Kviterussland – folket som fekk nok, Lukasjenko sine tabbar og skvisen mellom aust og vest

I «Europas siste diktatur» har president Aleksandr Lukasjenko vore populær og samstundes undertrykt kritikarane sine. Hans posisjon som landets leiar har dermed vore uomstridd – inntil no.

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka er ein del av «Hvor hender det?»-serien til NUPI Skole, og er sett om og gjengjeven med løyve.

Kvar dag sidan det omstridde presidentvalet 9. august 2020 har kviterussarar teke til gatene med krav om at Lukasjenko må gå av etter 26 år ved makta.

Sjølv om fleire har protestert mot Lukasjenko-regimet tidlegare, er haustens demonstrasjonar mykje større, meir uthaldande og meir spreidde. Dei fleste opposisjonsleiarane er anten i fengsel eller i eksil, men protestrøsla lever vidare.

Vekevis med protestar har resultert i eit førebels «uavgjort»: Opposisjonsleiarane har organisert seg i eit «koordinasjonsråd», slik at dei har ein samla plattform for å fremje sine krav og eventuelt forhandle med presidenten. Lukasjenko kontrollerer like fullt statsapparatet, inkludert politi og militærvesen.

På ein lukka og uannonsert seremoni onsdag 23. september vart Lukasjenko innvia som president for ei ny periode, men at det vart halde hemmeleg understrekar den svake posisjonen hans.

Situasjonen vert følgd med argusauge av Russland i aust og EU-landa i vest. Kva skjer eigentleg i Kviterussland?

Ein miks av Sovjetunionen og Silicon Valley

Den tidlegare sovjetrepublikken Kviterussland, med 9,5 millionar innbyggjarar, har teke vare på viktige trekk frå det økonomiske og politiske systemet i Sovjetunionen: Staten dominerer økonomien, og det er svært vanskeleg å vere politisk opposisjonell.

Det hemmelege politiet heiter framleis KGB, som det var kjent som i Sovjetunionen, og har vide fullmakter. Sjølv om det har vorte halde val, har ingen val under Lukasjenko vore frie og rettferdige, ifølgje Organisasjonen for sikkerheit og samarbeid i Europa (OSSE).

Pressefridomen er også svært avgrensa. Statskontrollerte medium dominerer mediebiletet, og uavhengige journalistar risikerer represaliar.

Heller ikkje på innsida av systemet er det plass til utfordrarar. Lukasjenko har sørga for at alle i politisk viktige stillingar er lojale overfor han.

Kart over Kviterussland: CC BY-SA 3.0

Den kviterussiske økonomien er ein form for modernisert planøkonomi, med ein stor statseigd sektor, særleg innan industri og jordbruk. Fordi staten har ein enorm del i økonomien – kring 70 prosent av BNP – er mange avhengige av staten for å ha jobb.

Velferdsordningane er omfattande, helsetenester og utdanning er velutvikla og tilgjengeleg for alle, og det er små økonomiske forskjellar mellom folk. Kviterussarane har difor opplevd økonomisk tryggleik og stabilitet, noko som kan forklare støtta Lukasjenko lenge har hatt i store delar av befolkninga.

Alexandr Lukasjenko held tale under innsetjingsseremonien i Minsk, 23. september 2020. Foto: Maxim Guchek, BelTA/Pool Photo via AP

Samstundes har Kviterussland vorte kalla Aust-Europa sin Silicon Valley. Ved sidan av den Sovjet-aktige økonomien eksisterer eit IT-miljø i vest. I eit forsøk på økonomisk modernisering har styresmaktene gjort IT-sektoren til ein økonomisk topp-prioritet, og det er mellom anna etablert ein høgteknologi-park utanfor hovudstaden Minsk. Spede forsøk på økonomisk modernisering har likevel ikkje vore tilstrekkelege, og økonomien held på å stagnere heilt.

Med økonomisk stagnasjon som bakteppe, og eit presidentval planlagt i august, kom koronaepidemien til Kviterussland våren 2020, og Lukasjenko tok nokre val som han seinare truleg har angra på.

Lukasjenko si første tabbe: ignorerte koronapandemien

I møte med koronaepidemien valde Lukasjenko å ignorere risikoen fullstendig. Han omtalte korona som ei «massepsykose», lét hockeysesongen halde fram, og heldt ei storslått parade 9. mai for å markere 75-årsjubileet for sigeren i andre verdskrig. I mangelen på tiltak skaut talet på smittetilfelle fart.

Lukasjenko vart sjølv smitta, men ikkje alvorleg sjuk.

Bilete frå 75-årsmarkeringa for sigeren i andre verdskrig, laurdag 9. mai 2020. Foto: AP Photo/Sergei Grits

Folket heldt i staden dugnad på eiga hand, og ulike organisasjonar samla inn 300.000 dollar til medisinsk utstyr. Sivilsamfunnet organiserte seg under koronakrisa.

Dårlegare økonomi og ikkje-handtering av koronaviruset gjorde Lukasjenko stadig mindre populær.

Tidlegare i 2020 viste ei uoffisiell meiningsmåling så lite som tre prosent støtte til president Lukasjenko. Det reelle talet var truleg høgare, men indikerte uansett låg støtte, og memes med kallenamnet «Sasja 3%» florerte på sosiale medium (Sasja er kortform av presidenten sitt fornamn Aleksandr).

Med veksande misnøye vart presidentvalkampen uvanleg livleg, men president Lukasjenko hindra mange av sine motstandarar i å stille til val. Det var tre prominente utfordrarar, men Valerij Tsepkalo flykta ut av landet og Viktor Babariko og «YouTubaren» Sergej Tikhanovskij vart fengsla.

Tikhanovskij vart kjend for sine populære videoar av «ekte nyheiter» frå Kviterussland, som eit alternativ til dei statleg kontrollerte nyheitene. Her reiste han rundt i landet og snakka med alminnelege kviterussarar om deira kvardagsproblem.

Men det var ein annan person, ei kvinne, som skulle stikke seg mest fram i valet.

Lukasjenko si andre tabbe: undervurderte kvinner

Då Tikhanovskij vart fengsla i mai, to dagar etter at han annonserte sitt presidentkandidatur, tredde det fram ein skikkelse som snart skulle samle opposisjonen og store folkemengder: Bloggaren si kone, Svetlana Tikhanovskaja, stilte til val i hans stad.

Svetlana Tikhanovskaja tredde fram som leiar av opposisjonen. Ho måtte reise i eksil til Litauen etter valet. Foto: Kay Nietfeld/dpa via AP

Sveta, som ho gjerne vert kalla, er tidlegare engelsklærar og var på dette tidspunktet heimeverande tobarnsmor utan politisk erfaring eller politiske ambisjonar.

Regimet lét truleg Tikhanovskaja få stille til val fordi Lukasjenko ikkje såg ho som ein reell utfordrar. Dessutan ville valet få større legimitet ved å ha ho på stemmesetelen.

Populariteten til Sveta vaks, men det skremde ikkje Lukasjenko. I valkampen uttala han blant anna at grunnlova til Kviterussland ikkje er for kvinner, fordi den gjev presidenten så mykje makt, og kalla Tikhanovskaja for «ei lita jente som ikkje veit kva ho driv med».

Det veksande talet støttespelarar var openbert ueinige.

Tusenvis jubla for Tikhanovskaja på hennar valkamparrangement, kor ho stilte opp med sine nære valkampmedarbeidarar Maria Kolesnikova og Veronika Tspekalo.

Seinare skulle kvitkledde kviterussiske kvinner som bar på blomster, fronte protestane på gateplan, og den 73 år gamle oldemora Nina vart eit ikon for protestrørsla.

Dråpen: Openberr valjuks og valdsbruk

På valdagen 9. august var det lange køar utanfor stemmelokala – eit uvanleg syn under Lukasjenko.

Ifølgje det offisielle resultatet vann likevel Lukasjenko med like over 80 prosent av stemmene. Resultatet stod i sterk kontrast til det mange oppfatta som stor støtte til Tikhanovskaja, og raskt kom ryktene om valjuks i ulike former.

Folk samla seg i gatene. Styresmaktene skrudde av internett. Politiet rykka ut.

Tikhanovskaja nekta å godta resultatet. Dagen etter skulle ho levere ei formell klage til valkommisjonen, og måtte gå inn i mydigheitsbygningen åleine, utan støttespelarar. Ho vart der lenge.

Det neste ein høyrde frå ho var i ein video frå eksil i nabolandet Litauen. Ho fortalde ho hadde fått «eit umogeleg val», noko som vart tolka som at regimet hadde truga med å skade familien hennar.

Sjølv med samlingssymbolet Sveta i eksil, heldt protestane fram i gatene. Regimet møtte dei fredelege demonstrantane med massearrestasjonar og vald. Ifølgje FNs spesialrapportør var det i løpet av ein dryg månad med protester vorte arrestert over 10.000 og over 500 har vorte torturerte.

Den brutale måten protestane vart møtt med i dagane etter valet, førte til at fleire samfunnsgrupper slutta seg til protestane, inkludert representantar frå statlege medium og ein tidelgare kulturminister.

I tillegg vart også fleire fabrikkarbeidarar ein del av opposisjonen. Desse er rekna som ein del av Lukasjenko si lojale base og essensielle for økonomien til Kviterussland. Sergei Dylevskij, som vart ein leiarskikkelse for fabrikkstreikar, uttala at han slutta seg til protestane mot regimet då han såg korleis fredelege demonstrantar hadde vorte banka opp.

Sjølv om Kviterussland sitt politiske system har vore svært undertrykkande, har ikkje nødvendigvis vald og tortur vore så synleg for folk flest tidlegare.

I eksil held Sveta fram med å snakke til tilhengarane sine via video, og har hatt møter med blant anna Erna Solberg, Frankrike sin president Emmanuel Macron og FNs tryggingsråd.

Støttespelar Kolesnikova insisterte på å verte verande i Kviterussland og leie protestrørsla derfrå. Ho vart bortført 7. september, og etter uklåre omstende er ho no arrestert og formelt sikta for handlingar som trugar nasjonal sikkerheit, noko som kan tyde opp til fem års fengsel.

Kvinner med gamle Kviterussland-flagg og ein plakat som seier «På grunn av han må mødre gravleggje sine born» demonstrerer mot valresultata i Minsk, 5. september 2020. Foto: AP Photo

I skvis mellom aust og vest?

For «storebror» Russland representerer Lukasjenko sin vaklande posisjon både ei mogelegheit og ein trugsel.

På den eine sida er protestane og streikane i Kviterussland eit marerittscenario og ein trugsel for det russiske leiarskapet fordi situasjonen kan minne om det russiske leiarar kallar ein «fargerevolusjon», nemleg at regime vert velta av eit folkeleg opprør støtta av vestlege land. Russiske styresmakter vil for all del unngå dette i Kviterussland, som er eit land med enorm strategisk betydning for Russland.

Dei kviterussiske protestane er òg ei påminning om mogelegheita for ein «fargerevolusjon» på russisk jord.

Talspersonar for Russland har gjentekne gongar knytt det kviterussiske opprøret til mogeleg vestleg innblanding.

I møte med massedemonstrasjonane har Lukasjenko endra strategi frå å vere relativt EU-venleg til å åtvare mot «trugselen frå Vest». Han har uttalt at NATO, den vestlege forsvarsalliansen, står «ved portane», og at Vesten «drøymer om» Kviterussland sitt samanbrot, slik at Polen kan innlemma delar av Kviterussland i sitt territorium.

Då Lukasjenko talte i innsetjingsseremonien 23. september, erklærte han at Kviterussland no har unngått ein «fargerevolusjon».

Mykje tyder likevel på at opposisjonsrørsla i Kviterussland ikkje ynskjer å verte stempla som ein «fargerevolusjon» fordi dei ikkje vil at konflikta i landet skal utvikle seg til ei konflikt mellom Russland og Vesten, som i Ukraina 2014. Tikhanovskaja har understreka at den kviterussiske revolusjonen handlar om demokrati, og verken er pro- eller anti-russisk, eller pro- eller anti-vestleg.

Då Tikhanovskaja møtte Erna Solberg i Latvia 8. september, uttalte ho at «vi vil at andre land skal respektere vår suverenitet, men vi treng dykkar merksemd». Slik understreka ho at det kviterussiske opprøret kjem innanfrå, og ikkje frå Vesten.

Mange spør seg om Russland vil gå inn militært, men dette vil ha ein høg kostnad, blant anna i form av sanksjonar frå vestlege land, og Russland sine eigne innbyggjarar kan reagere negativt. Likevel meiner analytikarar at Putin held sine mogelegheiter opne.

Den ustabile situasjonen er òg ein politisk mogelegheit for Russland.

Arkivfoto av eit møte mellom den russiske presidenten Vladimir Putin og den kviterussiske presidenten Aleksandr Lukasjenko. Foto: Mikhail Klimentyev, Sputnik, Kremlin Pool Photo via AP, File

Med Lukasjenko sitt regime i krise er forhandlingsposisjonen til Kviterussland svekka i diskusjonar om tettare samarbeid mellom dei to landa. Tettare samarbeid inneber i praksis auka russisk innverknad i Kviterussland. Lukasjenko har motsett seg ei slik utvikling i fleire år, og har på mange måtar vore ein plagsam alliert for Putin.

Truleg håpar Putin-regimet at ein svekka Lukasjenko kan verte pressa hardare – og eventuelt verte bytta ut med ein russiskvenleg kandidat seinare.

«Slepp meg, eg stemte på Lukasjenko!»

Totalt sett er situasjonen uføreseieleg, med mange aktørar både i og utanfor landets grenser, og den utviklar seg dagleg. Demonstrasjonane har vore meir levedyktige enn mange trudde. Mange har fått nok av eit valdeleg politisk system som verkar å utelukkande bry seg om å behalde eiga makt.

Slik kan det verte oppsummert med ein vits som er arva frå Sovjet-tida:

Ein mann er på veg heim frå jobb. Han er edru og vekker ikkje merksemd. Plutseleg stoggar ein pansra bil, opprørspoliti hoppar ut, og byrjar å slå og dytte mannen inn i bilen. 

– Slepp meg, eg stemte på Lukasjenko!

– Ikkje lyg, ingen stemte på Lukasjenko. 


Fakta om Kviterussland