Nesten ein tredel av norske klimagassutslepp kjem frå transport. Vegtrafikk står for halvparten av utsleppa frå denne sektoren, ifølgje SSB.
NPK-NTB
NPK-NTB

Samanlikna med 2017 har dei totale klimagassutsleppa i Noreg auka med 0,4 prosent i 2018, ifølgje førebelse utsleppstal frå Statistisk sentralbyrå.

Ifølgje klimameldinga i 2017 har regjeringa eit arbeidsmål om at Noreg skal klare 35–40 prosent nedgang i klimagassutslepp innanfor transport innan 2030 samanlikna med 2005. Så låge utslepp har ikkje Noreg hatt etter 1990.

Utsleppa frå transport har auka med 27 prosent frå 1990 til 2018. Førebelse utsleppstal viser at transportutsleppet for 2018 er omtrent på same nivå om i 2005.

  • Visste du at berre 30 prosent av lokalpartia har eit vedtatt mål for kor mykje dei vil kutta i klimagassutsleppa frå kommunen sin? – Eit demokratisk problem

Nedgang i sal av biodrivstoff

Utviklinga i bruk av biodrivstoff i bensin og diesel har påviseleg verknad på klimagassutsleppet, ifølgje SSB. I 2018 var det ein nedgang i sal av biodrivstoff. Nedgangen er hovudårsaka til at utsleppet frå vegtrafikken auka med 3 prosent samanlikna med 2017.

Førebelse salstal for petroleum for første halvår i 2019 viser 5 prosent nedgang i sal av bensin og autodiesel samanlikna med same periode året før. Biodrivstoff utgjorde 17 prosent av drivstofforbruket. Dette kan indikere at utslepp frå vegtrafikk vil reduserast igjen dette året.

Margit Fausko var i sommaren 2018 prosjektjournalist for biogassroadtrip 2018. Etterpå starta ho på ei mastergrad i agroøkologi ved NMBU.

Kommentarar

ANNONSE