Helserelatert fråvær blir ikkje ført på vitnemålet ut skuleåret
Kunnskapsdepartementet forlengjer dei mellombelse endringane i fråværsreglane ut året. Dermed blir ikkje noko helserelatert fråvær ført på vitnemålet.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
– Det er viktig at elevane følgjer råda som er gitt om når dei skal møte på skulen. Vi forlengjer unntaket i fråværsreglane for å unngå at elevar som skal vere heime av smittevernårsaker, ikkje skal føle seg pressa til å dra på skulen, seier kunnskapsminister Guri Melby (V) i ei pressemelding.
Dette gjeld mellom anna elevar med milde, nye luftvegssymptom, sjukdomskjensle, elevar i karantene eller isolasjon, og elevar som sjølve er i ei risikogruppe eller har nær familie som er det.
Elevar som ikkje kan delta i undervisning på skulen, men som ikkje er sjuke, pliktar framleis å delta i opplæringa heimanfrå slik at læraren har grunnlag for å setje karakter.