Norsk Målungdom håpar på eit løft for kvensk

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka kom det fram at Kommunal- og moderniseringsdepartementet skal greie ut om kvensk kan løftast til nivå 3 i minoritetsspråkpakta.

Dette vert godt teke i mot av Norsk Målungdom, som i eit fråsegn tidlegare i år gjekk inn for å heva språket til nivå tre.

– Staten har ansvar for å verne og fremme kvensk. For å sikre dette må kvensk bli heva til nivå 3. Dette kan gjere det lettare for fleire å lære og nytte kvensk, seier leiar Gunnhild Skjold i ei pressemelding.

Fleire vil heva nivået

I dag er det kvenske språket i Noreg på nivå 2 i den europeiske minritetsspråkpakta. Både Norske Kveners Forbund og Svenska Tornedalingars Riksförbund har gått inn for å løfta språket opp på nivå tre, slik svenske myndigheiter har gjort med systerspråket meänkieli.

Ei nivåheving inneber strengare krav til fremming og vern av kvensk, som har vore anerkjent som eige språk sidan 2015.

Ifølgje målungdommen kan det syte for at kommunane får tilskot til å utvikle skulemateriell, utdanne lærarar og drive kvenskopplæring i barnehagar og skular.

– Eit lite skritt i riktig retning

Norsk Målundom ser god kvenskopplæring som heilt sentralt for å sikre framtida for det kvenske språket.

– Noreg er, og har alltid vore, eit fleirspråkleg samfunn. Det må lovverket reflektere. Denne utgreiinga er eit lite skritt i riktig retning, seier Skjold, og legg til:

– No håpar vi at dette fører til auka status for det kvenske språket, avsluttar Skjold.

Paddeby

Flyfoto av Paddeby, Vadsø. Foto: Vadsø museum – Ruija kvenmuseum, CC BY-SA 4.0-lisens