13 Trump-augeblikk vi aldri kjem til å gløyme

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 11.11.2020 08:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det var ikkje mange som trudde han skulle ende opp som president, då Donald Trump melde at han ville stille til val i 2016. Men president vart han, og presidentskapet hans har vore uvanleg.

I løpet av fire år som verdas mektigaste mann, har Donald Trump meldt USA ut av både Parisavtalen og Iran-avtalen, trekt i tvil Verdas helseorganisasjon (WHO) medan ein global pandemi råkar verda, og sådd tvil om forsvarsalliansen NATO.

Dette er nokre av dei mest absurde eller oppsiktsvekkande augeblikka dei siste fire åra: 

«Grab ’em by the pussy»

Det var nokre som trudde valet vart tapt for Donald Trump, før stemmene i det heile var gjevne.

I oktober 2016 publiserte den amerikanske avisa The Washington Post eit opptak frå 2005, der Donald Trump og TV-vert Billy Bush snakkar på ein buss på veg til eit TV-opptak.

I filmen kan ein høyre dei to diskutere kvinner, og Trump, som då var presidentkandidat, seie:

– Eg ventar ikkje ein gong. Når du er ei stjerne, så let dei det gjere det. Du kan gjere alt. Grab ’em by the pussy. Du kan gjere alt.

Vidoen skapte sterke reaksjonar, og fleire titals republikanarar ba Trump trekke seg frå valet, noko han som kjent ikkje gjorde.

Det enorme publikummet då han vart sverga inn

Då Donald Trump vart sverja inn som president 20. januar 2017, vart det fort store diskusjonar om nøyaktig kor mange som hadde vore tilstade for å vere vitne til hendinga.

– Dette var det største publikummet til å noko sinne vere vitne til ein innsetjingsseremoni, både personleg oppmøtte og rundt om i verda, sa dåverande pressesekretær Sean Spicer.

Men andre anslag tilsa at Trump-publikummet var berre ein tredjedel av Obama sitt.

Bilete til venstre syner kor mange som møtte opp då Barack Obama vart teken i eid 20. januar 2009, medan bilete til høgre syner kor mange som møtte opp då Donald Trump vart teken i eid, 20. januar 2017. Foto: AP Photo, File

I etterkant viste det seg at bilete Trump hadde lagt ut var redigert slik at det skulle sjå ut som det var fleire folk tilstades.

«Muslim-forbodet»

Eit av dei første tiltaka i presidentperioden til Donald Trump var å innføre eit innreiseforbod for flyktningar og turistar frå sju land – Iran, Irak, Syria, Jemen, Somalia, Sudan og Libya.

Dagen etter presidentordren var underskriven, braut det ut store protestar på flyplassar landet rundt, som meinte innreiseforbodet var diskriminering av muslimar. I dagane som følgde blokkerte fleire dommarar forbodet mellombels.

Det braut ut protest også i gatene, etter at Donald Trump signerte innreiseforbodet i slutten av januar 2017. Her frå ein demonstrasjon i New York 19. februar 2017. Foto: AP Photo/Andres Kudacki

Innreiseforbodet og kva land det gjaldt vart revidert i fleire omgangar i året som følgde, og i juni 2018 stadfesta Høgsteretten i USA at tredje variant av innreiseforbodet var gyldig.

Innreisemoglegheitene vart då innskrenka for personar som kjem frå Iran, Libya, Somalia, Syria, Jemen, Nord-Korea og Venezuela.

Covfefe

Det var mange som heva bryna då Donald Trump la ut (og kort tid seinare, sletta) denne Twitter-meldinga i mai 2017:

Det jo mest truleg ein skrivefeil frå presidenten si side, men Trump har fleire gongar freista knyte ei djupare meining til meldinga.

Twitter-meldinga gjekk ikkje upåakta hen, og fleire slengde seg på memes-toget.

Sjølv Hillary Clinton:

Saurons auge

I 2017 var Donald Trump på reise til Midtausten, og medan han var i Saudi-Arabia poserte han saman med den saudiarabiske kongen Salman bin Abdulaziz og den egyptiske presidenten Abdel Fattah el-Sisi medan dei alle held på ei lysande kule.

Slikt vert det memes av:

Då han såg rett på solformørkinga

Donald Trump braut den einaste uskrivne regelen, når ein skal vere vitne til ei solformørking: Ikkje sjå direkte på sola.

Donald Trump såg på rett på sola, utan vern, då det var solformørking i august 2017. Han fekk seinare på seg briller. Foto: AP Photo/Andrew Harnik, File

(Dersom ein ser direkte på sola, så kan ein få «brannsår» i auget og alvorlege augeskadar.)

Dette var igjen akkurat det internett venta på, og fryda seg over:

«Very fine people on both sides»

I august 2017 heldt kvite nasjonalistar ein demonstrasjon i Charlottesville, etter at byen bestemte å fjerne ein statue av sørstatsgeneralen Robert E. Lee.

Demonstrasjonen eskalerte og vart valdelege, og guvernøren i staten erklærte unntakstilstand før nasjonalgarden vart sett inn.

Etter folkemengda braut opp køyrde ein bil inn i ei gruppe motdemonstrantar, og ei kvinne miste livet.

Bilete frå Charlottesville 12. august 2017, der kvite nasjonalistar og motdemonstrantar braka i hop. Foto: AP Photo/Steve Helber, File

I ein pressekonferanse nokre dagar seinare, spurde ein journalist om hendingane i Charlottesville.

– Der var nokre veldig dårlege personar i den gruppa, men du har også folk som er veldig bra folk, på begge sider, svara Donald Trump.

Reaksjonane i etterkant var kraftige, og Joe Biden hevdar denne responsen var hovudgrunnen til at han valde å stille som presidentkandidat til 2020-valet.

Då Trump og Biden møttest til debatt tre år etter Charlottesville, fekk Trump spørsmål om han ville fordømme kvite nasjonalistar og militia-grupper, og då svara presidenten:

– Proud Boys, tre tilbake og stå klare.

Proud Boys er ein væpna, høgreekstrem organisasjon. Allereie dagen etter debatten hevda Trump at han ikkje visste kven gruppa var.

Då han ringde til Ukraina, og den påfølgjande riksretten

I august 2019 uttrykte ein anonym varslar uro over ei telefonsamtale mellom Donald Trump og den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskij i juli same året.

Eit transkript av samtalen synte at Donald Trump hadde oppmoda Zelenskij til å granske visepresident Joe Biden og sonen Hunter. Samtalen fann stad kort tid etter Trump hadde blokkert militærbistand til Ukraina.

25. september 2019 møtte president Donald Trump den ukrainske presidenten Volodymyr Zelenskij i New York, samstundes som riksretthøyra føregjekk i WAshington. Foto: AP Photo/Evan Vucci, File

Dette førte til at Donald Trump vart den tredje presidenten i amerikansk historie til å verte stilt for riksrett.

Han var skulda for å ha misbrukt presidentmakta si for å sikre at han sjølv vart gjenvald og for å ha hindra Kongressen i etterforskinga.

Donald Trump hevda sjølv samtala var «perfekt». Han vart ikkje dømd i riksretten.

«Shithole countries»

– Kvifor vil vi at alle desse folka frå shithole countries skal kome hit?

Det skal Donald Trump ha sagt i ei møte om immigrasjon i januar 2018, og viste til Haiti, El Salvador og land i Afrika. Trump ville heller ha folk frå Noreg. (Som Høgre-politikar Torbjørn Sætre sa: Thanks, but no thanks.)

– Dette er sjokkerande og skammelege kommentarar frå presidenten i USA. Der er ikkje noko anna ord ein kan bruke enn rasistisk, sa Rupert Colville, talsmann for FNs høgkomissær for menneskerettar.

Han var ein av fleire verdsleiarar som reagerte på uttalinga frå Trump.

Då han ville kjøpe Grønland

I fjor avlyste Donald Trump ein tur til Danmark. Grunnen? Han fekk ikkje kjøpe Grønland.

Det danske statsministeren Mette Fredriksen sa at det var ein absurd diskusjon:

– Grønland er ikkje til sals. Grønland er ikkje dansk. Grønland tilhøyrer Grønland. Eg håpar verkeleg at dette ikkje er meint alvorleg.

«When the looting starts, the shooting starts»

Etter at George Floyd vart drepen i møte med politiet, braut det ut store Black Lives Matter-protestar i USA med ringverknadar til resten av verda.

Frå Det kvite hus tømte Donald Trump bensin på bålet, med å skrive at «når plyndringa startar, startar skytinga».

Trump hevdar sjølv at han ikkje kjende til den rasistiske forhistoria til frasen, som kan sporast tilbake til borgarrettseraen og vart brukt av ein kvit politimann som slo ned på protestane, og ein politikar som var segregeringsforkjempar.

Twitter skjulte meldinga frå presidenten fordi den braut med deira retningslinjer om «glorifisering av vald».

Koronamedisin og koronakortesje

Då koronapandemien for alvor byrja å spreie seg i USA, i april, antyda Donald Trump fleire ulike ikkje-medisinske måtar å knekke viruset på.

Han påstod at malariamedisin kunne vere ei mogeleg behandling, eller å sprøyte desinfeksjon i kroppen, eller at å bruke UV-lys kunne ha ein effekt.

Alle forslaga vart tilbakeviste av faktiske legar.

Fredag 2. oktober annonserte Donald Trump at han sjølv hadde testa positivt for Covid-19, og i dagane som følgde var fleire i krinsen hans også stadfesta smitta. Same dag som det vart kjent at presidenten var sjuk, vart han lagt inn på sjukehus for behandling.

Søndag var presidenten likevel på ein liten køyretur utanfor sjukehuset, for å vinke til tilhengarane sine. Det er eit klart brot på rettningslinjene for å hindre smitte, som også i USA seier at du skal vere i isolasjon medan ein vert behandla for sjukdomen.

Fleire reagerte på at Trump utsette sikkerheitsvaktene sine for fare, ved at dei laut vere med på turen:

– Dei kan verte sjuke. Dei kan døy. For politisk teater. Kommanderte av Trump til å risikere livet for teater. Dette er galskap, sa James Phillips, som leiar avdelinga for krisemedisin hjå George Washington University.

Valdagen

Den sitjande presidenten handterte ikkje valnederlaget på framifrå vis. Medan stemmene framleis vart telde, tok Donald Trump både til Twitter og til talarstolen for å så tvil om resultatet.

Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0,

Han ba om at dei resterande stemmene ikkje skulle teljast, han meinte det var ulovlege stemmer, og han meinte demokratane «stal» valet.

Fleire TV-sendingar valde å avbryte tala til Trump for å korrigere faktafeila til presidenten, og også norske politikarar var uroa over Donald Trump si tale.

 

Det er også ei rekkje andre augeblikk og hendingar som kunne vore med på lista – som den russiske påverknaden i valet og Mueller-rapporten i etterkant, Steve Bannon-æraen og familieseperasjonane som føregår – men ein stad må grensa gå. 


Kollasj av framtida.no: Bakgrunn: Luke Michael/Unsplash. F.v. Mauree Turner, Sarah McBride og Madison Cawthorn. Foto: presse.