Mot stemmerekord i det amerikanske presidentvalet

Andreas Brattåker Støyva
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Om du er ein av dei som skal sitja oppe og ha di eiga vesle valvake, er dette kanskje dårlege nyhende for deg. Det er nemleg langt i frå sikkert at ein vil kunne seia noko om kven som vert verdas mektigste mann dei neste fire åra, i løpet av natta.

Dei fleste ekspertane er samde om at Joe Biden ligg godt an til å verta den 46. amerikanske presidenten. Men etter Trump sin sjokksiger i 2016 er spådommane mindre skråsikre no enn for fire år sidan.

Året for førehandsstemmene

Aldri før har så mange amerikanarar valt å førehandsstemme – mykje grunna pandemien. Det kan by på spesielle utfordringar.

Poststemmene, som er ei form for førehandsstemme, tek som regel lenger tid å telja, då det er meir arbeidskrevjande å verifisera dei.

Professor ved institutt for samanlikandne politikk ved Universitetet i Bergen (UiB), Gunnar Grendstad.
Foto: UiB

Ein må nemleg godkjenna underskrifta og sjekka at adressa på stemmesetelen er korrekt, før den kan verte godkjend.

– Førehandsstemmene, og poststemmene som inngår i desse, er interessante. Det varierer frå delstat til delstat kor lenge etter valdagen dei godtek stemmer som kjem inn. Det avspeglar føderalstaten USA. Dei ulike delstatane har ulike måtar å løysa valgjennomføringa på.

Det seier Gunnar Grendstad, professor ved insititutt for samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen, på telefon til Framtida.no. 

Det som byr på ei ekstra utfordring: Donald Trump vil ikkje telja alle desse stemmene, då dei truleg vil vera til hjelp for Joe Biden.

Ulike prakisar i ulike delstatar

Somme delstatar, som Ohio og Florida, startar arbeidet med å telja førehansstemmene fleire veker før valdagen.

Her vil ein kanskje kunne kåra ein vinnar, på valdagen.

I andre delstatar, som Wisconsin og Pennsylvania, tillet dei ikkje å starta teljinga av desse stemmene før på valdagen.

Dette gjer at resultata fort kan vera uklare i fleire dagar. Det er i desse delstatane Trump vil hindra at stemmene vert talde.

I delstatar der ein ventar til sjølve valdagen før ein byrjar å telja førehands- og poststemmene, vil det innleiingsvis sjå betre ut for Donald Trump, då fleire republikanarar er venta å stemme på sjølve valdagen.

Stemmer som er gjevne på sjølve valdagen tek det mindre tid å telja, og kan gje den sitjande presidenten eit tidleg forsprang.

I delstatar der ein startar teljinga av poststemmene fleire veker i førevegen, vil det innleiingsvis sjå betre ut for Joe Biden, då fleire demokratar har førehandsstemt.

Tal frå U.S Election Project syner kor mange registrerte partimedlem som har stemt i eit utval på 20 delstatar:

  • 21 933 227 registrerte demokratar har stemt
  • 14 888 110 registrerte republikanarar har stemt
  • 321 665 medlem av mindre parti har stemt
  • 11 607 229 utan partitilknyting har stemt

Ein skal med andre ord ikkje ta verken gleda eller sorga på forskot – sjølv om det ser bra ut for ein av kandidatane tidleg, kan det endra seg.

Mange av veljarane ventar til sjølve valdagen med å avgje si stemme. Her frå Florida, ein viktig stat som kan gå begge vegar.
Foto: Rebecca Blackwell, AP

Fleire delstatar har alt overgått valdeltakinga frå 2016

Demokratane har vore flinkare enn republikanarane til å nytta seg av førehandstemming dei siste 10-20 åra, og det er difor Trump har kome med så aggressive uttalingar om at ein ikkje skal telja poststemmer etter valdagen, forklarar Grendstad.

Får ein eit jamt resultat etter valdagen, og det gjenstår mange stemmer å telja opp, vil det vera i favør Biden. Det kan vera inspirasjon til å laga bråk og uro for å stoppa oppteljinga.

Over 100 millionar amerikanarar har alt førehandsstemt ved dette valet. I 2016 stemte kring 139 millionar totalt, og då var berre 47 millionar av dei førehandsstemmer. Det er venta at langt fleire vil ha nytta stemmeretten når vallokala stengjer ved dette valet, enn ved det førre.

Både på Hawaii og i Texas har dei alt i fleire dagar hatt større valdeltaking enn ved førre val, skriv NPR. Over 9,7 millionar har stemt i Texas, kring 800 000 fleire enn i 2016.

U.S Elections Project slår fast at Hawaii ligg på 111 prosent av deltakinga i 2016, medan Texas ligg på 108 prosent. Fleire andre delstatar ligg godt over 90 prosent av den totale deltakinga i 2016, og har alt gjort det i fleire dagar.

Ifylgje AP Election Research Group, har delstaten Kentucky – som historisk har vore ein republikansk delstat, og som ser ut til å verta det også ved dette valet  overgått førehandsstemmenivået frå 2016 med heile 1197(!) prosent.

Kva tid vil ein kunne seia noko om valresultatet?

Det er elles ei kjent antaking at dess fleire som nyttar seg av stemmeretten sin, dess større sjanse er det for at demokratane vinn. Heilt enkelt fordi det er fleire demokratar enn republikanarar.

Fleire ekspertar, som Grendstad, meiner difor at rekorddeltakinga og førehandsstemmene, er godt nytt for Joe Biden.

Ein vil få dei fyrste indikasjonane på valresultatet i 01-02 tida i natt norsk tid, trur Grendstad.

 Då vil oppteljinga i dei fyrste delstatane på austkysten vera klare, og gje ein indikasjon på korleis valet går. Ein har ein del bellwether-delstatar, som vil seia noko om heile landet. Om det er jamt, vil det stå på vippestatane, kor ein då må telja opp stemmene. Denne prosessen kan ta tid.

Over 100 millionar amerikanarar har alt stemt, og det er stor spenning knytt til kor mange som skal avgje si stemme i dag. Foto: Casey Wagner, Flickr CC BY-NC 2.0

Tvelar på Trump vil erkjenna eit eventuelt nederlag

Grendstad ser ikkje for seg at Trump vil erkjenna eit eventuelt valnederlag.

Trump meiner han sjølv er i posisjon til å kunne erklæra seg sjølv som valvinnar, men det har han ikkje mandat eller fullmakt til. Praksisen i USA har i over 100 år vore at valet i praksis er over når det er openbert at den tapande kandidaten har tapt, og hen erkjenner nederlaget.

Den symbolske avslutninga av valet finn stad når den tapande kandidaten erkjenner tapet, og den vinnande kandidaten aksepterer dette.

Men dette verkar Trump å blåse i.

Mange har spekulert i at Trump vil forsøka av erklæra seg sjølv som sigerherre, dersom han opnar sterkt i natt. Mange republikanarar ventar til valdagen med å stemme, noko som kan gje Trump ein god start.

Om Joe Biden skulle gjera brakval, er det altså lite sannsynleg at han får ein telefon frå den sitjande presidenten. Det er uvisst kva som kjem til å skje. Joe Biden har uttalt at han vil akseptera valresultatet, uansett utfall. Det har ikkje Donald Trump gjort.

– Kan dei som skal sitja oppe og fylgja valet forventa ei avklaring i løpet av natta?

Dei fleste som elskar demokratiet, håpar på valskred for Biden alt tysdag kveld. Då vil det vera ganske avklart. Men det er vanskeleg å seia kva som skjer. Om det vert jamt, vil Trump som nemnd forsøka å stoppa oppteljinga av poststemmene, og det kan ta lang tid før ein får ei endeleg avklaring.


Les også om 14 år gamle Matilda, som er særs bekymra for konsekvensane av Trump sitt presidentskap: Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg

Matilda og klassekameratane får berre møte opp på skulen nokre få dagar i veka. Då må dei gå med ansiktsmaske heile dagen. Foto: Privat