Utdanningsdirektoratet vil behalde dagens fråværsgrense på ti prosent

Utdanningsdirektoratet vil behalde dagens fråværsgrense i vidaregåande skule. Forslaget dei sende på høyring om nye fråværsreglar blir derfor skrota.

NPK-NTB/Andrea Rygg Nøttveit
Publisert

Direktoratet foreslår også at elevar framleis kan søkje om fri utan at fråværet blir registrert, skriv NRK.

– Vi bevarer dagens system, men går inn i nokre utgreiingsspor av enkeltelement, seier direktør Morten Rosenkvist i Utdanningsdirektoratet.

I forslaget som vart sendt på høyring i fjor, foreslo direktoratet å setje opp fråværsgrensa til 15 prosent, la alt fråvær telje likt og innføre eigenmeldingsordning.

Dette forslaget møtte stor motstand, og Utdanningsdirektoratet sender torsdag desse forslaga til Kunnskapsdepartementet:

  • Dagens ordning med 10 prosent fråværsgrense blir vidareført
  • Eleven kan får fritak visse typar fråvær mot dokumentasjon
  • Elevane skal vere mest mogleg på skulen for å få god oppfølging både fagleg og sosialt

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier til NRK at ho er glad for at Utdanningsdirektoratet har utarbeidd eit nytt forslag etter stor motstand under høyringa.

Elevorganisasjonen er blant dei som har protestert mot både dagens fråværsgrense og dei varsla endringane. På Instagram kritiserer dei Utdanningsdirektoratet for å framleis ikkje løsa problemet.

– Vi forventar at Udir i neste runde greier ut korleis fråværsreglar utan automatisk stryk ved 10 prosent vil funke. Vidare er det bra at Udir ser behovet for ei eigenmeldingsordning, skriv Elevorganisasjonen, som meiner eigenmelding burde vore på plass allereie.

 

 

Se dette innlegget på Instagram

 

Et innlegg delt av Elevorganisasjonen (@elevorg)