Klimagassutsleppa fall med 3 prosent frå 2018 til 2019

Nynorsk Pressekontor
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nedgangen svarer til ein reduksjon på 1,6 millionar tonn CO2-ekvivalentar, ifølgje tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

– Vi har no hatt nedgåande utsleppstal fire år på rad. Dette viser at klimapolitikken til regjeringa fungerer, seier klima- og miljøminister Sveinung Rotevatn (V) i ei melding til NTB.

Sist tala gjekk opp, var frå 2014 til 2015 då dei samla utsleppa gjekk frå 53,9 til 54,1 millionar tonn.

– I løpet av året legg regjeringa fram planen sin for korleis vi skal få klimagassutsleppa ytterlegare ned fram mot 2030, seier Rotevatn.

Les også: Transport står for 30 prosent av norske klimagassutslepp

Mindre bensin og diesel

Den største reduksjonen kjem frå vegtrafikk som har ein nedgang på 665.500 tonn CO2-ekvivalentar, tilsvarande 7 prosent. Dette kjem av mindre sal av bensin og autodiesel, og dessutan auka del biodrivstoff i drivstoffblandinga.

– Vi må finne fleire gode nullutsleppsløysingar. Her trur eg hydrogen blir viktig. Det kan kutte utsleppa frå større delar av transportsektoren som ikkje kan elektrifiserast. Samtidig viser nye rapportar at vi òg kan kutte store utslepp gjennom auka elektrifisering, innan industri og transport, seier olje- og energiminister Tina Bru i ei melding til NTB.

Prosentvis følgjer luftfart og sjøfart nærast i utsleppskutta, med høvesvis 6 og 4 prosent. Det kjem av mindre bruk av jetparafin og marine gassoljer.

Les også: Klimaturen til kronprinsen til Stillehavet utløyste over 9 tonn klimagassar

Olje og gass størst

Einaste felt med ein utsleppsauke er «oppvarming i andre næringar og hushald», som er opp 93.200 tonn. Feltet står likevel for den minste delen av dei totale utsleppa (1 million tonn).

Størst utslepp i 2019 stod olje- og gassutvinning for. Totalt var utsleppet i sektoren 14 millionar tonn, ned 2 prosent frå 14,3 millionar i 2018. Industri og bergverk følgjer nærast med 11,9 millionar tonn, ned 1 prosent frå 12 millionar.

Vegtrafikk og luftfart, sjøfart, fiske, motorreiskap følgjer med høvesvis 8,5 og 6,9 millionar tonn.


Les også: Kva er eigentleg eit cruise, og kvifor er alle så sinte?

Illustrasjon: Linn Isabel Eielsen