Emilie Hansen
Publisert
Oppdatert 15.05.2021 11:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Eg engasjerar meg i frigjeringsrørsla sidan eg er i mot Spania si undertrykking av katalanarar, men også på grunn av kva som skjer mot dei som kritiserer regimet.

Det seier ein katalansk demonstrant Framtida.no har snakka med.

Den 18 år gamle mannen ønskjer å vere anonym, ettersom vedkommande fryktar for eiga sikkerheit om det blir oppdaga at han har delt informasjon.

Dei siste dagane har situasjonen på ny tilspissa seg i Barcelona. 

Mandag 28. september vart presidenten av Katalonia, Joaquim Torra, ofte kalla Quim Torra, suspendert frå sitt embete av spansk høgsterett.

Dette førte til ny uro i regionen sin hovudstad Barcelona.

Eit banner med den katalanske teksten: «Sett fri politiske fangar og (menneske i) eksil», hang frå balkongen på hovudsetet til regjeringa til Catalonia, i Barcelona. Bilete er frå mai 2019. (Foto: AP Photo/Manu Fernandez)

Suspensjon frå embete

Før det spanske valet i mai i fjor nekta Torra å ta ned eit banner som viste støtte til lausrivingsrørsla i Katalonia.

På banneret stod det «Llibertat presos politics i exiliats», som betyr «Sett fri politiske fangar og (menneske i) eksil». I tillegg var der ei gul sløyfe, som er eit av symbola i sjølvstendebevegelsen.

«Lliberatat presos politics» er eit av slagorda som ein finn frå banner rundt om kring i Barcelona, og på buttons festa på jakker og vesker til fleire av innbyggjarane i byen.

Slagordet siktar til politikarane og grasrotaktivistane som sit i fengsel for sitt forsøk på å lausrive Katalonia.

Nekta å følgje ordre frå høgsterett

Torra vart dømt for ulydigheit ettersom han nekta å følgje ordre frå høgsterett om å ta ned det politisk ladde banneret.

Sjølv meiner han at dommen går i mot retten til ytringsfridom, og tek saka vidare til den europeiske domstolen, ifølgje RTVE.  

Ekspresident av Catalunia, Quim Torra, omringa av frigjeringsdemonstrantar, då han forlot regjeringsbygget måndag
28. september. (Foto:AP Photo/Emilio Morenatti)

Nye demonstrasjonar

Kort tid etter kunngjeringa vekas kunngjering om at Torra vart avsett, delte fleire ulike grupper, som er for Katalonia si lausriving, kvar ein skulle møtast for å demonstrere.

Ei av gruppene som organiserte demonstrasjonen var CDR, «Comités de Defensa de la República», som den unge mannen me intervjuar er tilknytta. 

Bilete frå demonstrasjonen måndag kveld, viser fleire tusen menneske i gatene, grisehovud som er kasta mot politiet, og brennande bossdunkar midt i gatene.

Medlemmar frå CDR hadde tatt med seg 26 grisehovud som dei skulle kaste framfor høgsteretten. Desse skulle vere eit symbol på dei 26 dommarane. 

– Dommarane er grisar, det dei gjer er ikkje rettferdig, forklarar 18-åringen. 

Måtte rømme landet under Franco

Mange trur at frigjeringsrørsla er noko nytt, forklarar 18-åringen. Men denne rørsla stammar frå Franco-tida. For han sjølv er det personleg; fleire familiemedlemmar måtte rømme landet under Franco sitt diktatur, då ein kunne bli arrestert for å snakke katalansk.

Den unge demonstranten var med i ei gruppe på omlag 1000 menneske som fortsette demonstrasjonen med å bryte seg inn i Parc de Ciutatella, som er parken som ligg rundt parlamentet. Der vart dei møtt av politi.  

– Politiet ba oss om å kome oss vekk der i frå, elles kom dei til å ty til vald. Vi fekk tre varslar som kom rett etter kvarandre. Vi rakk ikkje å kome oss bort før politiet starta å ta i bruke køllene sine på oss. 

Politiet fjernar barrikadar laga av frigjerings-demonstrantane i Barcelona, måndag 28. september. (Foto: AP Photo/Felipe Dana)

Ikkje ei valdeleg hending

Nokre av demonstrantane sette fyr på store søppelkonteinarar midt i vegen.

Intervjuobjektet forsvarar handlinga. 

– Dette var ikkje ei valdeleg handlig frå demonstrantane si side, det var ei handling i sjølvforsvar. Om ein set fyr på dei store konteinarane etter ein har plassert dei i gata, har ikkje politiet moglegheit til å kome forbi i bilane sine, og demonstrantane kan kome seg i tryggleik. Konteinarane er laga av hardplast, så når dette smeltar sit dei bom fast i vegen, forklarar demonstranten.

Han er usikker på korleis situasjonen kjem til å utvikle seg.

Men noko han er sikker på er at Spania kjem til å fortsette å undertrykke menneske som ytrar seg i mot regimet, og at regjeringa i landet kjem til å fortsette med det han kallar «skamfulle strategiske handlingar» som til dømes å suspandere Quim Torra.

– Spania gjer alt i si makt for å stoppe, og straffe, dei som er for lausriving. Staten tek i bruk rettsvesenet for å gjere dette, og har tidligare fengsla fleire katalanske politikarar. Det som no skjer med Mr. Torra er eit nytt forsøk frå Spania si side for å skape forvirring og splitting innad i separatistbevegelsen. 

– Spania er eit demokratisk land

Den spanske ambassaden i Oslo svarer at Spania er eit demokratisk land, og er anerkjent som dette også av FN.

– Noko som inneber at landet respekterer rettane til folket. Dommen mot Torra er basert på den spanske grunnlova, som alle spanske innbyggjarar følgjer, seier ambassadør Antonio Lopez Martinez til framtida.no

Han seier at trass i samanstøta mellom demonstrantar og politiet 28. september, har dei tru på at politiet fulgte lova og at begge partar oppførte seg profesjonelt.

Trass i at han ikkje ser på seg som politisk engasjert og har halde seg unna demonstrasjonane, meiner skataren Lucas Nervis (29) at Cataolia bør bli einige med Spania om å lausriva seg. Foto: Emilie Hansen