Retorikk-ekspert om Trump: – «Sterk mann»-oppførsel, med klare autokratiske dragningar

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Kontrakta i eit velfungerande demokrati, er at taparen må akseptera nederlaget, og bidra til ei fredeleg maktovertaking. Dette er ein grunnpilar i demokratiet. Når Trump seier han har vunne valet, og at ein bør slutta å telja stemmer, sår han tvil om valets legitimitet.

Postdoktor ved institutt for informasjons- og medievitskap ved Universitetet i Bergen, Magnus Hoem Iversen, forklarar at me er vitne til to motsetnadar når det gjeld retorikk.

«Behald trua, me skal vinna dette her»

I skrivande stund er det seks statar som kan avgjera kven den neste presidenten vert.

Biden har 238 valmenn, medan Trump har 213. Målet er 270, som sikrar fleirtal. Statane som kan avgjera det heile, er Wisconsin, Michigan, Nevada, Nord-Carolina, Pennsylvania og Georgia.

Demokratane sin kandidat, Joe Biden valde å halda ein kort tale, like før klokka sju i dag tidleg, norsk tid. Då var resultatet endå meir usikkert og han starta med å takka folk for tolmodet deira, og fortalde at han var nøgd med korleis ting såg ut.

Han påpeika kor viktig det er at alle stemmene vert talde, og at korkje han sjølv eller Trump bestemmer kven som har vunne, men folket.

Han snakka også om statar der det ser bra ut for han og demokratane, og at det ville ta tid å få ei endeleg avklaring.

«Behald trua, me skal vinna dette her» avslutta Biden, før han nok ei gong skrytte av tolmodet til dei frammøtte.

Biden vil framstå samlande

– Bodskapen til Biden er ei forlenging av kampanjen hans. Han ynskjer å vera forsonande, ein kandidat som samlar folket. Ein president for alle, som han har sagt fleire gongar under valkampen. Talen bar preg av den ikkje var manusbasert, men at han mest truleg gjekk opp med nokre stikkord, som «patience» til dømes, og snakka rundt det, seier Iversen over telefon til Framtida.no.

Iversen forklarar at Biden med si framtoning og sitt innhald går inn i ein trygg og lang tradisjon i amerikansk politikk, med fokus på å underbygga demokratiske verdiar.

– Det er ein ganske tydeleg kontrast til Trump, seier Iversen.

Trump: – Me har vunne valet

Trump tala kring ein time etter Biden, og starta i same spor som motstandaren sin, med å takka folket og familien. Så vart det sporskifte.

«Me var klare til å feira, men så vart alt avlyst. Me har fått fleire millionar stemmer i dag, men ei trist gruppe menneske prøver å øydeleggja for oss», sa Trump.

Trump haldt fram med å erklæra seg sjølv som sigerherre i ei rekke statar der det framleis ikkje er avgjort, mellom anna Georgia, Wisconsin og Nord-Carolina.

– Trump seier at han har vunne valet, og at det som no skjer med poststemmene, er noko skummelt og mystisk, eller juks. Han vil ikkje telja poststemmene. Dette er framhaldet av ein strategi han har hatt lenge, dette pratet om at demokratane vil «stela valet». Han veit at valdagsstemmene favoriserer han, medan poststemmene favoriserer Biden.

Iversen forklarar vidare at denne retorikken har to føremål. Det gjev Trump større sjanse til å vinna, og dersom han tapar, har han sådd tvil om valresultatet sin legitimitet.

Delegitimering av valprosessen

Han fryktar at mange ved eit eventuelt valnederlag då vil meina at det var noko uriktig ved valet, som igjen kan føra til sosial uro og ytterlegare polarisering.

Hovudpersonane i den pågåande valthrilleren, Joe Biden og Donald Trump.
Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0

Trump sa at han ville gå til den høgaste rettsinstansen (Supreme Court), og at han ville at all stemmegjeving skulle stoppast.

«Me vil ikkje at dei skal finna stemmesetlar klokka fire om morgonen, og legga dei til på lista», sa Trump. Før han kalla det ein svindel mot det amerikanske folk, og ein skam for USA.

«Slik eg ser det, har me vunne», gjentok den sitjande presidenten.

Han tweeta også i morgontimane. Tweeten vart merka av Twitter som villeiande, og sensurert. Meldinga gjekk som fylgjer;

– Me leiar stort, men dei prøvar å stela valet. Me kjem aldri til å la dei gjera det. Ingen kan stemma etter at vallokala er stengde.

Iversen meiner dette er særs problematisk.

Les også: Trump eller Biden: Har det noko å seie for oss?

Udemokratisk

Denne retorikken minner om andre land som USA ikkje vil samanliknast med, slår Iversen fast.

– Det er ein slags «sterk mann»-oppførsel, med klare autokratiske dragningar over det heile.

Denne kommunikasjonsstrategien er ikkje noko nytt frå presidenten.

– Det er heilt i tråd med «I’ll accept the result, if I win» sitatet hans frå valkampen i 2016. Dette har vore strategien hans heile vegen. Om han ikkje vinn, er det noko suspekt.

Kvifor appellerer denne typen kommunikasjon til mange?

– USA er eit splitta land, prega av polarisering, gruppetenking og stammeidentitet. Ein ser det igjen, Trump er flink til å mobiliera basen sin. Fordi det amerikanske folket er så splitta, kan han komma unna med å seia ganske hårreisande ting om andre, og folk vil vera med på det.

Konteksten dette føregår i er viktig. Trump er flink til å driva sinne i det amerikanske samfunnet fram, og fungerer såleis som ein motor i polariseringa med retorikken sin, forklarar Iversen.


Les også: 12 viktige resultat frå det pågåande valet, som ikkje har noko med sjølve presidentskapet å gjera

Kollasj av framtida.no: Bakgrunn: Luke Michael/Unsplash. F.v. Mauree Turner, Sarah McBride og Madison Cawthorn. Foto: presse.