Astrid Hoem vald som ny leiar i AUF – yngste leiaren på 45 år

Ingvild Eide Leirfall
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Astrid Willa Eide Hoem (25) tek over leiarvervet etter Ina Libak (30), som har vore leiar sidan 2018. Ho stilte ikkje til attval.

Hoem takka Libak for å ha vore ein god leiar med politiske sigrar, i tillegg til å bana veg for kvinnene i partiet.

– Det er ei ære å skulle få overta etter deg, og det er store sko å fylle, sa ho mellom anna i talen sin.

Hoem kjem frå Kristiansund og AUF i Møre og Romsdal. Ho vart AUF-medlem i 2009 og kom inn i sentralstyret i 2016. Dei to siste åra har ho vore nestleiar i partiet.

– Treng ei ny generasjonskontrakt

På det 57. landsmøtet for ungdomspartiet vart 25-åringen den yngste AUF-leiaren sidan Sissel Rønbeck i 1975.

I talen sin til landsmøtet fortalte Hoem om vegen vidare, forskjellane i samfunnet og klimakrisa:

– Ikkje berre må vi løyse klimakrisa og stoppe ulikskapskrisa, men i tillegg kan vi bli den første generasjonen som får færre moglegheiter enn generasjonane før oss.

Hoem nemnde mellom anna koronakrisa, arbeids- og bustadmarknaden og psykisk helsehjelp og pensjon som døme på område der unge kjem dårleg ut.

– Vi treng ei ny generasjonskontrakt. For vi unge skal ha dei same moglegheitane som generasjonane før oss.

Som nestleiar vart Gaute Børstad Skjervø vald, etter å ha sete i sentralstyret sidan 2018. Han sit også som vararepresentant for Nord-Trøndelag på Stortinget og er vald inn i kommunestyret i heimkommunen Levanger.

Sindre Lysø frå Viken vart attvald som generalsekretær.

Les også: Nestleiar i AUF: – Nærmare stemmerett for 16-åringar enn nokon gong

Astrid Willa Eide Hoem

Astrid Willa Eide Hoem er nestleiar i AUF. Foto: Bernt Sønvisen, Arbeidarpartiet