– Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg

Helene Hovden Hareide
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Amerikanske Matilda (14) om presidentvalet: – Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg

Fram til i år hadde Matilda Meuse eit heilt vanleg tenåringsliv i den vesle forstaden Woburn, utanfor Boston i USA. Ho er glad i å vere ute på tur, lese bøker, lytte til musikk og teikne.

Men i år har ho fått livet snudd på hovudet av koronaviruset. 

Når Framtida.no snakkar med henne, ei veke før presidentvalet 3. november, er ho nettopp ferdig med skuledagen. 

– Eg har hatt online undervisning heimefrå, fortel ho.

– Vi møter berre opp fysisk eit par dagar i veka. 

Matilda og klassekameratane får berre møte opp på skulen nokre få dagar i veka. Då må dei gå med ansiktsmaske heile dagen. Foto: Privat

Når Matilda og klassekameratane er på skulen nyttar dei munnbind. Kvar einaste skuletime, heile dagen. 

– Innimellom tek lærarane oss med ut, og plasserer oss med to meter mellom kvar, så vi kan ta av maskene og puste, fortel Matilda.

– Det er utruleg at ein kan setje så stor pris på vanleg luft! 

Hardast ramma i verda

Presidenten i landet, Donald Trump, er derimot ikkje så oppteken av å bruke maske. 

– Han meiner det ikkje er så farleg med koronaviruset. Eg er ikkje fornøgd med måten han har takla situasjonen på, seier Matilda.

USA er mellom dei landa i verda som er hardast ramma av koronapandemien. Éin av fem som døyr av viruset på verdsbasis er frå USA. Så langt er det snakk om 232 000 dødsfall, og over 9 millionar som er smitta.

Presidenten sjølv har også blitt smitta av viruset, og spreidd det vidare til fleire av dei som jobbar for han. 

Løgn

Den dårlege handteringa av pandemien er ein av grunnane til at Matilda ikkje ville ha røysta på Donald Trump, men heller på demokratane sin kandidat Joe Biden, dersom ho var gammal nok til å ha røysterett. 

– Joe Biden deler dei fleste av synspunkta mine. Men fyrst og fremst ville eg valt han fordi eg ikkje likar Trump. Han har fortalt så mange løgner. 

Presidentvalet 3. november står mellom den sittande presidenten Donald Trump og utfordraren Joe Biden. Foto: Joe Cavaretta/South Florida Sun-Sentinel via AP

Eit ubehagelig tema

På skulen snakkar dei lite om valet. Nokre av lærarane støttar Biden, andre Trump, og Matilda seier at emnet er touchy – litt ubehagelig å snakke om.

– Ein gut i klassa sa han syntest muren til Trump var ein god idé. Eg syntest det var hårreisande. Men eg prøver å unngå å bli dregen inn i diskusjonar med dei som har slike meiningar, eg likar ikkje å krangle.

– Han har fortalt så mange løgner.

Matilda fortel at ho er både spent og nervøs for kva utfallet av valet vil bli. 

– Dess meir eg tenkjer på det, dess reddare vert eg av korleis situasjonen er no.

Påverka av politikken

14-åringen synest at det er viktig å røyste, for å kunne vere med å påverke avgjerdene som blir tekne i landet. Ho påpeikar at sjølv om du ikkje røyster, så vert du likevel påverka av resultatet.

Matilda er oppkalla etter hovudpersonen i boka av Roald Dahl. Ho skulle ønskje at ho også hadde superkrefter. Her har ho på seg ei t-skjorte med bilete av den kjende feministen og høgsteretts-dommaren Ruth Bader Ginsburg, som døydde nyleg. På t-skjorta står det: Undervurder aldri kreftene til ei jente som les bøker. Foto: Privat

– Slik er det for oss som er unge. Vi vert påverka av politikken, men vi har ikkje noko vi skulle ha sagt.

– Korleis har unge blitt påverka av politikken som Donald Trump har ført?

– Det mest alvorlege for oss unge er klimaendringane. Trump har ikkje tatt tak i det, han nektar til og med for at det er ei sak i det heile, seier Matilda, og legg til:

– Det er veldig ille at det har gått fire år utan at noko har blitt gjort. Eg høyrde ein forskar seie at viss vi ikkje kuttar utsleppa drastisk innan 2030 så vil det vere umogleg å bremse endringane. Så før eg vert vaksen og kan røyste vil det vere for seint. 


Les også intervjua med dei unge klimaktivistane verda rundt – frå Saudi-Arabia til Filippinane: – Brasil vert forsømt av Bolsonaro-regjeringa, som nektar for at landet står i flammar, fortel Iohana (16)

Bakgrunnsfoto: Unsplash. Bilete av Mitzi Tan: AC Dimatatac, Øvrige bilete: Privat. Kollasj: Framtida.no