Færre unge bryr seg om koronaråd
Dei siste vekene er det flest yngre personar som har vorte koronasmitta. Samtidig er unge under 30 år minst interesserte i å følgje smittevernråda.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Åtte av ti unge under 30 år svarte ja på spørsmål om dei følgde alle råda frå styresmaktene om korona i mars.
I oktober har denne delen falle til drygt seks av ti, viser ei undersøking utført av Norstat for Aftenposten.

– Avhengig av at folk følgjer reglar
Helseminister Bent Høie (H) oppmodar folk «veldig klart» til å følgje råda frå styresmaktene.
– Vi ser frå resten av Europa at auka smitte får dei same konsekvensane som i vår. Sjukehusa blir fylte opp og dei må stengje ned delar av samfunnet. Dette har vi klart å unngå i Noreg. For at det skal fortsetje er vi avhengig av at folk følgjer råd og smittereglar, seier han.
- Les også: Alt du må vite om munnbind

Høgre-velgarar flinkast
Dei fleste som ikkje lenger seier dei følgjer «alle råd», seier no at dei følgjer «nokre råd». Delen i denne kategorien aukar frå 9 til 19 prosent.
Nesten ingen svarer at dei «sjeldan» eller «aldri» følgjer rådet frå styresmaktene, verken no eller i mars.
Høgres veljarane har høgast del av dei som seier dei følgjer alle råd. Deretter følgjer Venstres og MDGs veljarar.