Romeo (10) gjekk frå Italia til England for å klemme bestemora

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 26.10.2020 14:10

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Medan koronaviruset herja og det verka som heile verda var stengt, sat 10-åringen Romeo Cox heime på den italienske øya Sicilia.

Der la han ein ellevill plan:

– Medan eg var i karantene fekk eg ein idé om reise på besøk til bestemora mi, men i hemmelegheit, utan å bruke bilar eller fly, seier han i eit radiointervju med BBC.

Den britiske 10-åringen og familien hans flytta til Sicilia for to år sidan, men bestemor bur framleis i London. Det var over eit år sidan Romeo sist hadde sett ho, og 77-åringen var åleine i lockdown.

Romeo ville difor gå heile vegen frå Sicilia til London – ei reise på nesten 2800 kilometer.

Foto: Romeo’s Big Journey Home på Facebook.

Frå Palermo til London til fots

Foreldra hans sa nei kring 50 gongar, før dei omsider gav etter.

I juni la Romeo og faren Phil i veg frå Sicilia, sidan faren «kunne vere nyttig i alle vaksen-situasjonar, som å krysse grenser og greier».

Første del av reisa laut dei ty til seglbåt for å kome seg til Napoli, men sett vekk frå nokre avbrekk på sykkelsetet og eselryggen, så har størstedelen av turen føregått til fots.

Dei stod opp grytidlig og gjekk kring 20 kilometer kvar einaste dag, og når kvelden nærma seg banka dei på dører etter husrom, leitte etter hostell eller slo opp teltet sitt.

– Elles sov vi midt i ingenmannsland, under stjernene og trea, og det var nokre skikkeleg gode stunder, seier Romeo til BBC.

Eit par gongar tok dei ein dårleg snarveg og gjekk seg ville, dei la seg ein gong til å sove under eit kvefsebol, og dei har vorte jaga av aggressive hundar.

Men dei vurderte aldri på å snu:

– Di nærmare vi kom, di meir tenkte eg på å sjå bestemora mi, og kor eg gleda meg, seier 10-åringen til britiske Metro.

Foto; Romeo’s Big Journey Home på Facebook. Kollasj: Framtida.no

Samlar inn pengar til jamaldra flyktningar

På turen har Romeo også samla inn pengar til flyktningar på hans eigen alder. Romeo fortel BBC at han vart inspirert av borna som tok imot han, då han sjølv flytte til Sicilia utan å kunne eit ord italiensk.

Mor hans driv velgjerdsorganisasjonen REACT som støttar sårbare flyktningar, særleg barn og kvinner. Romeo har samla inn pengar til eit hjelpesenter i Palermo, og til å skaffe nettbrett og skikkeleg internett.

– Eg veit at nokre ungar på min alder og eldre her i Palermo har gått glipp av all undervisninga i lockdown, fordi dei ikkje kjem seg på nett for timane, og dei er allereie ekskluderte og går glipp av ting, skriv Romeo og familien på innsamlingsaksjonen.

Di fleire kilometer Romeo har gått, di fleire kroner har rulla inn. På turen har han samla inn nesten 220 000 norske kroner.

Romeo og Bakhit skuar utover havet mot England. Romeo er på veg til bestemor, men Bakhit får ikkje lov til å reise til bror sin. Foto: Romeo’s Big Journey Home på Facebook

Turens tristaste augeblikk var då Romeo og faren var på veg til eit hostell i hamnebyen Calais i Frankrike, der dei møtte sudanesiske Bakhit. Han hadde òg tenkt seg til Storbritannia, for å gjenforeinast med bror sin, men det er ikkje så enkelt å kome som flyktning til landet:

– Det er ikkje rettferdig at eg kan møte familien min, men han kan ikkje, seier Romeo til BBC.

Gjensyn med bestemor

Det er ikkje berre-berre å vandre 2800 kilometer, og Romeo fortel BBC at føtene hans merka påkjenninga:

– Dei smuldrar, som på ein 100 år gammal mann, seier han med latter i stemma.

Men etter å ha vandra i tre månadar, og vore i karantene i England i to veker, nådde omsider Romeo målet sitt.

Tidleg i oktober fekk han endeleg klemme bestemor igjen:

Etter å ha fått helst på bestemor, er no Romeo reist heim til Sicilia – med fly denne gong – og attende på skulebenken.

Den siste selfien før Mina Karlstrøm (t.v.) og Guro Krempig forlet fjellheimen. Foto: Privat