Trump eller Biden: Har det noko å seie for oss?

Framtida
Publisert
Oppdatert 06.11.2020 10:11

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er ein del av NUPI Skole sin artikkelserie «Hvor hender det?» og er sett om og gjengjeven med løyve.

Det er ikkje overraskande at det amerikanske valet engasjerer stort utanfor landegrensene. Det er trass alt ein lang valprosess som resulterer i at nokon får jobben som verdas mektigaste mann.

Også i år er det to menn som konkurrerer om jobben, men vi har gode mogelegheiter for å sjå USA sin første kvinnelege visepresident, ettersom Joe Biden og Kamala Harris leier på meiningsmålingane og i innsamla valkampmiddel.

Bilete av presidentkandidat Joe Biden og hans visepresidentkandidat Kamala Harris frå det demokratiske landsmøte 20. august 2020. Foto: AP Photo/Andrew Harnik

Kvart einaste presidentval vert framstilt som tidenes viktigaste. Men i år er det kanskje sant, fordi president Trump har vore usedvanleg kontroversiell både internasjonalt og internt i USA.

Trump har styrt på ein uvanleg måte, som har skapt mykje frustrasjon. Det ligg mange forventningar til korleis ein president skal snakke og oppføre seg, og kva slags avgjersler han kan treffe. Trump har levd opp til få av desse og har heller vore oppteken av å stake ut sin eigen kurs. Så får kritikken hagle så mykje den vil frå ulike hald.

På Trump prellar dette berre av.

Pengane rår

Politisk sett er Trump sin eigen herre, noko som er grunnen til at han vann valet i 2016. Han vert påverka mindre enn normalt av lobbyistar.

Foto frå ei av samlingane til Donald Trump i februar: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0,

Amerikansk politikk er sterkt pengedominert. Dei to politiske duellantane må sanke inn pengar for å nå ut med sin bodskap. Politisk reklame er dyrt, og pengestøtte er nærast ein føresetnad for dei som stiller til val. Dette slår veldig ut i eit topartisystem der vinnaren tek «alt» og taparen får intet.

Kandidatar låser nemleg fast sine standpunkt på enkeltsaker fordi dei får pengestøtte frå lobbygrupper, som i retur får støtte for sine hjartesaker og særinteresser. Valkampdonasjonar legg dimed føringar for kva dei fleste amerikanske politikarar kan ytre.

Tre av dei sterkaste lobbygruppene i USA er oljelobbyen, Israel-lobbyen og våpenlobbyen.

National Rifle Association (NRA) gjev til dømes profilerte politikarar karakter på deira forsvar av borgarane sin rett til å eige og bere våpen, nedfelt i det andre grunnlovstillegget til USA si grunnlov.

Får du ein F av NRA, og motstandaren i din valkrins får A+, vert vinnarsjansane dine truleg svekka, ettersom motparten då kan hauste store pengebidrag frå NRA.

Arkrivfoto frå National Rifle Association sitt årlege møte i 2013. Foto: AP

Kva vil vi hugse Trump for?

Trump er ein slags mystisk skikkelse i den amerikanske offentlegheit. Han har i årevis stukke fram den særeigne luggen sin og stole showet.

Trump sine plussar vert vege opp mykje av minusane hans som politikar. Trump er ein populist som opponerer mot etablerte politiske miljø.

Han skildrar Washington, D.C. som ein sump av lobbyisme og politisk korrupsjon. Reint faktisk er det meir rett i det enn ein del av hans andre uttalingar. Dette fordi District of Columbia (D.C.) er grunnlagt på eit sumpområde mellom elvane Potomac og Anacostia.

Men her nærmar vi oss noko av det mest problematiske ved presidentskapet til Trump, nemleg forholdet til fakta og vitskap.

I august 2020 forlet Trump sin rådgjevar Kellyanne Conway Trump-administrasjonen. Ho vert nok best hugsa for utsegnet sitt to dagar inn i presidentperioden om at ho ville fremje alternative fakta.

Trump har ofte kalla normal – og viktig – politisk kritikk for «falske nyheiter», og han skuldar jamleg nyheitsmedia for å vere ein folkefiende.

Han har kunna kome unna med mykje kontroversiell retorikk, men i møte med ein pandemi, og ein konkret verkeleg og dødeleg sjukdom, møtte Trump sine utsegn veggen.

Trump snakka lenge ned utfordringa viruset kunne skape for det amerikanske samfunnet, noko han innrømmer ovanfor den kjende amerikanske journalisten Bob Woodward. Det finst gode grunnar til å halde seg roleg i mange krisesituasjonar, inkludert dei økonomiske, som Trump ofte styrer etter. Men om befolkinga vert gjeve ein falsk tryggleik, og deretter motsetter seg grunnleggjande smittevern, kan konsekvensane verte kraftige.

Vi nærmar oss no ein kvart million korona-dødsfall i USA.

Følgjer for Noreg

For Noreg sin del er det nok ein fordel med eit presidentskifte. Dette trass i at statsminister Erna Solberg og Trump latar til å kome godt overeins.

Forholdet mellom USA og Noreg er godt ivareteke og er på eit godarta spor, særleg etter det vellukka toppmøtet i Det kvite hus januar 2018.

Det er derimot forholdet til NATO, og utanrikspolitikken til Trump, som ikkje gagnar Noreg.

Trump engasjerer ikkje NATO på alliansen sine eigne premissar. Han kjem til toppmøtene med eigne agendaar, krumspring og innfall. Han har vidare skapt usikkerheit rundt NATO-pakta sin artikkel 5, der medlemmane pliktar seg til å forsvare kvarandre dersom nokon vert angripen.

Noregs forsvar er medlem i NATO, og er heilt avhengig av støtta frå alliansa. Så når Trump undergrev samhaldet i NATO, vert konsekvensen usikkerheit rundt Noregs forsvar og sikkerheit.

President Trump er svært personleg i alt han føretek seg. Dette kan verte krevjande for  småstatar, som Noreg, som jamleg vert utsette for press i éin-mot-éin-møter med Trump.

Mest berømt av desse mange krumspringa var kanskje då Trump avlyste eit møte med sin nære allierte Danmark. Dette fordi statsministeren ikkje var innstilt på å diskutere eit sal av Grønland.

Verda har ikkje hatt godt av Trumps leiarskap

Verda har ikkje hatt godt av Trumps leiarskap. Usikkerheit rundt trugslar og forpliktingar internasjonalt er på mange måtar meir krevjande enn konkrete trugslar. Som illustrasjon er det alltid viktig for Noreg å vete kor Russland står.

Ein kan seie at Trumps bidrag til internasjonal usikkerheit er meir skulda kva han ikkje har gjort, enn kva han har gjort.

USA har nemleg ein lang tradisjon som garantist for ein liberal verdsorden der ikkje makt gjev rett, men internasjonal handel og menneskerettar rår. Med Trump har USA i praksis abdisert frå denne rolla, og dette har gjeve auka spelerom for andre mektige statar, som Russland og Kina.

Det vert dimed ubalanse i det internasjonale systemet slik vi kjenner det. Ein konsekvens er at både cyberangrep og likvideringar er i betydeleg auke, med dataangrepet mot Stortinget og forgiftinga av den russiske opposisjonsleiaren Alexej Navalnyj som to ferske døme.

Kva kan Biden tilby Noreg?

I eit forverra sikkerheitslandskap rundt Noreg kunne vi trenge noko stabilt og trygt å lene oss på.

Førebels framstår den bestefar-aktige Biden som eit godt alternativ. Den tidlegare visepresidentens utanrikspolitiske visjonar kan betre imøtekome Europa sine behov.

Foto: Gage Skidmore/Flickr/CC BY-SA 2.0,

Det mest kjende utanrikspolitiske trekket til Biden var då han på sikkerheitskonferansen i München i 2009 sa at vi måtte finne «reset-knappen» på forholdet til Russland. Men då Trump ville betre relasjonen med Putin, vekte det meir skepsis. Blant anna fordi Russland freista å påverke 2016-valet i Trump sin favør.

Men er slik forsoning med Russland rette medisin? Berre fem år etter Biden si utstrekte hand trykte Putin på «av-knappen» i forholdet til Vesten, då han annekterte Krim-halvøya i 2014.

Så Putin tolka – rettmessig – Biden si uttaling som eit svakheitsteikn, og forstod at han kunne ta Krim utan at Vesten sine motreaksjonar ville vere sterke nok til å stoppe han.

Biden sat 36 år i Senatet i USA, der mykje av utanrikspolitikken vert lagt. Han har leia utanrikskomiteen der òg, i perioden før han vart visepresidenten til Obama. Så Biden meistrar tradisjonell amerikansk utanrikspolitikk, inkludert alliansediplomatiet i NATO, til fingerspissane.

Skulle Biden vinne, vil nok NATO-landa i Europa stimle til Washington, D.C. for å revitalisere NATO-samarbeidet. Dette ville vore ein klar fordel for Noreg.

Normalisering eller forverring?

Så får vi snart svaret på om det er Biden eller Trump som vert eller vert verande president frå 2021 til 2025.

Med Biden har vi eit håp om ei normalisering av allianseforholda, der USA igjen tek eit aktivt leiarskap i NATO, og styrer meir til beste for dei vestlege demokratia.

Med Trump kan vi forvente meir av det same som vi har sett dei siste fire åra. Som hans utanrikspolitiske doktrine meir enn antydar, er det USA sine interesser eine og åleine han vil ivareta: «America First!».

Skulle så skje, kan vi frykte at dei neste fire åra vert ei utriveleg ørkenvandring i europeisk sikkerheit, og vi må for alvor tenke gjennom kva andre kjelder til sikkerheit Noreg kan finne, i tillegg til NATO.

Her kan du sjå den siste debatten mellom dei to presidentkandidatane.