Ordliste for å henga med i det amerikanske valet

Andreas Brattåker Støyva
Publisert
Oppdatert 21.10.2020 09:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Absentee voting (fråverande stemmegjeving)

Denne forma for stemmegjeving gjer at stemmeføre borgarar, som av ulike grunnar ikkje kan koma til eit fysisk vallokale, får avgje si stemme. Amerikanske borgarar som bur i utlandet, som avtener militærteneste i utlandet, eller er plaga med sjukdom er mellom dei som nyttar seg av tilbodet. Post-stemmer, som Donald Trump har klaga mykje på den siste tida, er ei form for absentee voting.

Air war (reklamekampen)

Dette er eit gammalt uttrykk, som skildrar kampen kandidatane utkjempar om å få mest mogleg reklame på tv og radio, eller på «lufta». I nyare tid har internett vorte ein stadig viktigare arena for reklame. Det er billegare, og gjer det lettare for kandidatane å nå bestemte grupper med bodskapen deira. Kanskje på tide med eit namnebyte her?

Ballot (stemmesetel)

Ballot tyder stemmesetel. Før 1890 vart desse stemmesetlane trykte i aviser, som deretter vart fordelt rundt på valdagen. Sidan kring 1890 har stemmesetlane vorte trykte av styresmaktene, med nokre få unntak, og berre vore tilgjengelege på valstadane. På stemmesetelen finn ein namna på dei nominerte kandidatane, og setelen skal fyllast ut i hemmelegheit.

Bellwether state (Bjellesau-stat)

Resultata frå desse statane er ofte i tråd med valresultata på landsbasis. Difor plar kandidaten som vinn Bellwether statane å vinna valet. Eit døme på ein slik stat, er Ohio.

Sist gong ein presidentkandidat vann valet, utan å vinna Ohio, var i 1960, då John F. Kennedy vart president.

Donald Trump vann Ohio i 2016, med 52 prosent av stemmene. Ohio ser ut til å kunne gå begge vegar, ved det komande valet. Namnet bellwether tyder bjellesau, og spelar på at bjellesauen gjorde det mogleg for gjetarane å lokalisera heile flokken, før i tida.

Blue/Red state (blå/raud stat)

Ein blå stat er ein stat der befolkninga tradisjonelt sett har stemt på den demokratiske kandidaten. California og Massachusetts er døme på slike statar. Ein raud stat vert difor, ikkje overraskande, det motsette – ein stat der befolkninga som regel har stemt på den republikanske kandidaten. Døme på slike statar er Utah og Texas.

Capitol (sete for nasjonalforsamlinga)

Capitol er bygningen der Kongressen har sete, og ligg på toppen av Capitol Hill i Washington D.C. Den amerikanske politikken sin stortingsbygning, om du vil.

Caucus (folkemøte)

Eit caucus er eit folkemøte der partimedlem diskuterer kva kandidat dei skal støtta i partinominasjonen. Det er også andre typar caucus, som tek for seg særinteresser for grupper basert på mellom anna politiske meiningar og etnisitet. Døme på denne typen caucus, er «The Congressional Black Caucus».

Coattail effect (frakkehale-effekten)

Dette uttrykket vert nytta når til dømes ein president eller presidentkandidat er så populær at andre politikarar i same parti aukar sine vinnarsjansar, berre ved å tilhøyra same parti som den populære presidenten, eller presidentkandidaten. Vedkomande har då «carried others to victory, on his or her coattails». Til dømes kontrollerte Demokratane begge kammer i Kongressen frå 2009-2011, då president Obama var på sitt mest populære.

Commander in Chief (øvstkommanderande)

Commander in Chief er eit anna namn på presidenten. Det har sitt utspring i at presidenten har øvste kommando over dei militære styrkane i USA. Den øvstkommanderande treng ikkje vera offiser eller ha tenestegjort militært i det heile teke, og symboliserer sivil kontroll over militæret, noko som er eit krav for NATO-medlemskap.

Congress (Kongressen)

Kongressen er den lovgjevande nasjonalforsamlinga, og består av to kammer – underhuset, eller Representanthuset, som består av 435 medlem, og overhuset, eller Senatet, som består av 100 medlem. Representanthuset og Senatet er likestilte.

Det er ofte Representanthuset som kjem med forslag til lovendringar, og som kan kreva å stilla ein president for riksrett. Når det gjeld riksrett, er det Senatet som tek den endelege avgjersla, med 2/3 fleirtal. Presidenten kan heller ikkje erklære noko land krig, utan stønad i Kongressen.

Congressman/woman (kongressmann/kvinne)

Omgrepet vert nytta om medlem av Kongressen, oftast medlem av Representanthuset. Det kan også nyttast om senatorar, altså medlem av senatet, men dei vert oftast kalla senatorar.

Convention (landsmøte)

Ein convention finn stad i valår og tyder landsmøte. Dei to partia sine landsmøte finn stad etter at prosessane med primærval og folkemøte er avslutta. Det er på desse landsmøta dei skal velja partiet sin presidentkandidat, som regel basert på utfallet av folkemøta og primærvala, kor delegatane har vorte fordelte.

Delegates/superdelegates (delegatar/superdelegatar)

Når dei store partia sine primærval er avslutta, og stemmene vert telt opp, vert resultata omgjort til antal delegatar. Delegatar er personar i partiet, som til sist skal velja kven som vert deira parti sin presidentkandidat.

Dei demokratiske kandidatane kjempar om 4765 delegatar på landsbasis, kor den kandidaten som vinn flest av desse delegatane, vert partiet sin presidentkandidat.

Av 4765 delegatar, er 714 av dei såkalla superdelegatar. Desse vert kalla supre, fordi dei har meir påverknad enn dei vanlege delegatane. Superdelegatane er ofte guvernørar eller andre viktige aktørar i partiet sitt, som på landsmøtet stemmer ut frå si eiga overbevisning. Vanlege delegatar stemmer ut frå heimstaten sitt ynskje.

California har flest demokratiske delegatar, med 416, medan Alaska berre har 14. Delegatane vert proporsjonalt fordelt mellom dei ulike kandidatane, med utgangspunkt i kandidatane si oppslutning i statane.

Republikanarane gjer det nesten på same måte.

Dei republikanske kandidatane kjempar om 2472 delegatar på landsbasis. For å verta den republikanske presidentkandidaten, trengs eit enkelt fleirtal, altså 1276 stemmer på det republikanske landsmøtet. California har også flest republikanske delegatar, med 172.

Republikanarane har ingen superdelegatar, men dei har 168 uforplikta delegatar, som historisk har kunne stemt etter eiga overbevisning. Det har eigentleg ingen betydning lenger, då desse delegatane sidan 2015 har vore pålagt å stemma på kandidaten heimstaten deira har stemt på, og ynskjer som sin kandidat.

Medan demokratane fordelar delegatane gjennom proprosjonal representasjon, vel republikanarane å gje alle delegatane i ein stat til kandidaten som får flest stemmer. Sidan 2012 har fleire statar teke etter den demokratiske modellen, og byrja å fordela delegatane basert på oppslutning.

Divided Government (splitta Kongress)

Dette uttrykket vert nytta i ein situasjon der verken det demokratiske eller det republikanske partiet har kontroll over begge kammer i Kongressen, altså Senatet og Representanthuset. I skrivande stund kontrollerer det republikanske partiet Senatet, medan Demokratane kontrollerer Representanthuset.

Electoral College (valmannskollegiet)

Valmannskollegiet er den forsamlinga som vel president. Det er altså ikkje borgarane som vel presidenten direkte. Dei vel i staden ein valmann, som på førehand har lova å stemma på ein kandidat frå eit bestemt parti. Det er for tida 538 valmenn på landsbasis, fordelt etter innbyggjartal i dei ulike statane. California har flest med sine 55 valmenn, medan fleire statar, som Alaska og Vermont berre har tre valmenn.

Antal valmenn samsvarar med antal representatar i Kongressen – 435 i Representanthuset, og 100 i Senatet, om ein legg til dei tre valmennene frå District of Columbia, som ikkje er ein stat. Ein presidentkandidat må ha minst 270 av desse valmennene, for å vinna.

Federal Election Campaign Act (FECA)

FECA er ein lov som regulerer korleis føderale valkampanjar vert finansiert. Loven krev at kandidatar og politiske komitear er opne om og kan legga fram kven som sponsar valkampen deira, og korleis dei brukar pengane dei får frå desse sponsorane. Sponsorane er ofte organisasjonar i sektorar som er tent med at kandidaten dei sponsar vinn valet. Loven styrer også korleis offentleg finansiering av valkampanjar, altså donasjonar frå vanlege veljarar, skal finna stad. Eit døme på ein presidentkandidat som finansierte valkampen sin med offentlege donasjonar, er demokraten Bernie Sanders.

Federal Election Commission (FEC)

FEC er ein uavhengig kommisjon som har som oppgåva å handheva FECA. Kommisjonen består av seks kommisjonærar, som er utnemnde av presidenten, med stønad frå Senatet.

Federal Government (sentrale styresmakter)

Dei føderale styresmaktene, er styresmaktene på det nasjonale nivået. Desse nasjonale styresmaktene består av tre greiner; den lovgjevande greina (Kongressen), den utøvande greina (Presidenten og kabinettet hans) og den dømmande greina (Høgsterett).

Filibuster

Å filibustere? Konseptet har lange tradisjonar i amerikansk politikk, og er rett og slett eit verktøy ein eller fleire senatorar kan ta i bruk for å utsetja, eller hindra at eit forslag vert vedteke i Senatet. Dette gjer dei ved å halde ulideleg lange talar og innlegg. Ingen forslag kan i utgangspunktet verta vedtekne før alle senatorane som ynskjer det har fått sagt sitt.

I 1957 filibusterte senator Strom Thurmond i 24 timar og 18 minutt, for å hindra at den føreslåtte borgarrettslovgivninga skulle bli vedteke, utan hell.

Det er mogleg å stoppa ein filibuster, men det krev 3/5 fleirtal i Senatet.

First past the post (valsystem)

First past the post er eit valsystem som vert nytta i kampen om dei aller fleste statane. Ein kandidat treng ikkje fleirtal for å vinna ein stat, berre flest stemmer.

Eit døme på kor lite representativt eit slikt valsystem er, er å finna i resultata frå Michigan i 2016. Her fekk Hillary Clinton 47,3 prosent av stemmene, medan Donald Trump fekk 47,6 prosent av dei. 5,1 prosent gjekk til andre. Det betyr at ingen fekk fleirtal, men Trump fekk flest stemmer.

I First past the post-systemet, fekk Trump dermed alle dei 16 valmennene frå Michigan, og dei som stemte på Clinton vart sittande igjen utan representasjon, sjølv om det berre var nokre få stemmer som skilte ho frå Trump.

I eit system med proporsjonal representasjon, ville valmennene i Michigan vore jamnt fordelt mellom Trump og Clinton. Slik systemet er, tek vinnaren alt.

Front-loading (frontlasting)

Med front-loading meinast det å arrangera alle nominasjonsmøte og primærval tidleg på året. Ved å få unnagjort dette lenge før presidentvalet, håpar dei ulike statane å gje kandidaten dei ynskjer som president moment vedkomande kan ta med seg inn i nominasjonsvalet, og dermed ha ein fordel over kandidatar frå same parti som ikkje har vore klare kandidatar, like lenge.

Gerrymandering (valgeometri)

Dette er eit omgrep som skildrar ein situasjon der valkrinsar vert geografiske endra, for å auka sjansane for bestemte kandidatar. Denne forma for manipulasjon er spesielt effektiv ved fleirtalsval i einmannskrinsar. Det gjerast ved å samla eit parti sine veljarar i så få valkrinsar som mogleg, der dei då har store fleirtal, medan det andre partiet får knappe fleirtal i mange valkrinsar.

Gerrymandering er ikkje ulovleg, men å gjera det med utgangspunkt i til dømes rasesamansetning, er lovstridig. Det merkelege begrepet stammar frå 1812, då guvernøren i Massachusetts, Elbridge Gerry, sette saman eit valkrins som i utforming kunne minna om ein salamander. Gerry-mander(ing).

Hard money/Soft money (Harde/mjuke pengar)

Omgrepa vert nytta for å skilja mellom kampanjepengar som er, eller ikkje er, underlagt FECA. Harde pengar er donasjonar frå individ og grupper, direkte til kandidatar ved føderale val. Slike donasjonar er regulerte gjennom FECA.

Mjuke pengar syner til donasjonar som ikkje er regulert av FECA, men som berre kan nyttast til partibygging, stønad til kandidatar på stat- og lokalt nivå, samt administrative utgifter i partiet. Desse donasjonane kan etter loven ikkje nyttast direkte i valkampanjen til ein presidentkandidat, eller kandidatar som ynskjer andre embete på nasjonalt nivå.

Incumbent (makthavande/sittande/regjerande)

Incumbent tyder makthavande, sittande eller regjerande. Donald Trump er dermed «the incumbent President». Historisk har den sittande presidenten ofte vunne fire nye år i Det kvite huset.

Lame duck (trasig and)
Ei lame duck er ein politikar som framleis har eit embete, men som har mista si reelle politiske makt, fordi vedkomande skal ut av dette embetet om kort tid.

 

Om ein borgarmeister har tapt eit val, vert han naturlegvis erstatta av kandidaten som vann valet. I perioden frå valnederlaget er eit faktum, til valvinnaren tek over embetet, er borgarmeisteren ei lame duck, eller ei haltande and.

Lobbyist (lobbyist)

Ein lobbyist er ein person som jobbar for å fremja spesifikke saker i den politiske sfæra. Dei kan til dømes vera tilsett av olje- og gasselskap, med mål om å påverka beslutningsprosessane kring dette feltet på ein måte som er gunstig for arbeidsgjevaren. Desse lobbyistane har ofte bakgrunn frå den føderale politikken, og gode kontaktar i det politiske systemet.

Poll/Polling (meiningsmåling)

Ein poll er ei meiningsmåling, der ei tilfeldig, representativ gruppe i befolkninga vert stilt eit eller fleire spørsmål, kor resultata kan seia noko om kva befolkninga generelt meiner. Det vert berre fleire og fleire meiningsmålingar fram mot valet, og ikkje alle er basert på balanserte og representative utval.

Ei godt utført meiningsmåling om presidentvalet, bør kunne gje ein god peikepinn på kva den amerikanske befolkninga meiner om presidentkandidatane.

Popular vote (tal stemmer)

I 2016 fekk Hillary Clinton flest stemmer, men ho enda likevel ikkje opp i det kvite hus. Dette skuldast first past the post-valsystemet, som me var inne på tidlegare. Popular vote seier noko om kor mange stemmer kandidaten har sanka på landsbasis. Clinton fekk nesten 3 millionar fleire stemmer enn Trump, men Trump fekk flest valmenn, og vann dermed valet i 2016.

Pork Barrel Politics (svinetønnepolitikk)

Pork barrel politics er eit uttrykk som vert nytta når politikarar i føderale roller løyver store pengesummar til sin lokale valkrins, i håp om at det skal føra til gjenval, for neste periode. Det kan sjåast som ein måte å kjøpa stemmer på, og må kunne seiast å vera litt «grisete».

Primary (primærval)

Primærval vert gjennomført for å velja partiet sin presidentkandidat. Desse vala og nominasjonsmøta finn stad frå januar til juni i valåret, og vert gjennomførte og finansiert av dei ulike statane. Open primaries er val der alle som er stemmeføre kan stemma, uavhengig av partimedlemsskap. Closed primaries er val der berre registrerte partimedlem får stemma.

Protest vote (proteststemme)

I USA stemmer ein i protest om ein kryssar av ved namnet til ein kandidat som ikkje tilhøyrer eit av dei to store partia. Målet med stemma er ikkje at den uavhengige kandidaten skal vinna, men å visa misnøye med dei republikanske og demokratiske kandidatane.

Spin doctor (spinndoktor)

Ein spin doctor er ikkje ein vanleg lekjar. Dei er rådgjevarar innan PR og politikk, og gjer sitt ytste for at kandidaten dei arbeider for kjem best mogleg ut av ulike situasjonar. Desse «doktorane» spinn ein situasjon eller ei hending i kandidaten sin favør, ved å gje verda eit så gunstig som mogleg bilete av kandidaten.

Super Tuesday (super-tysdag)

Super-tysdag er dagen der flest statar held sine folkemøte og primærval. Om lag ein 1/3 av delegatane til landsmøtet kan vinnast på super-tysdag. Difor kan resultata frå denne dagen vera ein god indikasjon på kven som til slutt vert partia sine presidentkandidatar. Tysdag er den tradisjonelle valdagen i USA.

Swing state (vippestat)

Ein swing state, også kalla battleground state er ein viktig stat, der den demokratiske og republikanske kandidaten er om lag like populære. Kandidatane må difor bruka mykje ressursar på å driva valkamp i desse statane, for å forsøka å vippa dei i sin favør. I valet som no står for tur, er Arizona, Georgia og Pennsylvania døme på slike statar.

Swing votes (vippestemmer)

Her ligg makta hjå dei veljarane som ikkje nødvendigvis stemmer på same parti kvar gong. Desse veljarane utgjer ein viktig del av veljarmassen, då kva veg dei svingar kan verta utslagsgjevande for valresultatet. Demokratane og republikanarane er om lag like store, så veljarane utan partitilhøyrigheit er viktige for båe partia.

Som nemnd snakkar dei om blå og raude statar. Nokre vel å kalla ein stat som kan svinga båe vegar for ein purple state, eller lilla stat.

Ticket splitting (å ha båe partia på stemmesetelen)

Å dela stemmesetelen, betyr heilt enkelt å til dømes stemma på ein demokrat i presidentvalet, men på ein republikansk kandidat når det kjem til å skulle velja senator i staten ein er tilhøyrande. Ein stemmeseddel med begge dei store partia på.

Wedge issue (stridsspørsmål)

Eit wedge issue er eit spørsmål som splittar medlemmane innad i eit parti, og som kandidaten i det andre partiet kan tena på. Dei som stemmer demokratisk er ofte meir liberale enn dei som stemmer på republikanarane. Likevel er det mange konservative demokratar, som til dømes er motstandarar av abort, altså pro-life.

Då kan den republikanske kandidaten selja inn sin ståstad, som ofte har vore pro-life, i eit forsøk på å lokka dei konservative demokratane over på den republikanske sida, med ei sak som er viktig for dei.


Har du fått med deg det du har lese? Test deg sjølv i vår store quiz om amerikansk politikk!

Frå venstre: Donald Trump i rolla som seg sjølv i Netflix-dokumentarserien «Trump: Den amerikanske drømmen», Julia Lois-Dreyfus i rolla som Selina Meyer i «Veep» og Alexandria Ocasio-Cortez i Netflix-dokumentaren «Kampen om Kongressen». Foto Netflix, HBO, Netflix