Uro i stabilitetens land: Kva skjer i Kviterussland?

Framtida
Publisert

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trass i sin sentrale posisjon mellom Ukraina, Russland, Polen og Baltikum, er det sjeldan vi høyrer nyheiter frå Kviterussland.

Med ujamne mellomrom høyrer vi kanskje om ein eller annan protest i Minsk som har vorte stoppa, eller om ein fengsla opposisjonsleiar. Men der stoppar som oftast nyheitsdekninga. Grunnen til dette er at det rolege landet stort sett har unngått større omveltningar eller nyheitsverdige problem.

Inntil nyleg.

Søndag 9. august 2020 var det presidentval i Kviterussland. Det var det sjette valet sidan landet vart til ein uavhengig stat for 29 år sidan, og det sjette valet Aljaksandr Lukasjenka – landets einaste president nokonsinne – offisielt har vunne.

Bilete frå Minsk, hovudstaden i Kviterussland, måndag 17. august 2020. Foto: AP Photo/Dmitri Lovetsky

Som ved tidlegare val tok folk også i år til gater og sentrale plassar for å protestere mot resultata, og som ved tidlegare val har politiet vorte sett inn for å stoppe dei. 

Forskjellen i år er at opposisjonen ikkje har late seg undertrykke, og slik ting utviklar seg ser vi mest truleg starten på slutten for presidenten som ofte vert omtalt som «Batka» (faderen) i Kviterussland og som «Europas siste diktator» i Vesten. 

Batka – diktatoren

For å forstå kva som no føregår i Kviterussland er det først nødvendig å sjå nærare på grunnlaget for Lukasjenka sin suksess: Rolla hans som ein streng, men rettferdig far, og kvifor presidenten har lagt så mykje prestisje i ordet «stabilitet».

Vi må attende til Sovjetunionen sitt fall i 1991.

For kviterussarar flest var kollapsen på starten av 1990-talet ei brutal oppleving. Landet gjekk frå å vere ein priviligert del av ein større, trygg og stabil union; til å verte eit lite, nærast ubetydeleg land, som – i likskap mes andre postsovjetiske nasjonar – streva med å tilpasse seg eit nytt system og ein ny måte å leve på. 

Aljaksandr Lukasjenka har vore president i Kviterussland sidan 1994, då han lova stabilitet i landet. No breier uroa seg over Kviterussland etter eit val prega av utstrekt fusk. Foto: Nikolai Petrov/BelTA, Pool Photo via AP

I presidentvalet i 1994 stemte difor over 80 prosent av veljarane på den unge og ambisiøse Aljaksandr Lukasjenka, som lova å rydde opp i økonomien, sikre lønsutbetalingar og på ny skape stabilitet i landet. Sidan den gong har Lukasjenka teke kallenamnet «Faderen», eller «Batka» på kviterussisk. 

Som eit patriarkalsk overhovud for ein familie på 9,5 millionar individ, har Lukasjenka med stø hand ordna slik at barn får gå på skule og at økonomien er i orden. Og som einkvar fader med respekt for seg sjølv, har heller ikkje Batka noko i mot å bruke vald for å halde orden i heimen – så lenge det er til det beste for familien. 

Lukasjenka har klart å oppretthalde denne stabiliteten ved å basere seg på kraftig subsidiert russisk gass og ein politistat som ikkje tillèt noko form for opposisjon. Dette har vore så vellukka at i naboland som Litauen, Russland og Ukraina, kor det har vore mindre sosial, politisk og økonomisk tryggleik, er det mange som har misunna Kviterussland for deira harde, men rettferdige Batka.

Sveta – utfordraren

I år vart det likevel nok for mange kviterussarar.

Kombinasjonen av ein svak økonomi, usemje med Russland, koronapandemien og ei usedvanleg godt organisert opposisjonsrørsle, førte til at mange ynskte å sjå Lukasjenka bytta ut.

Desse samla seg difor bak to presidentkandidatar: Den opposisjonelle videobloggaren, Siarhej Tsikhanouski, og finansmannen Viktar Babaryka, som begge erklærte at eit kvart hundreår ved makta var nok og at det var på tide med endring. 

Men då deira suksess vart kjend for styresmaktene vart begge sette i fengsel.

Svjatlana Tsikhanouskaja møter det kviterussiske folket i Brest, søndag 2. august 2020. Foto: AP Photo/Sergei Grits, FILE

Hovudutfordraren til Lukasjenka vart dermed Svjatlana Tsikhanouskaja – Sveta. Ei ung tobarnsmor og kona til den fengsla videobloggaren Siarhei. 

I motsetnad til Lukasjenka, som er ein konservativ gammal mann, er Sveta ei ung kvinne, klar for endring. Dette resonnerte bra hjå opposisjonen som samla seg bak ho og gjorde ho til eit symbol på motstanden mot presidenten.

Stabiliteten tek slutt

Valet førre søndag endra alt. Utstrekt og openlys valfusk motiverte titusenvis til å demonstrere mot resultata, og då desse vart møtte med intens vald, massearrestasjonar og tortur, auka raseriet i landet.

Lukasjenka raserte med andre ord heile sitt politiske fundament basert på stabilitet, og sjølv vart han hovudårsaka til utryggleik og kaos. 

Difor har det i løpet av hendingane dei siste dagane gått opp for dei aller fleste kviterussarar, sjølv blant mange av dei som stemte på Lukasjenka, at ei ung tobarnsmor er å føretrekke over ein hensynslaus og valdeleg fader.

Spesielt ein som vil gjere alt han kan for å kontrollere familien, om det så riv den sund.

Ei ny byrjing

Protestrørsla dei siste dagane har vist stor kreativitet: Politimenn og soldatar har demonstrativt kasta og tent på uniformane sine. Tusenvis av kvinner har marsjert langs gatene i Minsk, kledde i kvitt, medan dei ber blomster og bodskap om fred. Og ein generalstreik har sett store delar av landets økonomi ut av spel.

Bilete frå Minsk, hovudstaden i Kviterussland, måndag 17. august 2020. Foto: AP Photo/Sergei Grits

Alt tyder no på at endring er i gjære og at noko nytt vil oppstå ut av kaoset. 

Kva dette nye er og korleis overgangen vil føregå er framleis usikkert. Det einaste vi veit er at Lukasjenka si tid som landets «Batka» mest truleg går mot ein slutt. Og snart må kanskje kviterussarane igjen førebu seg på overgangen til eit nytt system og ein ny måte å leve på. 

Saka er sett om til nynorsk av Framtida.no.