Yrket mitt: Martin (24) er feiarlærling

Bente Kjøllesdal
Publisert
Oppdatert 06.04.2021 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Det er mange som ikkje heilt forstår at feiar berre er namnet på yrket vårt, fortel Martin Iversen på e-post til Framtida.no.

24-åringen frå Bergen er feiarlærling, og fortel at det å feie skorsteinar berre er ein liten del av den store jobben dei gjer.

– Vi jobbar som regel med å førebygge brann i bustadar, fritidsbustadar, burettslag osb, forklarar han.

Som feiar passar ein mellom anna på at heimar har nok røykvarslarar, at rømningsvegane er godkjende og korleis folk unngår såkalla beksot, som kan føre til pipebrann.

Feiarfamilie

For Martin Iversen ligg feiaryrket i familien. Bror hans Tommy er praksiskandidat i Oslo, og dei har begge henta insipirasjon frå mor si, Janne, som i 1989 vart tilsett som ein av dei første kvinnelege feiarlærlingane noko sinne på Bergen brannstasjon.

– Eg valde dette yrket fordi mor mi fortalde at dei søkte etter ein lærling. Eg vart då motivert til dette, då mor mi òg er feiar, fortel 24-åringen.

I eit intervju med Fagbladet forklarar Iversen-brørne at ingen av dei fortalde kven mora var, då dei var til førstegangsintervju. På andregongsintervju hadde derimot arbeidsplassen funne ut at dei hadde fått feiaryrket inn med morsmjølka.

Likevel overgjekk yrket forventningane Martin Iversen hadde før han tok til:

– Eg hadde ikkje forventa at arbeidsdagane mine skulle vere så bra som dei er, med fantastiske kollegaar og med god opplæring. Vi ser mykje nytt kvar einaste dag.

Eit lovverk i stadig endring

24-åringen er no i gang med læretida for å verte feiar.

– Eg har 3,5 år opplæring før eg kan gå opp som svein, slik at eg får ei god og rett opplæring for å verte ein dyktig feiar og brannførebyggjar, forklarar han.

Ein viktig del av jobben som feiar er å drive brannførebygging, fortel Martin Iversen. Foto: Privat

– Kort oppsummert: Korleis ser ein vanleg arbeidsdag ut?

– Kjem på jobb klokka 07:00, gjer utstyr og diverse klart for ein dreg ut. Dreg anten på feiing av skorstein eller brannførebyggande tilsyn heime i bustadar. Dreg inn på kontoret og lagar rapportar og dokumenterer inn i systemet kva som har vorte gjort. Risikovurderer kor ofte vi skal kome til kva bueining for både feiing og tilsyn.

Det som er mest utfordrande i arbeidskvardagen er å halde seg oppdatert på lovverket, fortel Iversen.

– Det endrar seg stadig og det er ofte vi må sjekke dette opp når vi kjem inn på kontoret igjen. Dette gjeld då lovverk rundt nye eldstadar og skorsteinar som dukkar opp på marknaden.

Samstundes kan det vere utfordrande med huseigarar som ikkje er heilt fornøgde med at feiaren oppdagar feil eller manglar i heimen deira. Då kan det vere vanskeleg å få ordentleg kontakt med dei, fortel Iversen.

– Kva er det beste med jobben?

– Det beste med jobben er å ha verdas beste kollegaar, og møte nye menneske kvar dag. Det er òg fantastisk å vete at ein har denne jobben for å førebygge at det brenn, og kjem med veldig god informasjon til befolkninga.

Brenn for brannførebygging

– Yrket passar for kven som helst, så lenge dei har motivasjon til å jobbe med brannførebygging.

Samstundes må ein tole å ha forskjellige arbeidsdagar, og ein må orke å jobbe i alle slags vêr, ifølgje Iversen.

Hans beste tips dersom nokon vurderer å verte feiar, er å ta kontakt med eit feiarvesen i nærleiken av der ein bur og spørje om ein kan vere med ein feiar på jobb.

– Om du så er med ein heil dag eller ei heil veke, kanskje ein heil månad. Vi gjer så mykje meir enn å berre feie skorsteinar, så om ein verkeleg vil prøve seg på denne jobben, så er det berre å ta sjansen. Det finst fleire mogelegheiter når ein vert feiarsvein òg, fortel 24-åringen.

Feiar krematoriet

– Kva er det mest utrulege som har hendt deg på jobb?

– Det skjer ikkje veldig mykje utruleg på jobb, men eg vil jo nemne at når ein feiar krematoriet så vil det kunne oppfattast spesielt og kanskje litt utruleg for nokon. Det er nok ikkje alle som synest at det er koseleg å feie slik, så då let vi dei som absolutt ikkje vil sleppe.

– Kva draumar har du for framtida?

– Draumen min er å jobbe meg høgt opp i brannvesenet. Eg likar å jobbe med å førebygge brann, og eg har som mål å halde fram med det så lenge det er mogeleg.


Les også om Yasmin (53) som er kanalvert i NRK: – Denne jobben ser veldig enkel ut frå utsida, men då eg kom på innsida så forstod eg kor utruleg mykje arbeid som ligg bak nokre tilsynelatande enkle sekundar på skjermen

Yasmin Syed er kanalvert hjå NRK1. Foto: Privat

Martin Iversen

Alder: 24 år 

Frå: Bergen

Yrke: Feiarlærling

Utdanning: Studiekompetanse