Programkomiteen til SV føreslår gratis psykisk helsehjelp for alle under 25 år

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Dette vil bli eit lågterskeltilbod som vil gjere det lettare for folk å kome over i lågterskelbehandling. I dag er ventetidene lange og det er dyrt for unge folk, eit lågterskeltibod gjer det lettare å ta tak i problema tidlegare.

Det seier Andreas Sjalg Unneland, som er medlem i programkomiteen til Sosialistisk Venstreparti.

Dei føreslår ei ny ordning som skal gjera det gratis for unge under 25 år å få psykisk helsehjelp.

– Kjem til å kosta pengar

Ordninga er inspirert av Danmark, der søsterpartiet Socialistisk Folkeparti har fått igjennom ei liknande ordning.

I Danmark viste tilbodet seg å bli mykje brukt og allereie første året vart utgiftene 9,6 millionar danske kroner dyrare enn antatt, ifølgje Jyllands-Posten.

Akkurat kor mykje ei slik ordning vil kosta har ikkje Unneland noko svar på.

– Men at det kjem til å kosta pengar er heilt riktig. Grunnen til at me har eit så bra helsesystem i Noreg, er at me brukar pengar på det. Skal me ta eit krafttak for psykisk helse, spesielt no under korona må me bruka pengar på det.

Leiar i Mental Helse Ungdom, Martine Antonsen, vil heller ha skulepsykologar. Foto: MHU

Mental Helse Ungdom vil ha skulepsykologar

Leiar i Mental Helse Ungdom, Martine Antonsen, meiner at forslaget frå programkomiteen til SV har både positive og negative sider.

– Det positive er at terskelen blir lågare, men om terskelen vert erstatta av lengre ventetid så er det ikkje nødvendigvis positivt, skriv ho i ein e-post til Framtida.no.

– Me har større tru på skulepsykologar som supplerer helsesjukepleier og skulelege, og som gir direkte samtalar til barn og ungdom, forklarar Antonsen.

Ho viser til at både SV, Senterpartiet og Arbeidarpartiet i Viken har programfesta eit slikt tilbod

– Og ved eit regjeringsskifte forventar me at dette gjennomførast, avsluttar ho.

F.v. Helsesista
Tale Maria Krohn Engvik (Foto: Ingvild Eide Leirfall) og Ingebjørg Blindheim i Psyktærlig (Foto: Privat).