Femten kule kart som gjev deg eit nytt syn på verda

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 16.11.2020 11:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det finst tallaust med kreative folk, og nokre av dei har laga kule kart som gjer at du ser verda med litt andre auge etterpå.

Det er òg potensielt timesvis med underhaldning.

Den faktiske storleiken på land

På kartet ser Grønland ut som eit massivt land.

Men sidan verda trass alt er ei kule, vert ting litt større di lengre sør og nord ein kjem – når ein skal dra det ut til eit flatt kart.

Her kan du plotte inn eit land og dra det over andre land i verda, for å sjå kor stort (eller lite) det eigentleg er samanlikna med andre land.

For Noreg er rett nok langstrakt, men når du plasserer det over Den demokratiske republikken Kongo, så vert det plutseleg ikkje like stort.

Ting i rommet

Stuffinspace har samla alle objekt som går rundt jordas bane og visualisert det for oss. Dei oppdaterer sida kvar dag og brukar data frå Space-Track.org og satellite.js sitt Javascript-bibliotek for å kalkulera kor satelittane er.

Resultatet er overraskande vakkert:

Omsetjingskart

Dersom du er språknerd, er dette kartet for deg!

På dette kartet kan du plotte inn engelske ord og sjå kva same ordet er på andre europeiske språk:

Det er berre å slå seg laus.

Korleis verda fordeler seg

Korleis hadde verda sett ut dersom landa med høgast innbyggartal, også var størt? Eller landa med flest milliardærar? Eller høgast gjeld?

Her kan du finna det ut!

Segnkart

Universitetet i Oslo har laga eit kart over norske soger! Der kan du sjekke kva soger som høyrer heimstaden din til, kva andre plasser dei har liknande soger og du kan finne soger ut frå tema!

Kven har vel ikkje vore nyskjerrig på Mortens siste sjøreise – draugenes og dauingenes kamp?

Skjermdump frå Norsk Folkesminnesamling.

Kart over verdas innbyggjarar

Dette er eit kart som er så mykje meir enn eit kart. Her kan du bli sitjande ein heil dag.

Målet er å gjera demografi meir tilgjengeleg. Her kan du plotte inn kor tid og kvar du var fødd, og sjå kor lenge du statistisk sett kjem til å leve og korleis du passar inn i verdsstatistikken.

Kva om du var fødd i eit anna land?

Kor mange har same bursdag som deg?

Kva milepålar er det spådd at du når?

All flytrafikken i verda – akkurat no

Kvart sekund, kvar time flyg det tusenvis av fly rundt om i verda. Men korleis ser det eigentleg ut?

Flightradar kan ein mate sin indre flynerd og følgje med in real time, på alle fly. Berre pass på å ikkje bli ein creep!

Bonus: Her kan du også sjå ei litt vakrare visualisering av alle flyturane og korleis det heng saman, men dette er ikkje ekte flyruter i reell tid.

Sjøtrafikken – akkurat no

Om ikkje fly er di greie, men du likar deg betre til havs: Det finst eit kart for deg òg.

Du kan sjå live-kart over all marintrafikk her.

Dersom du zoomar godt inn og trykker på eit skip, så får du til og med sjå bilete av båten, avgang og forventa ankomst og kva rute den tek.

Bonuskart: Dersom du heller vil sjå kor mykje trafikk det er til sjøs i løpet av eitt år, så er dette interaktive kartet frå UCL Energy Institute for deg. Der kan du sjå både fartøy som bevegar seg til havs, men òg ruter og hamner. (Plottblottar: Det er ganske fint!)

Europa gjennom tidene

Kva med å få heile grensehistorikken i Europa oppsummert på 11 minutt? Ver så god:

Eller dersom du har heile 19 minutt til rådigheit, så kan du ta heile verda:

Lyn og tore

Kor lynar det akkurat no? Hjå Blitzortung kan du sjå eit kart som viser kor lynet slår ned, med berre nokre sekund forseinking.

Eller du kan sjekke det same hjå Lightning Maps, og for Noreg spesifikt på Meteorologisk institutt si teneste: lyn.met.no!

Migrasjonskart

Saman med den ideelle organisasjonen The Nature Conservancy har forskarar frå Universitetet i Washington laga eit kart som syner korleis dyr lyt flytte på seg for å overleve etterkvart som klimaendringane endrar habitata deira.

Google Timelapse

Visste du at Google har eit prosjekt som syner korleis jorda har endra seg dei siste 35 åra?

På Earth Timelapse kan du sjå mellom anna korleis isbreen Columbia i Alaska har trekt seg tilbake dei siste tre tiåra, korleis Aralsjøen har tørka inn eller korleis byveksten har vore i Naypyitaw på Myanmar.

Kablane som koplar verda saman

Har du nokon gong tenkt på korleis vi (i gamle dagar) kunne bruke hustelefonen til å ringe frå eit kontinent til eit anna? Korleis ligg alle kablane i havet?

Dei alle første kommunikasjons-kablane vart lagt på 1850-talet, nettopp for å kunne ringe med telefon. No er det internett- og mobil-trafikk som går gjennom kablane.

Men du ser dei aldri, djupt nede i havgapet. I dette kartet kan du sjå korleis verda heng saman, med ledningar og kablar – og du kan klikka deg gjennom ulike årstal og sjå korleis det såg ut då.


Foto; Romeo’s Big Journey Home på Facebook.