Dette er koronasangen alle bør lytte til no
Den vietnamesiske koronahiten Ghen Cô Vy har kome i engelsk cover – med hjelp frå stjerneprodusenten Max Martin.

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
For å spreie informasjon om koronaviruset i Ghana tok den svensk-ghanesiske organisasjonen Project Nima iniativet til å lage ein engelsk cover av den vietnamesiske koronalåten Ghen Cô Vy.
Men dei trong litt hjelp for å få det til.
Difor tok organisasjonen kontakt med den svenske stjerneprodusenten Max Martin. Han slo for alvor gjennom då han skreiv og produserte Britney-klassikaren …Baby one more time og har sidan då vore ei hitmaskin av rang. Kunne han bidra?
– Det er heilt sprøtt, vi trur framleis ikkje det er sant! Han svara og sa: «gje meg nokre dagar, så kjem eg att med ein låt», seier Project Nima-grunnleggjar Christina Wenngren til SVT, som først omtalte saka.
Max Martin kopla på LA-produsentane Matthew Engst og Chau Phan, og bidrog sjølv med å koordinere musikksida av prosjektet.
Resultatet vart ein musikkvideo, spelt inn med både svensk og ghanesisk ungdom, som no vert spelt på Ghana sin største TV-kanal kvar fjerde time.
Sjå videoen og høyr låten her:
- Les også: Dette gjev deg lyst til å vaske hendene

Øvst frå venstre er Instagram-brukaren Auntie Hortensia, under kunsten til Sara Shakeel og til høgre ein viral TikTok-dans. Foto: Instagram/TikTok