

Arbeidsreisande som i dei siste 10 døgna før dei kjem til Noreg har opphalde seg i område med særleg høgt smittenivå, kan ikkje lenger nytte seg av ordninga med testing kvar tredje dag. Hovudregelen om innreisekarantene vil derfor i utgangspunktet gjelde for arbeidstakarar frå desse områda.

Jamleg testing og einerom for utanlandsarbeidarar

For arbeidstakarar som kan nytte seg av unntaket i § 6 c er det gjort endringar i reglane: Arbeidstakarar som har fritidskarantene, skal testast kvar tredje dag og vere innkvartert på einerom dei ti første dagane i landet. Arbeidsgivar skal leggje til rette for avstand til andre når arbeidstakaren er i fritidskarantene. Unntaket gir ikkje lenger fritak for innreisekarantene på fritida.

Negativ covid-19-test ved innreise

Reisande frå raude land må framvise attest på negativ covid-19-test når dei kjem til Noreg. Testen må vere teken under 72 timar før innreisa. Dersom personen ikkje framviser ein slik test, kan vedkommande bli nekta innreise. Dette blir sett i verk frå midnatt, natt til måndag 9. november.

  •  Kravet skal ikkje gjelde for nordmenn, personar som har bustad i Noreg eller personar i transitt.
  • Kravet gjeld ikkje personar som jamleg kjem til Noreg frå Sverige og Finland for å jobbe.
  • Kravet gjeld helsepersonell som pendlar til Noreg og som har vore meir enn sju dagar utanfor Noreg.
  • Personell i kritiske samfunnsfunksjonar kan gjerast unntak for når det er nødvendig for å unngå fare for liv og helse.

Karantenehotell for innreisande

Personar som kjem til Noreg, må ha fast tilhald i landet, eller arbeids- eller oppdragsgivar må gi garanti for eigna tilhaldsstad når dei kjem til Noreg. Personar, inkludert turistar og besøkjande, som verken har eige tilhald eller arbeids- eller oppdragsgivar i Noreg må opphalde seg på karantenehotell og teste seg i karanteneperioden. Dette gjeld òg familiemedlemmer som kjem for å besøkje slekt i Noreg. Helsedirektoratet blir gitt i oppdrag å greie ut korleis desse krava kan innførast. Fram til dette er etablert, blir grensekontrollen forsterka etter eksisterande regelverk.

Tiltak som kommunar i regionar med mykje smitte bør vurdere å innføre

  • Stans i breiddeidrett for vaksne
  • Vurdere stans i breiddeidrett for barn og unge under 20 år
  • Ytterlegare restriksjonar retta mot serveringsstader, til dømes full skjenkestopp eller stenging klokka 22 for å redusere talet på besøkjande i løpet av ein kveld
  • Ytterlegare avgrensingar i storleiken på ulike arrangement
  • Tilråding om bruk av munnbind i taxi når det blir tilrådd brukt i kollektivtransport
  • Raudt nivå på vidaregåande skular. Ungdomsskular bør førebu seg på raudt nivå
  • To meters avstand ved fysisk aktivitet innandørs
  • Obligatorisk heimekontor
  • Sterkare tilråding om å unngå kollektivtrafikk
  • Stengje eller avgrense verksemder og aktivitetar som har stort potensial for smittespreiing, som til dømes symjehallar, treningssenter, idrettshallar, bingohallar, museum, bibliotek, arrangementsstader utan fastmonterte sete og andre offentlege stader der mange møtes innandørs

Illustrasjonsfoto av munnbind, Visuals/Unsplash